Kjeldearkiv:1893-05-21 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-05-21 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.5.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 91
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 21 Mai 1893.

Kjære Kristian!

Aa gud korlange desse to helgedagane har vore! I gjaar etla eg meg til, aa skrive mindst 3 lange brev som avdrag paa gamal skuld, men naar det skulde berast til kjennde eg meg saa huglaus og full av innvortes armod, at eg orka ikkje. Sama guten har eg kjennt meg idag, men med det sama eg vart forlikt med meg sjøl um, aa la all den gamle brevgjelden staa, der rann det forr meg aa sjaa etter ner det var eg sist fekk brev fraa deg. Jau, det var den 7 Februar – saaleis over eit fjorungsaar.

Siste brevi dine hadde saamykje nytt aa fortelja um store og vidtrekkjande planer, at eg meir enn ein gong sia har stunda etter aa faa høyre, korleis det kjem til aa endelyktas. Men eg har tenkt meg, at du har havt saamykje aa bendast med for di skuld, at du har havt litor ro og enda mindre møle til aa skrive, og difor har eg ikkje vilja plaaga deg med fretting um dit og fretting um dat. No lid det saa langt, at det maa skapa seg antel til egg eller ungar saa du veit, antel det bærst over Blaamyri med deg eller ikkje, og saa stundar eg saa paa aa faa veta utfalle, at eg er ’kje kar for aa halde kjeft lenger.

Eg kan no fyrst, før eg gaar vidar, helse fraa Hedalen; den 16 og 17 var eg deruppi og hadde aarsprøvor hjaa Nilsen og i Ner-Hedalen og istadenfor aa gje meg med han prestefar[1] og Nilsen aat Steinfinsbø um kvelden den 16, gjekk eg upp i Prestgarden og fekk meg hus – Paal var no ellest nede i skulhuse um dagen ei tid som medlem av skuletilsyne[2]. Vi prata da, imillom mangt anna, mykje um han Kristian og eg fekk da forutta vidare høyre, at dei no kjende Amerikaplani di der i huse, men at dei enda ikkje var visse um, at du kom avstad. Eg tyktes no elles aa skjøne, at Paal trudde helst, at det vart reise av. No fær du da gjera væl aa skrive aat meg um dette paa heilage flekk – um “Ung Ofeg” – skulen og live paa Utgarden og sia alt anna fraa Siljord (Anna Næs ikkje aa gløyme!) som du kan ha tid til aa ta med.

Ja reis no du ivaar, saa fær du sjaa etter for meg og, naar du kjem der, um du ser nogo mushol, eg kunde faa stinge det snaue, graae og trøtte hugu mit inni. Saa skriv du aat meg um det, kanhende eg da la meg til aa lesa engelsk tilvintra for aa koma etter til vaaren att. Her bli ikkje utstaaeleg aa vera, som eg no har det, og tenkje paa aa faa nogor gjerd paa mine saker, har eg slept reint trui paa. Hadde eg berre strokje min veg 10 aar førr!

Kva eg skal gjera isomar? Ja, den, som berre visste det. Det er von til, at eg kjem til aa liggje i Bøneslii naar det lid uti Juli – trur aldrig det bli nogo med somargjester aa gjera for eg har ’kje eingong lydt etter eit menneskje til hjelp, avertera eller nogonting. Paal Nygaard skal no ha eit 20 gjeitskrøter paa sætri isomar som mor skal stelle av attaat det andre stelle ho sjøl har, og saa fær eg fulla liggje der og kjøyre vatten og kjøyre ved, hafelle, snikre og slikt smaatt. Og skulde det ikkje gaa meg reint forrille, kunde det hende eg skreiv ferogt mit “literære testamente”: Hansliguten, Vetlkristen, Gamel-Hans og ein heil haug smaastubbar à la “skrøner og indfald” etter Paal Berg. Selt det fær eg sjølsagt ikkje, men eg skulde gje Litlerê det, vilde ikkje han ha det tok fulla “Framgang” det for inkje. “Framgang”?

Neiggu han tordes ikkje koste paa saamykje, som aa trykkje avritsi mine paa eit betre papirslag enn det “Framg.” brukar til dagleg, saalengje han ikkje raadde blade sjøl, da. No fekk eg høyre i eit brev fraa Blekastad, at Filseth har kjøpt blade og at vi saaleis for evigt er kvitt Gausdølom, “millompartiet” og heile skiten. Men saa er det greit, at Filseth fær saa fulle henderne med aa berge bikkja, at han ikkje tør vaage ein slik handul, som den eg baud ivaar.

Aasmundstaden skreiv aat meg fyrst i maanaden, eit kvikt, langt, forvitnelegt brev som det gjekk ei meir gladvære stemning igjenom. Han hadde gjort ei byferd paa ski ivaar, havt med Njaala og lese upp aat Ross som hadde gjeve eit og anna “bifaldende grynt” og ei og annor rettleiding. Ein kveld hadde han ilag med Sivle og Halv. Johanson vore uppe hjaa Ross paa fenaknok og drammer; dei let seg den namnspurde gode kognaken til Ross smaka seg, kom i godlag og Sivle losna med skrønor saa det berre rann or hono og dei laut akte seg væl for ikkje aa mige ut seg. Ross hadde tala mykje um dei unge diktarane vore og det var høyrandes til, at det var Hans Aanrud han hadde best tru paa av dette unge lage. Han kom med det slagorde, at all dikting og kunst, som har nogo verd, lyt vera “uppbyggjeleg”, og det var det saa lite av i mangt desse unge foor med, tykte han. Det var nok ei uppbyggjeleg stunn dei hadde hjaa Ross den kvelden og visst er det, at eg har ikkje set Aasmundstaden saa frisk i pennen paa langsamleg tid. Njaala er reinskrivi og da han skreiv no sist bad han um aa faa sende meg ho heftvis til “gjennomsyn”, og um aa faa meg til aa gjera “randbemærkninger”.

Nogo nyt fraa heruppi dalen veit eg ikkje aa fortelja deg som kan vera verdt aa øyde ein einaste blekdrope paa. Vi fekk tidleg og god vaar og no held det paa aa bli vakkert sjøl i Otdalen. Eg har ikkje kome meg av uppi Bøneslii enno og faatt meg kokfisk – Omund[3] hadde ikkje vore ved Merringsdalsvatne enda heller føre Pints, men vatni er no opne og ligg der aa ventar paa oss.

Dei siste fjortendagar har eg fari bygdi rundt paa aarsprøvor ved skulerne og, hjelp ikkje det er kleint baade med lærebøker enno og med skulesøkninga, lyt eg likevæl sanne, at skulen dreg seg fram føt um anna.

Ja skriv no endeleg og det lite kvasst! Hels kvar ein kjenning i Seljord som du trur tek imot ei helsing fraa meg.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Jens G. Holmboe.
  2. ”Lov om Folkeskolen paa Landet” kom i 1889. Alle medlemmene av skulestyret kunne no veljast til formann (§ 47). Soknepresten var framleis medlem, men hadde mista den lovgjevne leiarrolla han hadde før. Den nye lova påla skulestyret å utarbeide skuleplanar med undervisningsplan og timefordelingstabell (§ 50). Faste tilsynsutval i kvar krins (§ 53) og krinsmøte med vid deltakarrett (§ 54) gav òg lokalsamfunnet større innverknad på skulestellet.
  3. Amund (Omon) Prestgard, onkelen som Kristian var mykje saman med på fjellfiske i guteåra.