Kjeldearkiv:1906-01-26 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1906-01-26 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 26.1.1906
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 131
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 26/1. 1906.

Kjære Kristian!

Hermed sendar eg ei Brevsending til Decoraposten, eit Dølabrev som skulde likesom skildre Storhendingane i Norig etter 7de Juni ifjor og soleis, som dei vart mottekne uppi Gudbrandsdalen. Men Breve er baade turt og magert, ikkje var eg paa Møle og so er det ikkje greifare, soleis paa eit lite Rom aa trengje ihop somykje, som vi har gjennomlivt det siste Halvaare. So det er jamen lite Aand i dette Dølabreve og eg skal visst ikkje setja Skallen inni Veggen og furte, um du ikkje tykkjer du har Bruk for det.

Um du no elles bryr deg um aa ta eit par Dølabrev til paa dette Aare, so hadde eg tenkt aa skrive lite um Maalreisingi i det eine av dei, helst da um korleis Saki staar seg her i Gudbrandsdalen. Truleg lyt eg gjera det reint “objektivt” for “Dekoraposten” vil sagte ikkje vera noko Tutarhønn for ein Maalmann heruppi Dalen. Det neste Breve, som eg har tenkt meg kunde koma ut i April, kunde kanhende koma med Melling um dei politiske Partier og um Valkampen her i Dalen, dei Nyhendingor eg kunde grava upp a. m. sl.

Sidan du sist høyrde fraa meg har eg vore inne i Hovudstaden att fraa 16de Oktober til 14de Desember. Det skulde da vera likesom siste Skeide i Ordboksarbeide; me vart au ferdige med Manuskripte og i Marts byrja Boki aa koma heftevis, truleg hjaa Aschehoug. Ho treng sagte 1½ Aar til aa koma heilt frami Verdi og det kanhende eg kan verta med ein Maanads Tid med aa lesa Korrektur eller fara over att eitt og anna i Manuskripte. Prof. Seippel vilde au faa meg med aa gjennomfara Manuskripte til 2 Mosebok som han no arbeider med og som me greidde 12 Kapitlar av førre Jul. Og i Riksarkive vøre det endelaust Arbeid, maa’ta; so det kan vera truleg eg vert 1 Maanad inn i Byen att fraa fyrst i Marts, um ikkje nokor Avbragdshending kjem atti Vegen.

Skildringi av N. Gudbrandsdalen til Præmiboki byrjar eg no med ein Gong med og tenkjer, eg skal faa ho ferdig til aa sende i Februar.

Det er meir en nokk aa gjera, um eg kan faa Arbeidsfred; til eit nyt Tidsskrivt i Bergen “Bondekultur”, skal eg skrive Ættesogur fraa Gudbrdsdln. gjenom heile Aargangen – 4 Hefti – og eg har allt senda 1ste Bolken. So er det “Segner fraa Vaagaa” eg skal til aa vøle paa, setja ho um paa Austlandsk og auke ho med all den Kulturhistorie, eg har gravi fram sia ho kom ut fyrste Gongen. Korleis eg kjem til aa skipa Boki, er eg ikkje heilt samd med meg sjøl enno; ho vert so reint forstor, at eg so smaatt har tenkt aa byte ho i tvo: I “Bygdebeskrivelse” II “Segner og Ættesogur”. So skulde eg endeleg havt Bilæte av Byggjingskunst, Treskjering, Vevnad, Handverk og so eit godt Kart av Bygdi, men dette er ikkje so greidt, eg lyt nok sjaa til aa faa meg eit “Øibliksaparat” og byrje gaa i Gardom aa fotografere gamle Døragangjarn, Rullagongjer, Trøysir, Blenndstampar, Stabursnyklar o. s. b. No ja; det er likevel eit Arbeid eg er glad utav og eg gjerer meg den Voni, at Boki skal verta til god Studnad for den nasjonale Framgonga vi drøymer um eingong i Gudbrandsdalen au. Og so skulde ho likesom vera mitt Livsverk um eg kan faa det fullført.

Men eg gløymer reint burt og ynskje deg og dine eit godt Nyaar, – godt og velsigna Nyaar! Det skulde vore godt aa høyrt, at Kona di kan ha faat heilt Helsa att naar du skriv aat meg att, som eg vonast du gjerer um ikkje altfor lang Tid. – Antel ein gaar einsleg gjenom Verdi eller ein har ein Huslyd og hugge seg til, so legs det altid Tyngslor, Motgang, Strid og Kav til; kanhende det allt er til vor Bate likevæl naar det ikkje vert meir, enn ein har Rygg til aa bera – “sæl er den som med sama Mod, kan taka mot alt tilsaman”.[1] Det ser ikkje ut til, at Lagnaden har vore laushenndt med deg og dine heller, dei 2 siste Aari, og det skulde glede meg hjarteleg, um døkk no var komne ivi det. So kunde eg vel vente aa sjaa døkk heruppe att au, eingong her i Verdi!

Du har nok longe sêt, at Rasmus Flo dø ivinter[2]; der misste me ein av vore duglegaste og truaste Arbeidarar for Maalsaki. Han var her paa Kleivsætri 14 Dagar i Haust og tykte han kom seg so bra etter. Otte Dagar førr han fall burt var eg hjaa honom ein Kveld utetter og da var han lettværleg og glad, tykte det gjekk so godt fram med Helsa og saag ljost paa Framtidi. Ottedagardagen etter fann dei han dø i Sengi. Det var ei tung Tidend – for eg, som mest alle Maalmenn, hadde havt god Hjelp og Studnad av denne stille, kravlause Mannen. Men han vil leva att i mange av Arbeidom sine og Truskapen hans vil setja Merki etter seg. – Her paa Kleivsætri liver vi paa gamal Gjerd og no ber det til aa verta Sol nokk at i Fjelle, og so velsigna fredelegt og stillt som her er! Eg skal helse so mykje fraa Paal og ’n Mor!

Kvittingor for Skrivarløn for Dølabrevi og Stykkje i “Symra”, følgjer med mykje Takk for Pengane!

Hjarteleg Helsing aat deg, Kone og Born fraa

døkkar

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Frå diktet «Livet» i samlinga Symra. Tvo Tylfter med nya Visor (1863) av Ivar Aasen.
  2. Flo døydde 30. november 1905.