Kjeldearkiv:1889-05-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
1889-05-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.5.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 59
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

25. 5. 1889.

Kristian!

Da var dao fakeal te greia og rart [...] skal ikkje purkehuse vera kome no! Åjau, eg vil vonast, at du både har måta ho på ryggen og lagt reiseplan og mange slike aspekter no, sia ho kom. Ja den skreppa og dei skreppune! Fan hakke deim alle “tilhobe”! Har eg ikkje liggjande framafor meg ein rull med brun seglduk på 25 meter og ein med “bolster” enda lenger og detta skal eg gjera upp i skreppo kvar ein evige snipp! Og når verdens børn er så vælfarne, at dei har igtfeber og podagra så dei kan sleppe å leggje tre i kross men berre gå tenkje på Lodshamner, sjøluft og salt laug – da lyt eg tenkje på klister og lim og kjipslær og sauskind, søljur og ringe og tunne gronnfjøler og bakmeiser så håra står ut og inn – dei eg att-har da – og dei [...] gråe uppmæ øyrom dei sprikjer som kaltinde. Når anna folk går og ser på bjørka, som har trekt på brurkjolen kav uppå høbrona, høyrer på fugln læt og ser på korleis alt gror og veks og blømer og “florerer”, tenkjer seg burtåt vattnom å fiske og mangt slikt som den frie norske odelsbonde kan finne på, da lyt brennande dø, eg setja meg på ein runnkrakk med 3 stetter, nidkrøkje meg ihop som eit spørsmålsteikn og stinge på hol i hol så tett ihop som det er rå, leite upp att dessa [...] fine hola med ei bust på kvar leid og draga bustleiva så det pjonk i seno-om! Begjynde kl. 6 og slutte kl 10 – heile 3 vikur! Jaggu bli det glup smorning for å få ihop grave nogre skarve øyror i røerne på den store tome pungen! Han skal no vera med han Iver, da, og hjelpe til det han kan, det bli fulla i bakmeisdepartemange han kjem til å regjere – han er no berre som byråsjev da, ser du, eg lyt no altid setja handa mi under alle ægte “administrative forføininger” sjøl måta. Men heile detta skreppstyre skulde vore inne i bystugun ein av fyrste dagom i juli for at såmange, som moglegt av turistom kunde vorte “beskreppa” frå mi hånd. Um eg bli mann for å gjera nogor å sende åt Seljord førre hausten er mindre von – um dei skulde velja ha nogor da – [...] dyrt bli det au, å sende i posten.

Når skrepphikstoria er slutt bers det åt sætrom, vist eg rakna utatt såmykje, at eg sløng dit, da. Og så var det som ei slags meining, at eg skulde stikka ihop alle dei stubbane som ligg og dregst um Hansliguten o. fl. da, når eg kom på sætra. Kor det bli og inkje er ikkje godt å veta – eg er vorte var, no, mot å segja nogo for full visse førr etterbak.

Men det er besynderleg, du, at eg alder skal ha nogo å skrive um som anna folk; skolten er tom, det er han stødt, men det hendar ikkje såmykje nytt hell, som ein kunde ha inn i auga sitt! Det einaste eg veit er, at no er det bitterdø, grepa å vera hedninger, for kvinneforeininga i Heiddalen selde for 240 kronor på basaren sin den 16de! Den, som berre kunde vore antel Hottentot eller Zulukaffer!

Den 17de var det berre stilt i den ganske bygd. Her i Otdalen hadde vi eit skarve kaffelag såvidt eg fekk meg ein masurka, men det riksa i kvar ein skjøyt på meg, som ein skulde stått og brengt og benda med ei gamal grind. Nogor tale eller annor høgtiding hadde vi ikkje, det einaste var, at Otdølen hadde eit svært radikalt stykkje um den fr. revolut. og stygge sneidord åt svenskom for åtferda deres ved pariserutstellinga – jaggu truga han på skjølsmesse, tesmeir! – Det ustyggjelege lange breve du tigg etter har eg ingor råd med å sende deg korkje idag eller dei fyrste dagarne – men eg skal halde deg a jour med skreppetrafikken utover. Skreppe, skreppe skreppe.

Mor, Iver og Pål Nygård helsar!

Din

Ivar.