Kjeldearkiv:1892-11-21 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 29. jan. 2018 kl. 16:52 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-11-21 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.11.1892
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 85
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 21 november 1892.

Kristian!

Aa jaggu vrir eg meg som ein aal naar eg legg siste breve ditt framafor meg og ser at det staar 29 august paa det! ja, den siste lappen, som kom med forlyding um eg hadde skifta klotor til bustad, reiknar eg no ikkje for brev – det var no elles toskote spurt og, det, for du kan tenkje deg, at hadde ein av skulestyreformennerne i Kristians amt fløtt uppaa Marts hadde “Verdens Gang” meldt det saa snart som han hadde faatt hengt ræva nedpaa den nye planeten . .

Nei det kanhende eg er jordbuar enno, det har eg kjennt til ihaust meir enn eingong, saa dersom det hadde vore framkjømlegt aat Marts for ein billig pris, saa jaggu har eg vore strokjen for longe sia – slikt har jordlive gestalta seg.

Eg har sett paa verda og framtia gjennom sotrøykt glas i aarvis og tykt, at det var [...] daamlause let dei hadde, men saa [...] øgjen let som ho har havt etter Larsuk ihaust kan no korkje sjøormen eller [...] ha og eg har halde paa og gaatt trøtt gong paa gong. For, ser du, ingenting flaskar seg for meg, kva eg byd til med og med “økonomien” gaar det i tenjende renn den vegen høna sparkar. Ein bær til aa bli gamal og har ikkje aa vente paa anna, enn at makta minkar og sinne veks og slikt er tunne saker aa leva paa. Poster nok er det aa faa men berre slike, som gje bry, hugsott og tap men ikkje eit øre i pungen. Jau, det er sannt, ihaust var det paa hengjande haar eg ikkje fekk baade smør og brød: kjerringa var alt burtaat skaape og lyfta paa ei halv kaku, som tiggjaren sa. Det hekk saaleis ihop: Statsminister Sten – aa sit [...] roleg da, gut! – bad repræsentanterne fraa dei ymse amt um aa gjera innstilling paa skattekommissære, da dei hadde gjort fraa seg lova um den direkte skat. Fraa Kristians amt innstilte dei Ødegaard, lensmand Munte, Forset[1], L. Breiset og meg. Blekastad var saa sikker um at eg skulde bli skattekommisær at han vilde ikkje høyre nogon motlegg; eg var no ikkje godtil aa tru nogo paa det for eg tenkte som saa, at regjeringa lyt no gaa den sedvanlege vegen og la amtmannen[2] gjera innstilling og der blir bitterdød ikkje eg med. Og det vart eg ikkje heller og det kom sletikkje meg uventande; men at Hans Raastad skulde bli skattekommissær, det venta eg no ikkje, eg trudde det hadde vorte antil Nilsen eller O. Lunde. Men nogo rart var det likevæl med den skattekommissærutnemninga her i amte – regjeringa skal ha gaat uttum innstillinga aat amtmannen –; eg har høyrt nemnt ein grunn, men eg tør ikkje gjeta det aat nogor menneskje, ikkje just fordi, at det set regjeringa i daarlegt ljos, men fordi det i det heile høyrest svært urimelegt ut. No, lenger var ikkje den visa; men enda eg ingengong gjorde meg nogor von um aa bli skattekommissær fekk eg ei [...] hetori med modløyse, vonløyse og svarte tanker da eg fekk sjaa utnævninga. Det gjorde saamykje, at eg tok til aa sjaa over mi stilling og mine framtidsutsikter. Eg brukte alle fire slags reikning og freista aa skulde finne ut eit fasit eg kunde veta var matematisk rett, men nogo anna enn nul og niks stod det ikkje til aa faa ut sjøl um eg freista aa bruke “sandsynlighedsregning”. Du kan tru eg gjorde uppatt gong paa gong, eg vilde no ikkje gje meg med saa kleint utfall, maa’ta; men neiggu um eg kom høgre enda eg adderte attaat alle dei halmstraa eg innbillte meg at eg skulde sløngje frami gjennom tida framover. Enden vart no at eg fann ut, at den einaste bergingsplankjen var Amerika og kunde eg berre saa sannt faa selt mit heile habengut saaleis, at eg kunde gjera dei fleste rett og skjel og faa med meg ein gjeld paa um lag 1000 kronor aat Amerika, saa kunde eg no iallefall til aa begjynde med ha den hugnaden, at eg hadde ei sikker sparebøsse aa leggje fortenesta i – um eg kom frami nogor. Men aa tenkje paa aa selja no nettup nyttar inkje, det held nok paa aa kjem reint eit dommedags uvær over gardsbruk og gardbrukare her i Nord-dalen att no, og saa vart truleg ho mor reint fraa seg dersom eg strauk, faktum: alle vegjer er stengde, du er dømt til aa gaa tilgrunne i sorperoa med ein pen bak øyra og ei ubetalt reikning paa tobak og fyrstikkor millom fingrom. Ja, det gjerer likemykje antel ein spottar og hæder lagnaen eller ein skrik og jamrar ende over seg. Men eg har slite gruelegt illt dette siste halvaare av desse myrke tanker – dei mergestel meg baade fysisk og moralsk, tærer og tærer saa ein kjenner kor “jeget” minkar dag for dag. Paa slik vis er det ikkje greit aa vera folk korkje i det eine eller andre og eg tenkjer du kan forklare deg det “fænomenet” at eg ikkje gje deg svar paa breve ditt før 2-maanasdagen etter.

Eg knuvla, klundra, brøkja og sleit burti Bøneslien isomar til eg endeleg fekk upp eit nytt hus og fekk golva, glasa og lagt flattak i Skuten. Stordelen er berre halvferugt, men kan eg paa nogon sæt eller vis faa lægje ut 100 kronor til vaars, skal eg no faa det istand saa eg kan ta imot 6 eller 7 somargjester. Um eg kan faa dei da; isomar vart eg no ikkje tidsnok ferug saa heile den fortenesta gjekk i bikkja. Alt eg hadde paa sæterstelle isomar var tap og “ærgrelser”; eg hadde leigt upp eit 70 [...] laake gjeit, sveltfora som dei var allestader ifjorvinter; saa fekk dei den sure kalde vaatsomaren over det kløjne kjøte sit og med di mjølka dei meg gladeleg ei krone i tap kvar [...] brann. Den spekendasen skal eg da ikkje gaa paa meir. Gjeitbudeie kan saaleis ikkje ho Anna Næs bli og truleg vilde ho hellerikkje for 60 usle kronor, og, um det gjekk høgt, 75, gjera den lange reisa fraa Seljord og hit for aa vera hotelvertinde fra[a] 1ste juli til 1ste september. Dertil er det no saa forbanna usikkert enda med somargjester i Bøneslien – saalengje ikkje bana er istand bli reisa fordyr fra[a] Vetlhamar; elles trur eg nok, at eg kan faa gjester det, huse rymmer, naar eg er um meg og gjerer godt kjøp. Og det fær eg ikkje kvi meg for no for det fyrste, skal eg tenkje paa aa faa Bøneslia kjennd. Det var da [...] til paafund av ’n Anne Næs, kav aa vilja aat Bøneslia! Skal vita det er meg ho snikjer etter. Fortæl hennar, at eg er snau i skolten som under fotablaom og at dei busterne som heng att uppmed øyrom er stikkelhaarotte som ei kobbskinnskreppe – skallen er rukkot som ein skrivarbrøleiv og posarne heng i faldor under augom. Sint, sur og sær med underlege gammelmannsgrillor og fakter, i skuld og reiknskap uppover øyro, ikkje værd fire skilling korkje i ein eller annan maate. Men vil ho enda “paa den tro være døbt”[3], saa maa det vera eit peik “ovenfra”, som det ikkje gaar an aa setja seg imot. Ein fær no vente, at det “kvindelige vægelsind” kjem baade meg og deg tilhjelp her; ikkje fordi, naar eg har havt raad til aa betalt og havt sikkerheit for aa havt nokk byfolk tilsomars skulde eg meir enn gjenne tekje imot henna, for her lyt ein leite med ljos og lykt etter ei gjente, som det er saapas gjerd paa at dei kan bera fram eit maaltid mat aat ei bymenneskje. Men eg kan nettup tru ho Anne vilde like seg her og reisa er saa lang og dyr, at heile fortenesta vilde gaa med i reisepenger.

Det var pokker til gjilde brev eg fekk fraa deg sidst – ikkje den fordømte lappen, skjønar du – ! der uppi Bittdalen skulde eg nok havt hug til aa vore med um ikkje for anna saa for aa vore med aa ete upp den daue kua. Og Tor Vaa er no fulla mykje af eit menneskje enno, dersom det er menneskje han er gift med[4]. Og Galtland, korleis gaar det med honom og gamla hans[5], greier det seg med gudstrua for deim?

Det er mangt rart du røder um fraa Seljord; gaar det reint skjit med alle skularne aat Ullmann, eller korleis er det? Det er von til, at han gaar saaleis upp i politikk at det andre bli berre fjask; det var ein som fortalde meg her eindagen, at Ullmann søgte paa posten etter overlærar Koth i Skien og var det sannt er det von til, at han fær det embete og saa er det med det sama slutt med skulen i Seljord, er greit. Kvar skal det bli av Botnen og Sundbø da? Men Sundbø, du, han nemner du ikkje i breve dit; han driv det fulla som førr er von. Berre gjer væl aa fortel alt mogelegt fraa Selljord, naar du skriv – til jul vilde eg gjenne faa eit brev saa langt som fraa Veggjemsaaa til Rinda, for eg ottast for at det bli ei lang og kjei helg denne gongen. Fortæl um Gravefolke, liver gamle tjukke lensmannsenkja[6] med kritpipa si, Anna, Imbjør Solbjør? Bjørn Midtbøen og kjerringa[7] og døtterne hans [8]. – du fær helse dei fraa meg og likesaa han Jørgen. Og gamle Leiv Sandsdalen, er han millom dei levande enno? Kven er den ledende aand imillom Seljords bøndom no Telnes’n er burte? er det broren Sigurd Sundbø? Saa dei freistar ljuge namn og rygte fraa Sveinson; skal sjaa det gaar paa sama maaten det som med rubelskrønom: ingen veit nogo naar det lid saa langt dei skal gjera greie for seg for retten. Kven kan det vera, som er upphavsmannen til den sladderhistoria? truleg ein eller annan oftedøl som har eit hønn i sia paa Sveinson. Anna Sveinson? ugift? væn møi, maa’ta. Bjørnaraa og Botnen – ja gje ikkje dei ut Sæbyggjen? Korleis flaskar det seg – det maa du endeleg fortelja meg; du lyt fulla til med ein og an stubben aat den avisa, kan eg tenkje meg. Det maa no fulla vera for aa spara utgjevaran for bry, at du har skifta rettskriving og driv med store bokstaver att.

Det drivst nogo hardle hardt med bokbinding her no, skulde du sjaa; eg har dreng med meg og ruskar ihop all den bokbinding eg har tekje imot og lete liggje desse 2 siste aari – no vil eg gjera reint bord til vaars og leggje handverke ned. Eg slær upp plakater hist og her no etter jul og fortæl godt folk, at vil dei ha innbunde bøkerne sine fær dei innfinne seg for etter 14 april er det sopt. Saa tenkjer eg eg skal faa metta mi med bokbinding utover.

Du spør etter gammelkarom mine, du. Jau no tenkjer eg det skal bli antel egg eller unger, for igjaar la eg “Hansliguten” inn i eit langt brev aat Filseth aa bau fram baade Hansliguten, han VetlKristen, han Gammelhans og heile smeisen til kjellarmat aat “Framgang” paa dei vilkaar, at han skulde trykkje 350 eksemplar aat meg i 8vo bokform og paa kristelegt papir. Eg tenkte da aa hefte boka ihop sjøl – avertere vidt og breidt og prakke ho innpaa venner og kjenninger til salgs for godt kjennskap skuld; det kan godt treffe du fær sendt deg eit merralass um det bli handul af med meg og Filseth og dei elles er her tilhuse. Litlerê hadde “Hansliguten” til gjennomsyn ivaar og han bau seg til aa gjeva ut heile kula naar eg hadde det ferugt til i august, men betalinga skulde vi snakkast ved um naar upplage var selt. Aa ja, ein trøng vera var med ukjende forfattare som skriv austlannsmaal, det er ikkje Garborg og Tvedt aa leike med det, skal tru; eg kunde fulla gjenne sleje til, ikkje for det. Men tek Filseth meg paa handuln, saa er det no rart [...] skal eg ikkje idetmindste slite betaling for arbeie med aa heftene bøkerne inn. Det er som den vonde sjøl, at eg ikkje kan bli ferug med musikbilagom og titelbilæte av “Hanslig.”. Men saa er det no ikkje saa mykje um aa gjerande heller; det er greidt det vil til eit nyt upplag fyrste aare og da skal du veta Litlerê er ty og bli og kjem by meg 40 kronor arke og da bli det nok baade musik og titelbilæte – Framgang kan no ikkje trykkje noter heller, det.

Framleies er eg formann i skulestyre og heile tia legs det til nogo arbei og hugsot ved det umbode. Um 3 viker skal vi ha val paa formann for 1893 og da vil eg bea um aa sleppe – kva dei vil gjera ved det; lærarne er rædde aa misse meg og skulestyre har heller ingen hug paa aa velja nogon annen – i “Framg.” var det ein X ihaust som au ba meg gjera væl aa staa som formann til den nye skuleordning var gjennomført og fastna nogo meir. Ja, det er baade saart og det kleiar, eg har interesse for arbeide med skulen og har faat det kjært – hadde eg berre saasannt havt raad til aa ofra meg for det skulde eg ikkje sagt fraa meg formannshverve saalengje folk hadde funne, at eg var brukbar. Men eg har ikkje raad til aa ofre sa[a]mykje av den tid, som høyrer matstræve til.

Dette breve skulde du elles faatt for 14 dagar sia, men saa fekk eg høyre av lensmannen, at du skulde faa gjera deg ein lysttur aat Gjøvik som vitne i mordsaka. Det vart fulla ei grepa reise det med baade skyds og diæt og saa fekk du da sjaa “folkedomarne i straffesaker” og riksadvokaten og dessa glupe sakførarne paa Gjøvik. Skal fulla tru du er baade godt og væl framkomen at du no, naar dette breve kjem seglande inn aat Sveinson – eller kanhende han er kje postaabner lenger.

Lite og inkje til snjog her enno og godt vær har vi havt like til no; igjaar og idag har det vore saapas mange kaldegrader, at elva tek til aa ise, vi skal fulla ha is til jul etter gamal takst.

Gjer deg no ikkje saa sinnt, at du ikkje svarar trast, hemnen høyrer herren til, den, ser du. Helse Hansen, Botnen, Anne Næs og sia alle kjenninger fraa Selljord, du treffer.

Helsing fraa alle paa Kleiven!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Uviss, helst landhandlar Ole Forseth i Vestre Gausdal. Innstillinga frå amtmannen har ingen Forset eller Forseth mellom kandidatane.
  2. Jan Greve Skjoldborg.
  3. Uttrykk frå dåpsritualet, slik det var både før og etter liturgirevisjonane i 1880-åra.
  4. Marie Roholt.
  5. Ingebjørg Øverland. Ho var fem år eldre enn mannen.
  6. Hilleborg Grave.
  7. Gunhild Midtbøen.
  8. Guro og Margit Midtbøen.