Kjeldearkiv:1895-05-17 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 23. jan. 2018 kl. 14:02 av Gudmund Harildstad (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1895-05-17 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.5.1895
Stad: Minneapolis
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 109
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

1407 South 8th Str.

Minneapolis Min.

17de Mai 95.

Gode Ivar!

Eg lyt segja Takk for det lange glupe Breve, eg fekk her longo i Vinter ein Gong. Eg skulde ha svara paa raue Rappen, veit du, men so venta eg aa faa sjaa “Segner fra[a] Vaagaa” fyst. Du lova aa senda ho, naar ho kom, og venta ho aat Lalm “i Morgo Dag”. Men kor det no er held ikkje er, so langt som hit er ho ikkje rokkje enno, og no ha eg mest slutta venta – anten ho no har sokkje ned paa Vegen, held ho er vorte stole, held kva som er paa Fær, veit eg ikkje.

Men Boki er daa vorte færug fraa Samlage longe sia, ser eg etter Blaom, og det er store Ting. Det var ikkje eit Døger fortidlegt. “Dølen” ha ei litol god Melding her ein Dagen. Ja, eg vona ho blir Grundmuren til ein Døla-Bokavl. Døkk maa kila paa du og Langskjeggen. Kor staar det til med Sellesamli[n]gi – Vetl-Kristen, Hansli-Guten, Stor-Ola o. fl.? Og Konstnarboki? Du maa ut med dei, um du so skal leggja Skolten under Bokbindarpersa og klemma dei ut. Det var Skae at Mons vart so ryr[1], men det maa vel no vera kome slikt Liv i Maalbokhandelen, at det kjem nokon i Stan. Berre ikkje nokon af Storbokhandlane fær Tak i Forretningi hans, for da blir det vel berre Olaf Huseby uppatt ei Vende til.

Ja Mons, ja. Eg skjemmest av sjave meg, naar eg tenkjer paa Mons. Eg skulde skriva um han i Fjor i eit amerikansk Blad, og han senda meg heile sit Liv og Levnet og Bilæte au, men trur du det vart? Jau, so skulde eg no freiste til att no, daa han var dø, for daa var det liksom “Anledning”, veit du, men trur du, det vart Skriving av? Aa nei. Og ikkje blir det held. For no er det skrivi so mykje um han i “Den 17de” og andre norske Blad, at det er ikkje stort meir aa segja. Slik gaar det i denne Maurtuva her. Naar ein skal sitja stø som ein Leirklatt paa Kontorkrakken fraa ½ 8 um Morgon til 6 um Kvelden og skriva Tullsnakk berre for aa slita nok til aa halda Sjæl og Lekam ihop, so lærer ein snart aa slutta tenkja seg til noko meir. Ein gaar berre og kjenner og kjenner paa at Fineggen er burte, anten ein so har havt Finegg nokon Gong held ikkje.

17de Mai i Dag, ja.

Og her vankar Fester og Humbug og […] nok, skulde eg meina, og dessværre lyt eg paa Embedsvegne ned paa Normanna Hall og høyra paa noko Skryt um vore “Stora Minnen”, our glorious Anscestors og slikt Skjit, men eg skulde likt bære og siti paa ein Tiurleik burtpaa Rustmo held Skaalrusten. Hellest ha eg liggje her og gjort Rabalder i Avisom um norska Frågan, so eg blir vel snart banlyst av den “pene” By Minneapolis er det Von. Lukka paa Rejsa.

Men naar Lars Rand og Mayor Pratt ha vaasa fraa seg kjem eg att og tura 17de Maj for sjavemeg paa Hybelen min, dersom daa ikkje han Ola kjem inn til Byen ikveld.

For han ha fløtt ut i Somarkvarteret sit, han Ola no – ikkje i “Argo” gubære; nej den vart riven i Tusen Fillor gamle “Argo” no ein Dag, høyrer eg dei segjer. Han ha slegje seg ned i Mendota no langt nede ved Mississippi, vakraste Flekken ein skulde sjaa for Augom – her tillands da. Det er ei liti gamal By med Indianere, Halv-Indianere, franske Canadiere og slikt Tyras, og der bur han moende einsleg i eldste Huset som fins i Minnesota – eit gamalt Fort med tjukke Graasteinsmurar.

Der ligg han og maalar Kristus og Apostlar og Englar og Anarkistar og [...] so berre Maalingi sprutar. Det er ikkje so farlegt langt fraa Byen, men det er so travarleg Veg, at eg kan ikkje koma der anna enn um Sundagarne. Lyt nemleg rejsa um St. Paul og attende.

21 de Mai

Og Breve ligg her like urøyvt. Eg [...] tenkte, eg skulde faat hekta i eit Kapitel til, men det fær nok skura med den Stakkarsdomen som er.

Fuld Somar uppi Dalom au, veit eg, naar dette kjem fram.

Liv i Ungdomslaget vel? Hels alle Unge. Og seg, at blir det for heitt der heime, so kjem Ola og eg ruslande au.

– Eg les ikkje Korrektur. Men næste Gong skriv eg ikkje Landsmaal, det har eg daa Greja paa.

Skriv, og det lite fort au! Og langt au!

Helsing til alle paa Kleiven.

Kristian

26de Mai

Den seks og tjugande Mai! Men idag skal det gaa au. Ei Viku med Influensa kom imillom. Thats all!

Fotnoter

  1. Mons Litleré døydde 7. april 1895, 28 år gammal. Nekrolog i Den 17de Mai 9. april.