Kjeldearkiv:1893-05-21 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-05-21 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.5.1893
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 90
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Seljord 1ste Pinsedagen [21. Mai 1893]

Kjære Ivar!

Eg meinte eg skulde ha til gode eit Brev av deg no etter den Storkaupa eg gjorde i Vinter ein Gong; men det ser ikkje so ut. Og so lyt eg vel til att sjølu da. Men det blir berre tri Ord.

Meinar du ikkje likvel det spøkjer grovt med aa bli Ålvor av Amerikaferdi mi. Og det var no ikkje formykje; eg ha bendast hart nok med det au. No er eg komet so vidt, at det er berre eit som vantar. Og det er – Pengar. Altso reiser eg ut i Juni ein Gong. Eg ha sagt upp Plassen min her hjaa Hansen og kjem til aa flytja ein av Dagarne straks etter Pinse. Eg ha leigt meg ein Hybel paa Bjørge – det Gangværelset der du og eg var uppaa og fek ein Snabeldrager av Sundbø, den store Kvelden du veit – ein stor ljos Hybel.

Der vil eg so buskape for sjavemeg ein tvo-tri Vikur og bu meg til Færdi. Eg har liggjande eit heilt Merralas med uopskoren Amerikaliteratur, eg skal ha ransaka. Og so lyt eg ni-pugge paa Engelsken. Enda er det greidt, eg er dum som ei Høne, naar eg stig i Land i N. Jork. Eg har da tenkt aa bu i Chicago solengje Utstillingji er open. So veit eg ikkje meir. Men eg vilde gjenne sjaa so mykje som moglegt av Amerika, og eg vilde gjenne læra Engelsk fljotande og eg vilde gjenne skrapa ihop eit Fanga held tvo med Dollars før eg kjem att. Men korleis alt dette skal lade sig gefalde er meir enn eg veit no.

– Med Burttingingi av Amerikabrev gjekk det kleint. Eg kneip 9 Sjæler. Storarmodsdomen er no her heima. Framg. og Samh. – der var alt. So har eg tvo Svenskar, resten Danskar. Men dersom ingen av desse slær seg atti fordi eg er forseint ute, so kan eg da altid halde meg Tobakspengar med denne Skrivinga. Og skulde eg finna paa rigtig ein Godbite, so fær eg i Guds Namn bjo meg fram til V. G. held Politikken. – So kanskje slit eg litt til Kaffi au. Men meir um dette sia.

Med “Ung Ofeg.” kjem eg vist ingen Veg. Hittil ha eg ikkje havt Tid, og heretter fær eg ikkje Tid. Dertil vart det vist raadlaust aa faa Forleggjar au veit eg, so det var berre og spilla Blek til ingen Nytte. –

Siljord ligg der det laag i 85. Margit Midtbøen er gift. Ho stod Brur no ein Dagen. Overlag fin og drivende kvit fraa Top til Taa var ho, vesle Pusi. Det var ein Gut frå Allmannkaasi som fiska ho. –

Anne Grave ha liggje ved Nordstrand i Vinter. Me gjekk her og venta aa spørje Døarorde henna til kvar Dag, men bedst det er, staar det paa Prent i V. G. at ho er forlova med Lensmann Svendsøe. Stakkars Lensmann! Men Anne Koltvedt, Anne Sveinson, Anne Nes og Birgit Grave gaar her like kaute og glor paa Mannfolki. Høie Nordgarden gifte seg med Tenestgjenta si[1]. Aasmund Grave er altso gaat Fallit. No er han paa Veg til Amerika. Men fyrst skal han liggja ein Maana paa Kelly-Instituttet i Xania. Birgit er med som Kasserar. Sondbø har i 2–3 Aar styrt ein Gard aat Lensm. Kleppen uttafor Ulefos. Han vart ubrukeleg paa Skulen. I hans Stad er altso no Bjørnaraa. Det er noko til Kar det. Han er no Sjælen på Skulen, og den som held alt ihop, og han er den einaste som kan tale, som den der haver Myndighed. Enda Botnen skal no lest so vera Hugutreet.

2dre Pinsedagskvelden!

Det blir ikkje Spøk aa koma utor Bygdi denne Gongen. Eg er no liksom vorte so husvant og so heime her, og dertil gror ein so [...] fast i Seljord. Det kan vera fint heime, men neiggu um det kjem upp mot Seljord ein slik Kveld som i Kveld. Vatne svart som Tjøru, hellest grønt i grønt og so ein Himmel av graa Ull høgt over Skorve og Lifjell. Eg høyrer Nils, han sit ute paa Skutevolden og spilar Marseillasen paa Bælgjespelet sit. Ja den Skutevolden! Skal ikkje den ein Gong bli min skal eg vera ein Krok. Men, nei du har ikkje Begribelse um kor fint det er i Seljord Somerstier. No kjem eg just frå Sjøen. Me var ute paa Expedesjon 8 Sjæler, over Vatne til Lauvnæs og fraadsa udi Reinssteik, Egg, Chocolade – og so Leik og Song.

Arctander reiste heim i Haust til Hardanger. I hans Stad er Alvestad, ein allgemeiner Seminarist – hellest nokso bra Kar.

Meire Bygdanyt veit eg ikkje i Kveld. 17de Mai Fest ha me, so det knaka. Fanetog gjenom heile Bygdi 50 reine Flag. Skaut med Dynamit frå kvar ein Knaus og uppi Bringsaas bat me fast eine Kanona til Fjellguten til ei Furu og dundra laust.

Bjørnaraa Fes[t]talar. Gymnastik, Raketter, Leik, Dans. – Punktum.

Knut Hamsun det store Stridsspursmaal her i Bygdi. Men eg er åleina til aa forsvara han. Eg forsvarar han, fordi eg ha høyrt, han skal vera Vaagevær, men mest fordi alle andre rakkar han ned. Nei no blir det berre Telegramstil. Meir sia. Skriv snart.

Hels alle

Xian.

  1. Ragnhild Ådalen.