Kjeldearkiv:1893-02-06 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-02-06 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.2.1893
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 88
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Seljord 6te Februar 93.

Kjære Ivar!

Du kan sjaa, det er Gut, som kan halda Ord. Men eg tør ikkje vaaga paa med Folioark i Dag. Det lyt vera Maate paa alt.

Jauvist kom eg til Gjøvik, og det lite Grand Hovudstup. Tidleg i Haust fekk eg Brev fra[a] Sagf. Øyen; han vilde ha Greie paa mykje og mangt um han Hans og fraa den Tid gjekk eg nok og ottast. No viste eg, at Tinge skulde setjast paa Gjøvik Laurdan den 12te og da eg ikkje ha faat nogor Bod saa seint som Onsdagskveld den 9de, so kjende eg meg trygg. Men meina du ikkje at han tjukke Knutsen kom og gjorde Støy oc Opstandelse Kl 5 um Morgon den 10de. Eg vakna sovidt eg høyrde Anne inne paa Romet sit ropte utigjenom Glase: Men kva all Verdsens gale har han gjort da? Og so var det Lensmanden, som sto utta Døre med baae Hend fulle av Papir og sporde etter Prestefar. Og ned laut eg i Undbrokje og ta imot Stemninga. Det saag hyggjelegt ut, for Laurdan Kl 4. maatte eg vera paa Gjøvik [...]. Eg meinte paa, at da tok han vist Lensmanden fysst, som stemde meg so seint. Men so vart me tilsidst samde um, at det var Sveinson som ha Skuldi, for han ha havt Breve liggjande i 5 Dager paa Posthuse. (Dette vart Upphave til eit fælt lite morosamt Brevskifte millom Sv. og Lensm. ei Tid baketter). Jaha, eg fjaska paa meg Klærne, reiv i meg ei Kakeskjive og avgare bar det, alt det Blakken aat Bakaren[1] kunde tenja. Eg telegraferte fraa Skien til Statsadvok. at eg var paa Vegen, og kjila paa mest baade Nat og Dag, og den som steig iland paa Gjøviksbryggja paa Minutte 4. Laurdan, det var eg det.

Hellest ha det ikkje hasta just; for eg gjekk i Gjøvik i 16 Dagar til Ende før eg fekk sagt dei stakkars faae Ordi, eg ha aa segja. Dei trassa ikkje meg mykje med aa stemna meg til Vitne; eg vilde urimeleg gjenne vera med, enda det var no ei hustre Greie da. Men sjølve Sakje veit no du likso god Greie paa som eg, og dertil er ho no so gamal, at det er ikkje meir aa røra um.

Filseth var eg mykje ilag med paa Reisa. Sidste Venda han var paa Gjøvik, ha han faatt han Stor-Ola fraa deg. Han vilde ta deg paa Tilboe, sa han, og no ha eg stirt grovt etter Hanslia i Framg, men enno ha eg ikkje set han. Det er da vel ikkje gaatt i Baklaas? Held skal han liggja aa verkast i 7 Aar liksom Sogorne dine i det norske Saml, før han trottar aa skue Dagens Lys? Ja ret Samlage, du. Dei gjorde vist sløgast i aa leggja inn Aarin med sama. Og so ber det vist atti au for desse Norskmaals-Autoritetom vaare inne i Hovudstaden.

Den 7de.

Eg kjem ikkje langt for Dagen – held rettare for Natti. Men naar ein har berre svartaste Natti aa raa over, so lyt ein nøygja seg med Hakkemat.

Det var ikkje mykje av Solglytt i sidste Breve dine (og same Dag fekk eg eit fraa Aasmundstad’n, som held ikkje slo mykje av) men skulde eg burti det Kapitlet, so gjorde eg vist Kaal paa døk baae tvo. Amerika? – Ja skal me baae tvo paa Sæt og Vis kara os over Blaamyra og freista brøyta os fram paa hi Sia?

Det vørte kanskje værst med Bønneslin og Murudalen, men flaska det seg hellest, so lagdest det altid noko til til Bønnesli au. – Eg gaar her og heng her og slit og kavar til eg synes det lugtar Lik baade av meg sjøl og andre. Eg sleng fraa det eine til det andre – Skulmester, Bladmand, Kramkar – viljelaus og paa Slump som eit Lauvsblad i Vinden. Ikkje Plan, ikkje Tankje i det heile for eit halvt Øyra. Men altsaman berre “inntil videre”. Og no blir eg so etandes kjei av dette “inntil videre”. Sume tier tenkjer eg som so: Kva all Verdsens gromt skal det vera aa gaa her og tjona og tjaaka berre for aa halda Liv i eit Liv, som eg radt bytte burt for ei Spikjesild? For naar ein ikkje kan føa seg med eit slikt Arbei, at ein kan leggja um berre ein liten Bite av Sjæli si inn i det, so liver ein ikkje, kor som er. Um det kanskje var likast aa gaa Stad leggja seg ned aa kvila eit Par Tusen Aar og koma att, naar dei fær hoggje av den gordiske Knuten i det sociale Spursmaal?

[...] Det var just dette Kapitlet, eg ikkje vilde høyra noko um.

Ullmann sporde meg, no daa han strauk paa Tinge, um eg vilde ta nokre Fag paa Høgskulen utover Vinteren – han ha da fyst be’e meg laus hjaa Hansen – men eg var kaut og sa nei, formedelst desse andre Jønni, eg har i Varma, ser du – men som eg brenne upp alle tilhobe. Her i Vinter fekk eg Lov til aa umsetja paa norsk (dansk) “Ung Ofegs Visor” den sidste vesle Boki til Ola Hansson. Han senda ho meg fraa Berlin til Jolekvelds, med sama ho kom unda Persa. Det er ei Samling Prosadikt, finfine og [...] kvasse. Men trur du eg fær stella med slikt her? Tankjen var slik, ser du: Dersom eg fekk fiska somange Avisfillor, at eg var viss paa, det vart Chicagoreise av, so vilde eg no slutta her straks, leiga meg ein Hybel burti Bygdi og stulla for sjavemeg her i Siljord tvo-tri Maanar, mea eg fekk greidt fraa meg “Ung Ofeg” og slikt og so sluka i meg all den Literatur som var nødvendug for at eg kunde gjera ei anstændig Amerikaferd.

Men det blir vist ikkje anna enn ei liti bleik Kveldsky av alt ihop – baade Ung Ofeg og Chicagoreisa. For denne Vika ha eg faat berre ei ny Sjæl, siger og skriver ei einaste.

Kva eg so skal finna paa til Vaars, det maa Gud Fader vita; eg veit det ikkje. Eg veit berre, at eg skal segja vælfar til Disken og Kontrabøkerne.

– Ja so var det vist eit og anna Bygdanyt eg skulde fortelja, men det lyt vera til neste Gong – so rekk det lidt til ei Sending til. Det skal ikkje vara forlengje. Men da kjem eg paa pære dansk. Helder det enn skriva so halt eit Dølamaal. Det kjem seg vel av det, at eg sjøl ikkje har noko Maal lenger.

Men alle fysst maa eg no høyra fraa deg da. Spar ikkje Folioarke.

Hels Iver mangdubbelt. Og so alle paa Kleiven. – Og deg sjøl.

Din

Kristian

Fotnoter

  1. Hans Hansen frå Kongsberg. Folketeljinga 1891 fortel at han omframt bakeriet hadde "Bierhverv: Varekjørsel, Skyds".