Kjeldearkiv:1890-04-17 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1890-04-17 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.4.1890
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 68
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

17/4. 90.

Xan!

Os elskelige pædagog og sagaumsetjar! Os har tenkt lengje å sendt deg eit grovt langt å vælskrive brev, men “Otdølen”, bokbinderie, næverindustrien og “komynale” ombud legg så rasandes med byrder på vore “svage skuldre” at ein vakker dag sig os ihop. Og såleis fær det vera med di, til ein god dag kjem.

Eg har idag skrive åt ’om Pål morbror din og bede han å fastsetja ein dag når vi skulde ta oss ein tur burti Hovda åt døkk. Han varslar truleg, så døkk slagtar den feite kalv til os kjem og så møter os ved Brurusta med giger og trompeter og geleyder oss med liflig musik til gards, sigende, at sålunde gjør man med folkets dommere og dem, som er forlenet med store tillidshver[v] her i verden.

På Guds veie[1] kjem her.

Jau, Vislien har gjort bra arbei,[2] ser det ut til! Ein lærer Vinje å kjenne som han var der, trur eg. Skriv ein kritik um boka åt Otd. [...]

Fred med deg!

Ivar.

Fotnoter

  1. Roman (1889) av Bjørnstjerne Bjørnson.
  2. Biografien A. O. Vinje (1890) av Vetle Vislie.