Kjeldearkiv:1894-01-06 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1894-01-06 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.1.1894
Stad: Barron, Wisconsin
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 102
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Chetek, Barron, Wisc.

Trettendag Jul 94.

Kjære Ivar!

Kor [...] blir det av deg? Er døk komne overeins um å halda Kjæft allesaman derheime? Tenkte eg skulde høyrt frå deg, naar du var kome attende åt V.hamar frå Gjøviksferdi di, um ikkje før. Var du inne og spraaka med Filseth’n?

Ka [...] det er, som ha sett seg fast i Hausen paa den Fyren, er meir enn eg forstaar. Sia eg strauk frå Siljord, ha eg enno ikkje fått fyste Bokstaven frå han. Og han skulde enda vera liksom ein Slags Kasserar au.

Um han har faatt inn nogor Krone, har eg altso ikkje Meining um og likso lite veit eg, um det er andre norske Blad held Framg. som har haft Brevi mine. Eg veit stutt sagt ingen Verdsens Ting, kor det baskar. Eg ha tigt Fils. mest kvar Viku etter eit Par Ord um berre paa eit Brevkort – men nei. Og no har eg gjet tapt. Har ogsaa for lengje sia gjet tapt med å gjera Amerikabrev. Har altso ikkje Raad til det for Portoen Skuld – og so Papiret og Bleket. Skal berre sende umkring eit Rundskriv åt alle Avisom mine og segja Tak for Umaken.

Det er gaat bakvendt frå fyst til sidst. Svenskane var likso tette som Filseth. Jau her ein Dag, da fek eg Brev frå “Blekinge Läns Tidning”. Det spør kor i al Verdsens Rikje det blir av Amerikakorresp. deres. Dei har faat 2 Brev, og so vart det stilt. – Men det sidste eg senda åt Svenskom var Nº 17. Eg fann ut, at eg ha gjort ei ynkjeleg Fadæse med Adressa – men at det skulde bli reint burte likevæl! Altso: Det gaar Fanivoll med heile Geskjæften. Eg var forlite Businessmand, sjer’u.

Kan nok hende, eg freistar enno ein Gong, dersom eg fær selt Brevi åt eit held anna Korresp. Bureau i Kb.havn og eit dº i Stokholm. Eg ha ialfald skrivi og boe meg fram. Men å bjo fram Brevi åt norske Bla[d] det skjønar eg nyttar ikkje.

Eg saag her i sidste norske Post, at Framg. var selt, og at Bladet frå Nytaar skal bli Hermafrodit. Det var ei god Bjønntenest av Vonheimerom. Men Filseth? Kor blir det so av han da? Han var da vist hellest just Mannen til å styre eit Vinstreblad åt Dølom. Døk fær altso gjera døkkort bedste, so ikkje Framg. blir forgamalt paa V.hamar.

Har no tura ein heil Maana her djupt inne i Wisconsinskogom alle nørst i U. S. 60 norske Mil fraa Chicago. Du kan tru det smagte aa koma ut af Røyken og Lorten og Trongrymmet og hit til Skog og Hyttor og rein og ubesmittet Luft. Eg klæer meg ut i Timmerhoggarhabitus og ruslar umkring i Skogom her heile Dagen til endes med Børse paa Akslen og meinar eg er Jæger ([...] eg ha da tjona Live av ein Hjærp og nokre Harar) Men Gud fri og bevare deg for eit Vildnis. Mest regelmessugt kvar Dag tullar eg meg burt og kjem fram att hjaa ein held an Farmar langt [...] burte. Og det er eg like gla um, for eg skulde ta meg Tak og sjaa væl, kordan norske Bygdefolk tek seg ut her i Amerika. Her er nemleg ein stor norsk Koloni.

Altso den fyste Jol so langt uttafor Folkeskik og Civilisasjon og uttafor norsk Joleliteratur og alt saman. Og det er det verste. Har ikkje eingong Raad til aa ha norske Blad andre held Framg. Ingen Ljod fraa Verden naar hit upp.

– Dersom det hendar seg, eg fær ei an Ordning med Brevom mine, so lyt eg altso freiste klore ihop inkun Episteln um det eg ha set og høyrt heruppi.

Da eg reiste, tenkte eg so vist aa lagt Vegen um Rockford og glytta innum hjaa ’om Ola Austrheim og ’om Hans Bror dine, men trur du det vart lell. Hans var uppe hjaa meg ein Times Tid i Chicago, men eg var so ille lonsa, at det vart ingenting prata.

Um ein Maanas Tid held so, stryk eg viare vestover aat Mineapolis, og dersom eg der fær Fribillet, so dreg eg ein Tur aat Stillehavet, aat California og S. Francisko. I desse Ti’om er det likvæl ikkje eit ærlegt Arbei aa uppdrive i Amerika, og da kan eg liksosnart strenda umkring og freiste liva av Guds Ord og Noravind so lengje. Og so var det no for aa sjaa og sjaa, eg var kome ut au da maata.

26de Jan.

No tek eg snart til aa koma inn i Dralten her uppi au. Eg ha drivi reint grasat: I Kyrkje, i Barneskule, paa Uppbyggelser, i Kvindeforeiningo og vore langt [...] inni Heiom her og set paa amerikansk Timberdrift og den var grosgeslagen. Den Trafikken forheld seg til Timberdrifti paa Murudalen, som Industripaladset i den kvite By[1] forheld seg til Kråmbui hans Olaus Saastad. Det var eit gjildt Vyrkje til eit Amerikabrev, dersom eg eingong griber Pennen for at tilskrive Avisom mine att.

No ligg eg og balar og slit med aa skrive Vaas i amerikanske Bla[d] for aa riva i meg inkun Centen. Eg sendar deg i Dag eit “Husbibliothek”, sa[a] du kan sjaa, kva eg tente Tobakskjelling og Cars-fer med nedi Chicago i Somar. Det er so mykje som “Tæjelownsjow”[2] umskrivi fraa jydsk – i Firsprang. Du skal faa dei andre Hefte etter Hand.

Den 30te.

Nei [...] No blir det Rusk paa V.Hamar og uppi Dalom! Tenk tri Blad![3] I Dag fekk eg fyrste No. af Gudbrandsdølen og stor og staut og gjild saag han ut, som det sømer seg ein ægte Døl. No maa da vel endeleg Dølane ha faat eit Organ, dei kan kjennast ved, og Filseth er vist rette Karen til aa styra det. Men Framgang? Det er vel ikkje andre end Stefan Frich og Lars Oftedal og han Eiliv Brennun paa Lom som held Fr.g no? det blir vist en mager Geskjæft aa vera Utgj. af Framg. herette. Vælbekome!

So skriv du da – baade fort og langt. Og fortæl alt nyt – ogso Boknyt. For eg ligg mange Maana attende.

Venl[eg] Helsing aat deg og alle

Kristian

Fotnoter

  1. Utstillingsområdet i Chicago i 1893, etter dei nyreiste, kvite bygningane der.
  2. Forteljing av Jacob Jacobsen.
  3. Lillehammer Tilskuer, Gudbrandsdølen og Framgang.