Kjeldearkiv:1894-12-31 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1894-12-31 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 31.12.1894
Stad: Minneapolis
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 107
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

1407 South 8th Street

Minneapolis Minn. 31/12 94.

Kjære Ivar!

So er det gaatt eit Aar att. Og i sama Føtom staar ein. Held um ein ha tekje eit einkelt Trett, so veit ein ikkje, anten det var att held fram. Det er fælt aa tenkja paa alle desse Aari, som fer forbi so reint til Unytte. “Godt Nytaar!” høyrer eg Folk segjer til einan’, men ikkje til meg, og det kan no au vera lika feitt.

Ja, for etter Alnakka skulde det vera Nyaars-Kveld i Kveld, men eg kan ikkje paa Sæt og Vis faa i meg, at vi har havt Jol. Joledag heldt vi nok som ein skarve Sundag paa ei Gjærd, men Jol var det ikkje mykje av. Seint Jolekveld tok eg Hyven over aat St. Paul aat ’om Ola –. Han har no Atelier der saman med Bilthoggar Åkerberg. Han har slegje seg paa det gudelege han Ola, og det er det som løner seg bedst her i Amerika au. Han maalar Altarbilæte og kline ihop Apostlar og Propheter, so det heng fuldt paa alle Veggjer. Han sit og granskar lange Stunder i den hellige Skrift, og so er han uppe og gje Apostlane sine eit Drag att baade frama og bak. Eg maa nok slaa meg paa det gudelege eg au, skal det bli noko bevendt, til aa skriva Traktater og Hymner til Guds og Menneskers Ære. Men som sagt, vi tri skulde da ture Jole ilag, og eg reiste. Og so laag vi der kvar paa sin Benk med kvar si Avise og heldt Kjæft. Vi freista aa ymta burtpaa um Barfrost og Dombjøller og Kjørkjeklokkor og undrast paa alt det literære nye som kom til Jol derheime, men nei, det vilde ikkje fata. Ein Slurk Øl, ei Pipa og so Basta.

Andre Joledags-Morgon var det aa møta fram att paa denne vælsigna Avisfabrikka og sitja og plukka ut alt um Mord og Hor som finst i de engelske Avisom i 100 Mil Umkreds. Pressemaskina surra og kvin, og Faktoren staar med Knytneven uppover ein og krev Manuskript, kva [...] det snur. Slik ha altso Joli gaat i Aar, og slik gjekk det gamle Aaret ut. Og i Overmorgo byrjar det nye i sama Dralten.

Eg missunner døkk der uppi Dalom som kan halda Jol i 8 Dagar til ende, lesa Bøk, halda Kalas, prata Snakk og gløyma, at Verdi er vrang for ei heil Viku.

– Seg meg blir det ikkje fleir Norddølsbrev aa faa i “Dølen”? Det er reint Helgekost det for os, kan du vita. Den andre Gjeitpreika di var no det bedste, som Dølen ha prenta hittil. Var det han Estin Hovda den sidste, som var ute med ei Gjeitpreike? Eg tør ikkje syna meg i “Dølen” meir eg no, sia eg var ute med det Argoprate i Haust. Eg vart mest forfær, da eg fekk sjaa det paa Prent. Eg har no ikkje tenkt, eg kunde vaasa so syndugt kusser. Men det er “Framgang” aa skulde for det. – Eg vonar snart aa faa sjaa Kloa di i “Syn og Segn” – um eg da fær Raad til aa halda det. Det var vel det fornuftigaste Samlaget kunde finna paa det, tenkjer eg. Men kor blir det av Sogeboki di? Det var forsett til Prenting det vilde til paa ho, held har dei ikkje faatt fatt i “brugelig Skrift” enno tru? – Og vesle “17de Mai“ slær um seg bra. Dei Kolbotnbrevi hans Arne, dei er værd Gull, skal eg tru. Eg viste ikkje eg ha den æra aa faa “17de Mai – har ikkje Raad til aa halda det, ser du – men so ha Steinsvik den Tosken, senda dei etter Chicago-Adressa mi, og der ha dei liggje og gjøymt ihop, so eg fekk mest ein heil halv Aargang i ei Dyngje her no ein Dag. –

– Nei, eg ser meg uppraadd. Du ser eg er ikkje viare paa Møle til aa gjera Brev, og naar det er forlabba, so er det. Eg kan ikkje hjelpa for alt dette blanke Papiret. Du skal faa ei likare Salve ein an’ Gong. Ja, aa vente Brev fraa deg, det nyttar vel ikkje meir, etter som det ser ut til. Iallfall ha vi gjeve det upp baade Ola og eg.

Hels alle paa Kleiven og hellest Kjends-Folk etter Vegjen. Og so Godt Nyaar kusser!

Kristian

Du fær bera over med Maalføre mit. Og Skjønskrifta au!