Kjeldearkiv:1908-03-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1908-03-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.3.1908
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 139
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 25/3. 1908

Kjære Kristian!

Idag eit rigtugt skarve Dølabrev, men naar ikje noko hendar og ein elles ikje fær Aandi til aa koma, so er det ikje so greidt.

“Kvittans” med Takk for Betalingi for førre Epistelen følgjer med.

“Prost Krag, ein Rudningsmann for 70 Aar sidan” ligg ferdig – berre eg fraa Oberst Krag fær att eit gjildt Bilæte af Far hans, og so lyt eg visst faa Kr. Holbø til aa “rekonstruere” den gamle Fastskulebygningen. Med Bilæt’om vert Stykkje paa Lag 14 Sidur i “Symra” med den Storleik og Tryk Boki hadde i Fjor. Skal sende Stykkje og Bilæte snøggast eg kann.

“I Heimegrændi. Minni fraa Sekstiaarom” er no inne hjaa Aschehoug; kor det no gaar. Helsing fraa os alle aat deg og alle dine!

Ivar.