Kjeldearkiv:1889-04-24 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-04-24 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 24.4.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 56
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

24. 4. 1889.

Kjære Kristian!

Idag går endeleg den hellige skreppa av stabelen, gud fri oss, pakka ser ut som eit purkehus! Skulde ho berre koma vælskapt fram! Det er elles ingor gjild skreppe i sume måter, det fans ikkje slikt åvyrkje på buom som det eg skulde havt, og hente heim frå Vetlehamar var det ingor tid til. Eg brukar stødt å fore deim med “bolster” men det fans ikkje her av dei slagje, som gjekk an med – og sølgjer og mangt er berre nogo skrap; det fær du gjera folk merksamde på, um nogon skulde finne på, å vilja “beære mig med sin søgning”. Men eg tenkte, at det var ikkje farlegt med slike småting med dene skreppe di, for du kjem no fulla rekand til bygda att når det lid frampå, og da kan eg no stelle på ho, um det skulde vera nogo, som var skjeivbrote vorte. Det galdt å fjaske ho ihop så snøgt, som mogelegt for at du ikkje skulde koma te å bie på ho. Du gløymer no fulla ikkje å skrive åt meg til kvar tid så eg kan veta både korleis du liver og kvar du ferdast.

Men eg lyt segja pontum! Eg skal ha ein bråte i posten idag og både igjår og idag, til for eit kvarter sia, har eg sete så eintrått med skreppunn, at eg knapt har havt stunder til å spytta. Sjå åt, at du frisknar til att! Hels kjenninger!

Din

Ivar.