Kjeldearkiv:1907-12-09 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1907-12-09 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.12.1907
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 136
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 9/12. 1907.

Kjære Kristian!

Med desse senda eg noko eg kalla “Dølabrev” aat Decorap, um du tykjy de er brukande. Mange Slag Takk for di 2 siste Aarbøken! De er glup Lesna og alle norske Aviso gje døm ou Lovord og Ros. Kjøm ikje noko veltande atti Vegen, har eg etla meg te aa skrive eit Stykkje um “Prosten”, H. P. Krag aat neste Aargangje me Bilæte ’taa ’om, um mogele eitt ’taa di gamle Fastskulebygnae og eitt ’taa ei vakker “Utsigt” fraa Vaagaa-Prestgarde sørette Dale. Vyrkje har eg havt liggjande i mange Aar, men eg skal ly’e ette, um ikje Son aat Proste, Oberst Krag, kunde gjeva me ei og annor Rettlei’ing. Og kan eg faa Lov skrive Stykkjy paa mitt austlandske Landsmaal – ikje dette her, skjøna du – saa vilde eg de helst, for de er [...] te Breng aa lata taakaa paa se Riksmaalstrøya forr meg.

Enno driv eg og les Korrektur paa “I g. D.”; eg er ferdog me 20 Ark men har att 7 hell 8. Forleggjar’n har vorte ihugje te, aa gjeva ho ut heftevis, og de kan hende var likeso greit; saa kan baade han og eg snøggare sjaa, kor laakt de gaar. Enno har Kritikken tagt heilande still, for di 3 Hefte som er utkome by ikje just paa noko nytt. Naar de li’ lenger uti Leiken og Julflomen er Ende, er de Von te einkvar Vestlenningen slær Hugu ne’i Vombe paa meg. Og de ska kanskje hell ikje hardare Dasken te. Korles Bokje “gaar” har eg enno ingor Meining um; ho kom ut paa ei noko ufellin Ti mea’ Nordvestpassagen, Bulls folkelivssk.[1] og all denne Julelesnan drog alle Tanke aat seg. Stor Tru paa, at ho vil faa go Avgang har eg ikje – ho er forrstor og forrdyr, maa’ta.

I Oktober ein Gong ba eg Aschehoug aa sende deg I. g. D. ette som ho kom ut og eg vil tru han ikje har gløymt de. Skulde han de ha gjort, saa nemn de trast du skriv.

Kaa eg kjøm te aa taakaa me forr me ivinter veit eg enno ikje; de kan hende eg set meg te og skriv Skildringor fraa Heimegrend i 60-Aarom og freista gje eit dimt Bilæte ’taa Bond’live som de va i di Aarom. De va nettup i Skjifte millom Gomolt og Nytt, den Gongen: nettup da kom den nye Vegen uppigjønom Bygde, Skul-Love fraa 1860 bar te aa bli sett iverk og Lannhandlarann kom me “Kultur” burt i alle Rø’r. Saa de er ikje Emne som vanta meg, me[n] de spørst um eg har “Aand” nokk te aa teikne desse Bilæte og gjeva døm den rette Bak-Grunn aa sjaa døm imot. De fær no vaage se, um saa er.

Paa Kleivsæter’n gaar Live Dag um a’an paa gomol Gjerd; i Millomstondom driv eg me “Husflid”, gjere Purketroug, skjer ut Treskjei’e og gjere Vatsskaale ’taa Feilkulo; han Paal driv de meir i stor Stil: gjere utskorne Tollknivamboe ’taa Reinshønn og Elghønn og sel aat Dopheides Magasin. Arbei’e hans er elles vakkert no, ette han er vorte øvd. De va sannt! eg har gjort ein ny Kubbestol ivinter me 2 “Gange” Dølaskurd umkring, de er noko ’taa di beste eg har gjort, skal eg seja deg. No har oss havt grepa Ovêr her i 2, 3 Daagaa saa Fonninn auka te kor Stonn; de kjøm te bli grepa Skjiføre lell, te Jul, disom de ein Gong roa se og bli noko Kalde ette. Hjarteleg Helsing fraa oss Alle aat deg og dine og saa ei gla Jul og eit rettele godt Nyttaar!

Din

Iva Kleiven

Fotnoter

  1. Sist utgjeven på dette tidspunktet var forteljinga Østerdalskongen (1907).