Kjeldearkiv:1893-02-09 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 30. jan. 2018 kl. 09:11 av Gudmund Harildstad (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-02-09 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.2.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 89
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 9. 2. 1893.

Kjære Kristian!

Takk for det gjilde breve som eg gjekk og venta paa i vikevis! No lyt eg sende eit tvou-el- tri linor attende, eg har ikkje tider til aa skrive langt no, maa’ta for no staar det han-dyre-dø stridt med bokbindinga. I kvar ei ro i hyllor og kassor ligg det i haugetal med innhefta bøker saa du ser ikkje anna enn bøker og papirfillor i den gamle hybelen min, fuldt under sengjom tesmeir. Og alt dette skulde eg ha rive fraa meg til det lid uti midten af Marts um eg kan vera kar til aa vinnast. Men det bli ikkje meir enn 4 arbeidsdagar aa faa for meg i veka, dei tvo postdagarne gaar burt med “embetsforretnings-correspondance”. Um kveldane blir eg saa trøtt, at eg orkar ikkje sitja utover natta og paa den visen gaar det ikkje fegjandes med bokbindararbeie.

Jamen var det ei grepa plan du har tenkt ut for aa koma over Blaamyra og eg skal ynskje “af ganske hjerte” at ho maatte lykkas. Men at du vørte saa snøgg der i verda, at du kom her att julkvellen, det kan eg no ikkje godtum tru, eg tenkjer helst du vart verande der nogre aar, naar du fyrst kom der. Ingen [...] forunder, at det ikkje var eit ord aa faa fraa deg i langsameleg tid, naar du gaar og tenkjer ut slike diplomatiske kroker som du vil lure baade dei daarlege tider, Hedølerne og Vorherre med.

Ifjor da eg saag lysinga um stipendier aat Chikagoutstillinga[1] spikelerte eg hardt paa aa søkt um eit. Men saa tenkte eg meg det, at naar eg ikkje eingong forstod engelsk, var det ’kje brye verdt; eg skulde nok faat anbefalingor baade fraa herredsstyre og fleire enkeltmenn, men eg kjennde meg likevæl for lett naar eg tenkte paa det rasande kapplaupe, det trulegt vilde bli etter desse stipendier. No angrar eg paa, at eg ikkje gjorde ein freistna, dei har no ikkje vore forrgode til aa høyrt det, som rupskjyttaren[2] sa, han skaut imist.

Nei korleis ein skal gebærde seg for aa slite seg gjenom verda paa ein skikkeleg maate, det ber til aa bli meg eit tistotte spørsmaal og ei gaate, som ikkje eg kan løyse. Det er meg saa brokott sumetider, at det ikkje er langtfraa eg ynskjer, at det kunde bli krig med svensken tilsomars saa ein kunde faa skura af seg daukjøte og faa gjera eit langt byks inn i ei ny verd med ein gong.

Du har no den føremonen føre meg, du, at naar du legg ei plan, saa arbeider du som ein hest for aa setja ho i verk; naar eg legg planer, som eg jamnan gjerer, saa er det uppi lause være det heng altsamen og arbeie for aa setja dei igjenom er mesta fakter med hendom, “ansigtets gebærder”[3] og ynskjer saa fromme, som Enok nogongang hadde dei i det gamle testamente. Og saa er utfalle greit aa vita førreaat. No har eg i siste dagom au gaatt mestsom kjêdeger med ei framtidsplan att, og som vist endar som alle dei andre. Det har laga seg eit telefonlotlag her i bygda som til somars byggjer telefon fraa Breidevangen aat Loms grensor – Hedølane skal vist au tenkje paa gje seg med. Saa vil dei ha ein centralstasjon ved Lalmsbrua og, da eg har von um aa faa husrum uppover i skulehuse, har eg etla meg til aa bjo meg fram som telefonist. Eg er alt saa langt komen, at eg har skrive um det aat forretningsføraren. Plana var da aa draga ihop mange “bække smaa” deruppaa gangværelsom i skulehuse: telefongage, skogvaktar do, bokbinding, klypping af haar, skjegg og negel, reparasjoner af sæterklukkor, massingkamme, kaler etc. etc. Ihop vilde dette sjølsagt bli ei stor aa som dundra verre enn Rinda i vaarflomen. Kjem du farande utover Brekka nogongong her i verda meir, skal du høyre ein underleg søg der ved bruenden.

Skal helse fraa Paal, eg var ilag med honom igjaarkvell hjaa nypresten vor paa Stade[4] – eg slost ved presten det meste af kvelden um den nye skulelova, konsulatsaka og uttariksministerspørsmaale og gav ein annan “klingende mynt” mest saa drug som “Morgenblade” og “Vælas gang”. Vi gjer det saa nær vi raakast, men likevæl bli det ikkje fiendskap. Presten er vinstre af natur men upptuktelsen er af det onde. Saaleis driv vi og skriv, vi, heruppe, som er nogo tes, du har fulla lese um han Anton Storvik som skreiv dei 5 Mosebøker paa eit brevkort og senda “Aftenposten”. Og med desse fær det saa dragas. Heil og sæl!

Ivar.

Du held fulla ord og skriv att straks.

Fotnoter

  1. I møte 3. mars 1892 løyvde Stortinget kr. 50.000 til "Stipendier for Teknikere, Haandværkere og andre Nærings- og Industridrivende til Ophold ved Udstillingen".
  2. Ola Kveen.
  3. Frå svaret på spørsmål 193: "Hvormange Slags Mord er der til?" i katekismeforklaringa Sandhed til Gudfrygtighed (1737 og seinare) av Erik Pontoppidan.
  4. Kapellan Torjus K. Staksnæs, tilsett i 1892. Han avløyste Gudbrand O. Heggenhougen.