Kjeldearkiv:1890-11-09 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1890-11-09 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.11.1890
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 71
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

9. 11. 90

Kjære Kristian!

Etter som eg gat paa, at vi skulde gjera det, eindagen, saa skulde eg no set paa aa skrive eit mergjeleg langt brev, men, antel du trur meg eller ikkje, saa har eg ikkje førr no, denne vetle stunda tes posten kjem noratil, havt tid til det. Og paa 1 ½ time er det ikkje nogon veg koma for meg – tankane sig berre som raatjøre inn i skolten.

Onsdag og torsdag til det vart myrkt heldt skulestyre og lærarne paa aa slost um skuleplana. Huguslage stod um forklaringa og presten og Linner kjempa av innaste evle ut fraa dette livssyne at kristendom skal “lærast” – borna skal stappe han inni seg – bli han liggjande der dau, som gjenne kan vera, saa kan det likevæl vera snøgt gjort, at guds aand kjem og bles liv i alle dei turre beinskrangla. Paa den andre sia gjorde vi, som var i fleirtal, gjeldande, at skal kristendomsundervisninga ha nogo verd, lyt ho vera etla paa aa verke paa dei unges vilje- og kjensleliv og da er det ikkje tale um pugg, um kristendomsundervisning som “fag” – da blir det spørsmaal um aa tileigne seg kristendom. Som eit utslag av desse tvau grundsyn saag eg og lærarne paa kampen, men presten[1], Linner og nogre faa til saag paa ’n som kamp millom kristendom og “moderne hedenskab” som no eg, H. Raastad og O. Blessum særleg “repræsenterte”. Vi vart au av Linner i eit varmt, langt, stygt og eggjande foredrag sikta for aa ha uredelege hensigter bakfor forslaga vore. No veit du, at eg er alt anna enn kristen, og etter retten, saa skulde eg ikkje vera med, aa avgjera slike ting; men eg veit meg fri for, at eg ikkje vil kristendommen til-livs og det, eg har streva etter her, er aa faa kristendomsundervisninga slik, at ho ikkje skal bli bornom ei pine gjenom pugg og rams – eg er overtyda um, at eg ikkje har havt anna og meir for auga, enn at dei varmaste og beste kristne hadde vilja gjeve meg medhald. Møte var uhuglegt, det inntrykke fekk fleire enn eg, og eg gjekk fraa der med ei forsterka kjensle av, at dei kristne og fritenkjarane lyt freiste aa bli forlikte um aa sjaa paa ein’an’ som menneskjor, og at enno er det umugelegt for ein fritenkjar aa umgaa folk her i bygdom. Meir um dette seinar. Enden paa striden vart, at det ved religionsunderv. skal brukas ei “forklaring” som ikkje skal lærast utta-aat, “dog bør bibelstederne læres udenad”, det siste etter forslag av Joh. Nygaard. Spørsmaale um Pontoppidan er altsaa enno like uavgjort – men kjem det berre ei barnlegare lærebok um eit aars tid er henna dagar reikna, for saaleis, som skulestyre no er ihopset, vil fleirtale bli kvitt den stygge boka.

Imorgon er det møte att i herredsstyre og tysdag og onsdag skal eg nori prestgarden og vera med aa ta 3 avskrivter av skuleplana. Eg vaasa meg snaut burt med “offentlege hverv” saa eg gaar her som eit sundt sildhugu og fær ingenting gjort. Og fær eg ikkje fatt i rumpa paa guldkalven, saa ryk eg snart som ei vinnblaasen hit som ein set seg paa. Ottast berre, at rumpa paa den karen er styggt haal.

Skulde helse fraa Iver at han vil vera med paa jagt og fiskeri, men denne veka har han arbei hjaa Paal Nygaard som tapetserar og snikker. Du fær antel skrive aat ’om eller koma nordover naar det skal berast aat.

Lockyer laut eg selja P. Nygaard ifjor, men Iver kan faa laane ho med seg naar døk dreg tilfjelds – fysisk geografi har eg ikkje. Og med desse fær du freiste berge deg til tiderne kan stelle seg nogo saa eg kan bli mestsom “normal” att.

Helsing fraa

Ivar.

Fotnoter