Kjeldearkiv:1891-12-06 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2018 kl. 15:27 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1891-12-06 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.12.1891
Stad: Hamar
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 75
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Sagatun sundag 6-12-91

Kjære Ivar!

Ja, er det ikkje grovt, som det kan flaske seg, naar det berre gaar paa rette leie. Eg sto meg paa, eg tok til neatil, kusser eg; for no er eg alt kome uppaa andre Hylla - kanskje den tridje. D. v.s. eg er vorte inkje mindre held Storkansler og Skatmester; det er eg som opholder og føder heile sulamitten, og eg kjenner meg allereio vonoms drugar i sæte, for dersom no eg ein vakker dag fann paa aa fordunste so svalt, gud hjelpe meg heile Upplandska levandes ihæl.

Men da alle her i gare er førsedd med mindst tvo “portefeuiller” so har eg au forutta skatmesterembæte lote tekje paa meg Høn-agtingje. Altsaa: Fehirdr og hønagtar – held paa fin-fint: Finansminister og hønsedreng i “Opl Avis”. Det er ikkje smaating det. Eg trur, vi trygt kan segja fjorde hylla med ein ruff, eg du. Det gjekk til som følger: Torsdan i førrvikun vart det endeleg fastsli for ålvor, det dei ha gaat tøva um so lengje: Aa reise aat Xania med Arvesen og gigten og heile stase. Laurdan strauk han, vi laut bera han utu sengen som eit anna baan. Heile huse vart uppløyst; baae tenestgjentune vart senda heim kvar åt seg: åt Kongsber og Drammen, “Tulla” aat Eidsvoll – gud glæde sjæle henna – og dei tvau gamle åt Dr. Strøms Klinik, Pilestrædet. Og so var det at Kassa vart “betroet i mine Hænder”. Fekk paalegg um aa hamle inn fortast, eg orka, men gnika paa prisen naar eg skulde betale ut.

Ja det vart stor “sceneforandring” i ein ruff paa Sagatun, det er visst og sannt det, og eg gret ikkje eg, skje eg tru. Eg fekk det reint paa Lurvutlimaner, ser du; berre at eg skulde ha ein kanarifugl og ─ og hyggja meg til. Kanarifuglen var det no noko hugna i au, for paa prikken kl 7 um Morgon slo han i og song, so eg alder tarv trekkja upp vekkjarklokka mi. Men so ein vakker dag kom fru Geelmuyden og tok han fraa meg, beistet. Eg bau henne den gule hanen ista’n, men nei takk! – Desse hønun er no hellest nogo [...] fro, får eg kan alder hugsa paa aa knaa deig aat dei til kvar dag. – Men dei maa vel med guds og min hjelp anten svelta held frosa ihæl, best det er, voner eg.

Og so stulla eg og stelle og har de som ein liten zar paa hybelen min, – med sofa og gyngestol og dyno og puto og bøk og blomster so det berre lave – men ingen kanarifugl lenger – og eg sit her liksom blomen i egget.

– Alle bøker som kjem aat Upplandske skal innum meg til “anmelling”, ser du, (eg meiner vi segjer femte hylla eg) og eg tør sverge paa, det finst ikkje so samvetsfull anmeldar i Norges land og rige. Heile titelbladet paa kvar evige bok skriv eg av so noggrant, at det mindste komma blir ikkje att. For her i Uplandska bryr vi os ikkje um innmaten, naar berre titelen er god. – Naa ja, det er no hellest ein lett maate aa faa bøk og lesna paa.

– Ha du lese digte has Imbert Haugje?[1] Det var ikkje innpaa kar det; ille at han ikkje skreiv meir paa Sels-maale. (No fær du ta deg ei pipe tobak mea eg fær lagt i omn).

Kapitel 2.

Eg ha vore stygt utum meg etter ei held annor slags ekstrafortenest no, men det er væl beka – for løne mi her gaar upp i tobaksrøyk all saman –. I haust skreiv eg åt “Juhani Aho” i Finland og ba um lov til aa umsetja sidste boki hans “Ensam” hellan “Spånor”. Og han let fælt væl; fraa hans sie var det “inga hinder”, og billig var han au, men han laut lya seg for hjaa fru Bolette Pavels Larsen fyrst, som “öfversat mina tidigare arbeten”; vilde ikkje ho, so var det berre eg smurde paa. Men eg skjønte, det bar [...], naar det skulde Kvindfolk med i spelle. “Mja”, segjer so fru Larsen og dreg stygt paa det; ho trur knapt, ho kan oversetja “Ensam” no, men – hellest skulde eg faa grei beskje med di fyrste. – Og so fekk eg grei beskje. Da eg skreiv førre breve aat deg, si fru Larsen, ha eg allereio overset halvparten av “Ensam”, men eg hadde endaa ikkje faat forleggjar, og so tenkte eg, at bli det ikkje an’ utveg, so fær du ta ihop med det. Men no ha eg faat forleggjar baade åt “Ensam” og “Spånor”, og so beheld eg baae tvæ. Hellest er det avtale millom meg og fru Hulda Garborg aa dele Juhani Aho millom os. Det ikkje eg vinn paa, skal ho ta. – – – – Aa reis aat Honolulu [...]! Og so var den visa ute; det vart ikkje bruk for hektografen.

– No ha eg skrivi aat ein an’ skriftställare um sama spekendasen, men nat’li’vis er det ei fru dit held fru dat attivegje der au. Og naar den visa er ute au, so lyt eg skriva åt deg og bea um ein stub paa Vaage-maal, som eg kan faa umsetja paa – ja um det berre er paa Hedals-maal, for nogo umsetjing lyt eg ha, kor [...] det snur. – –

Smette meg er det ikkje nogo um det, naar eg tenkjer meg um. Skriv færug han Stor-Ola og han Vetl-Kristen paa hellige flek og send meg, skal eg fordanske dei paa halvt og tene krono som himlens stjerner aat os baae tvo, for eg er no slikt eit literært snyltedyr, kor som er. Du har vel mesta færug han Stor-Ola? – Ja so kom med honom da so greier du fra[a] deg han VetlKristen i julom.

Kap 3.

Tysdan var han Paal innum hjaa meg paa heimtur fra[a] byn. Han fortalde at paven heime[2] var hussa utu herredsstyre og at’n Estin Hovda ha faat sessen has. Eit glas pons paa det dere der! –

Ja naar du no kjem aat Gjøvik, so fær du snærte deg so langt som hit au, so skal vi slaa av ein slaberas. For no vonar eg aa vera kvitt Arvesynd kav til sumars – for det meste da – anten han blir slik held slik. Blir han god att, so skal han paa tinge, men han vinn no ikkje meir enn aa koma paa tvo føt att til tinge samlast.

– Kva ti er fyrste lagmandsmøte paa Gjøvik?

Skriv da; – langt som so. Men Iver? har han skrivekrampe?

Helsing aat deg og alle i Huset fra[a]

Kristian

Maandag d 7de. bak persa.

Annamme meg ha det ikkje glutte over ei sie! – Natur- og Samtid-samlage lyt eg segja meg utu fra[a] nytaar, for eg har dei her baug tvaug, ser du. Men hellest kjem eg ikkje eingong sovidt, at eg skjer dei upp. Og naar eg fær fat i han Stor-Ola, blir det no so grei regnskap da. – Ja kom hastan med om.

Fotnoter

  1. Samlinga Digte (1891), utgjeven posthumt av sonen Knut Hougen.
  2. Jørgen Nilsen.