Kjeldearkiv:1907-05-19 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1907-05-19 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 19.5.1907
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 133
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter, Pinsdagen [19. Mai] 1907

Kjære Kristian!

Ja, er de ikje som eg ha sagt all min Dag, at den som skal kunna halde ut me aa ha Venskap me meg, han lyt vera ein tøyg og taalmo’le Kar. Men skamlousar hell eg har vore no, kan eg ikje minnast eg har vore, lell – no er de nok spennt eit Aar sia du senda meg ”Norske Kvad” og eg har ikje enno sagt deg Takk for døm! Og hjolp ikje eg har lese denne Bokje ofte og gledt meg ivi di greie, livlege Livsritse og di maakaaloust go’e Utvale du ha gjort ’taa Sangom aat kaar ’taa Diktarom. Tusen Takk for Bokje! Ho ha i mange Stonde vore meg te rettele Hogna og mange fleir ha havt ho te-laans – no er de ein ong tysk Diktar (Stordiktar ska bli) heite Sandmeyer, som lout faa laane ho. Han bur for se sjøl i Skardaa’n ve Lemonsjøn og der har han halde se i heile Vinter, livi Eremit og driv nok me aa skrive eit Drama, som ska gjera heile Verde glaamande ein go Dag kjøm. Firi honom va de ei Fru Jakhelln som fann stor Hogna i “Norske Kvad”, saa med di Boken, du senda meg, gjorde du ei go Gjerd.

Men no spør du full ette kaa […] eg kan ha drivi paa eitt heilt langt Aar me di, eg vart saa tverrt burte. Jou, de ska eg no, snøggast eg kann, freiste aa gje deg Grei’e paa.

I fjorhoust da “Geskjeften” va Slutt, ha eg ikje Raa me aa faaraa inn-i By’n og leggje meg te der og graavaa i Riksarkive lenger; Ordbok-Arbei’e me Schjøtt vart Ende ifjor Vaar og saa ha sjølsagt eg ikje Mynt te aa halde meg i Hugusta’e for aa “grandske i Skrifterne”. Saa sette eg meg lomhard te me ei ny Utgaave ’taa “Segner fraa Vaagaa”, den gamle er no endele aa kalle reist. I di nye Utgaavun skulde eg taakaa me allt de nye eg ha sanka di siste 15 Aare, vissa ein heil Dongje me “Ætte-Sogor”, og ein heil Braataa me Bygda-Konstnare eg har faatt Grei’e paa i di siste Ti’om. I Bolkje “ymse Segn” (“Naagaa taa kaart”, som de no kallas) ha eg ou vonoms meire nytt Tøte og saales vilde Bokje kaamaa te bli mesta dubbelt i Innhall mot førr. Lydskrifte kasta eg, for den bar alle seg ille for gjorde Bokje tong aa lesa – Rettskrivingje skulde vera den, som du her ser for Ougom. Og saa skulde Bokje heite “I gamle Daagaa, Bygda-Fortalna fraa Vaagaa”. Og me umkring 50 Bilæte ’taa gamle Ting, Bona, Hus, gomolt Konstarbei o. M.

Ja eg kasta loust umkring den 20de November og den 10de Mai no va – ja er de ikje rart? – senda eg Manuskripte som ette mine Reikning ska fylle 26 Ark stor Oktav. Senda? – ja men ha du faatt Forleggjar au, da? spør du. Ja eg mena de; de er de eine rarare hell de andre me desse: eg fekk Aschehoug sjøl te aa forleggje Arbei’e! Paa Lag for meg, som for ein Maalar aa kaamaa i Nasjonalgalleriet! Trule har eg baade Garborg, Seippel og M. Moe mykjy aa takke for, at Aschehoug tok ho og eg er fælt gla ’taa di, for da kan eg lite paa ho kjøm ut i høvele Bona og at de bli gjort naagaa for, aa faa ho ut i Verde. Og paa ein Maate lyt eg seja han betalde meg ette Vonom, 40 Krono Arke; men Betalingsti’e er de verre me: 1/3 naar Bokje kjøm i Handln, 1/3 naar 700 Stkjr. er selde og Resten naar 900 Stkjr. er avhenda. Upplage er 1000. Naa bli Bokje stor og dyr trule Kr. 5,00 hell 5,50 og ei saa dyr Bok gaar ikje paa Bygdom; difor er de full paa Vone um eg kan sjaa den Dagen at korkje 700 hell 900 er selde ’taa henne. Men de fær vaage se, eg er lell gla ’taa, at eg fekk gjort dette Arbei’e; um eg no ikje kan faa Raa’ me aa halde ve me naagaa Bokarbei’ oftare, saa ha eg da paa ei Gjerd gjort de vetle eg kann te Stødjing for norskt Maal og norsk Kultur.

Kaar tykjy best um sine eigne Bon, “vakraste Bone i Skogje er mine” sa Kattu’la, veit du. Eg ha tenkt, at “I gamle Daagaa” skulde bli ei go Kjelde for den, som ein Gong i Framti’n vil skrive Gudbransdal’ns Kulturhistori og at ho difor skulde ha ikje saa reint liten Verdaagaa; men de kan vera eg trur forstort um Arbei’e mitt her. Um ho kan vera go’-te aa vinne Ongdommen for se er full ovisst – de ska full meir te aa faa upp att Elsken aa di gamle Minnom og den gamle Ætte-Kjærleiken. De skulde no elles vera den største Ærende henna her i Dale, ha eg tenkt. De fær da staa si Von.

De ha vore eit farle Mas aa faatt Bilæte aat Boken, kan du tru. Vælviljuge Menneskjo her i Bygden har hjolpt meg og fraa Konstindustrimusæe og Folkemusæe paa Bygdø ha eg vorte beinka me fleire Bilæte; no sist har eg Presten deres uppi Sjaak[1] te aa gaa og fotografere gamle Skaap og slikt uppi Sjaak. Alt i alt trur eg, at eg ska faa ihop reint bra Bilæte aat Boken – de ska du da faa sjaa naar Bokje kjøm. Eg senda deg ei me di saamaa ho kjøm i Handel’n og ho skulde vera ventande paa Houstlei’e disom Forleggjar’n skonda paa me Prentingen. –

De gjekk skidt me Stykkjye eg lova ut aat Telægsboken aat “Dekorap.” og de trur eg var berre bra, for Riksmaale mitt, de er ein stusle Kost. Eg ha Tekste ferdog, men eg kunde ikje grei’e aa faa tevegjes Bilæte og saa tykte eg Tekste va forr-turr aa sende slik ho va. Og eg trur ho har best ’taa aa liggje som ho ligg te alle Ti’e. – Me naagaa Brev aat “Dekorap.” ha de hell-ikje vorte meire ’taa; eg har livt mestsom uttafor allt “Samfundsliv” i Vinter, ikje fyl’t me paa nogor Lei’ og difor ha eg hell-ikje havt naagaa aa mellt um. Skulde de vera naagaa Bruk for eit Par Brev framette Somare, saa har eg ikje imot aa slaa døm upp, men desse Breve mine er no fælt lite ve, de er saa lite nytt eg har aa bjo paa stødt og de va full de, som helst skulde te for aa felle i Hogen hjaa “Publikum”.

Heruppi Fjelle held no Somar’n paa aa ska brote se fram Føt for Føt men Vinter’n heng att-i, glekse og høgg og vil ikje sleppe Take. Den 16de fekk oss 4 Tumme Nysnjog som vart liggjande i tvo Daagaa – no er de endele vorte berrt att og nordi Melings-Lon er de saa ope, at han Paal har tikji ein og a’an Fiskekokningen der paa Gaan. Han smaakaa godt Fjellfisken fyste Gongen att um Vaar’n! Men eg ska ikje kaamaa inn-paa slikt heimkjennt, du kan lett tru, at eg gjere Formon for aa vekkje upp-att gamle Minne. Oss livi elles paa den gamle Gjerde, bli gamlar og gamlar allesamen og ber te vekse ne-te som Kurompa. Men Ti’e flyg fort lell – kaar de er vorte ’taa desse Vintre kan eg mest ikje skjøne, eg ha nok livt “i gamle Daagaa” saa eg ikje ha kome te aa halde Reikning me Ti’n.

“Bondekultur”, som eg fortalde deg um ifjor, ha allt gjeve upp Ande; ein Aargang, vælskrivi og forvitnele, og saa va de Slutt. Oss er nok ikje langt nok komne – de er nok tessværre di beste millom Byfolkje som ha faatt Augo upp, oss, som skulde vera di næraste, søv tongt enno.

Eg veit inkje naagaa nytt aa fortelja, korkje fraa Vaagaa hell Heidale, men saa ha eg ikje vore utu Stugun saa langt som aat Lalms-Bru’n hell meir hell ein Gong ette Jul. Reint Oskegris.

Ja tak no ikje Hemn ivi meg og dryg 1 Aar førr du svaaraa, enda eg nok vøre ærle værd de. Eg ska lova ut aa vera skjikkele herette, for eg kan ikje tru de bli saa stridt me Bokmaakaar-Arbei’e herette-dags.

Hjerteleg Helsing aat deg og heile Huse ditt! Helsingo fraa henne Mor og ’om Paal!

Din

Iva Kleiven

Fotnoter