Kjeldearkiv:1890-10-11 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
1890-10-11 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 11.10.1890
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 70
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 11. 10. 1890.

Kjære Kristian!

Jamen er det no lengje sia eg fekk saa langt brev fraa deg som dette siste – godt og væl sia full! Nei, etter du kom att fraa utlandom er det raadlaust aa faa eit etandes brev fraa deg – eg veit ikkje kva som skulde pine utur deg saamykje i ein-gong som eit halvt ark. Og det som er verst – eg saknar […] saa illt desse brevom dine, mangeingong – dei kunde setja meg i godt møle heile veka dessa lange 2 arks breve dine fraa Danmark og Seljord. Rart som eitkvart illt skulde vi ikkje ha att saapass “olje paa lampen”[1] enno baae tvo, at vi kunde halde uppe ei skapleg brevskriving – hjelp ikkje eg veit nok, at “tiderne er saare pinagtige” og at det, særleg med meg, gaar styggende “skjott” nedover bakkjen. Men naar verda er “vrang” saa rettar ein aldrig paa ho ved aa gjeva tapt, hengje hugu ne-i bringa og ta for god fisk alt det stygge svine finner paa aa bjo fram. Nei da er det betre aa seja som lomværen sa, han hadde slejest med bror sin og gjekk og gret: “let oss berre halde oss bøssne!” Paa den gjerda kan det gaa for seg aa lure aat seg rett skaplege timer midt i vonløysa, tungsamdheita og matstræve.

Eg fær ingen verdsens ting fram – no sia eg kom heim att fraa Bøneslien har eg brukt alle stunder eg har havt til aa bunde bøker – eg skulde endeleg vore kvitt det forbanna fillerie til i slutten av denne maanaen saa kunde eg faatt brukt november til aa braaka hampen min – eit arbei, som paa kvardagsmaal vil seja saamykje, som at eg vilde skrive “ned” paa kladd desse avritsa eg har gaat “kjedeger” med saalengje. (Skjønar du ikkje, at eg held paa aa bli “effektmaker” etter eg lærde Hamsun aa kjenne?) Men saa er det saa forbanna mykje anna eg skal brukas til – berre dette, at eg er formann i dette velsigna skyttarlage, det gjev meg saamykje hefte og bry, at ingen trur det. Kvar sundag øyelægg det au for meg – deim eg skulde bruke aat “Otdølen” naar det gjynge etter “bestikket”. Ja, no har eg liggjande ferugskrive ein Otdøl og mesta den andre men neiggu har eg ikkje sett meg raad med aa faatt trykt han enno – saa skal du veta tingaranne tek til aa faa inni hugu sitt, at eg vil snyte deim for desse 70 øyrune. Uff – jaggu er det gode greier og vakkre tider vi liver i, det er det. For tvo postganger attende skreiv eg aat Seippel og spurde for tiande gongen um “I gamle daagaa” nogongong vilde sjaa dagsens ljos – eg tek til aa tykja, at det lyt vera ein maate paa med sumleri au. – “Samtiden”[2] ser ut til aa vera grepa saker alt ihop, “Naturen”[3] slær vist ikkje av og “Musæum”[4] er greit er enda forrmeir – vi fær ta denne aargangen av desse tri for det fyrste og du fær vera forretningsførar. Her bli vi 5 lekker i ringen: O. Saastad, Iver, eg, Paal Nygaard og Ola Hanslien. Dei nermare vedtak um korleis vi skal skipa “ringen” fær vi altid avgjera seinar og mynt lyt vi freiste skaffe deg flust av.

Tyrsdags morgon skal eg og Iver burtpaa sætra og blir der til onsdagskvellen um ikkje være bli tvitulle – skulde nok freiste fisken, var meininga, antil med reiv eller not. Skulde det hende, at du vøre i legervall for aa faa timerne ihelslegje dei dagane, saa kom nordpaa sætra aat oss skal vi brenne feitved, steikje fisk og røykje tobak og freiste finne att dei gulltavlor æserne tapte burt i “tidernes morgen”.

Bokbindarkniven kjem imorgon fyrst – ved eit hende fekk ikkje eg bokpakka og breve ditt før etter postbude var uppover att strokje torsdag. – Skal du bli skulmester ivinter?

Heil og sæl!

Ivar.

Fotnoter

  1. Allusjon til likninga om dei kloke jomfruene i Matt. 25, 1–13.
  2. Tidsskrift med undertittelen Populært Tidsskrift for Literatur og Samfundsspørgsmaal, grunnlagt i 1890 av Jørgen Brunchorst og Gerhard Gran.
  3. Tidsskrift med undertittelen Et illustreret Maanedsskrift for populær Naturvidenskab, grunnlagt i 1877 av Hans Reusch.
  4. Truleg det danske Museum. Tidsskrift for Historie og Geografi, grunnlagt i 1890 av Carl Alfred Bruun, Andreas Peter Hovgaard og Peder Frederik Rist.