Kjeldearkiv:1908-05-03 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1908-05-03 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 3.5.1908
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 140
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

3/5 [1908]

Kjære Kristian!

Hermed kjem Stykke um Krag,[1] i seinaste Lage, er Von, men eg fekk ikje att Teikningi av Fastskulen førr i Førrkvelds. Og so er fulla Stykke forlangt – da fær du bruke smaaare Skrift. Eg har skrivi Stykke paa Midlandsmaale, den Rettskrivingi eg tykjer ligg nærast for oss Austlenningar.

Sidan eg sist skreiv har eg og Aschehoug sett upp Kontrakt um “I Heimegrendi”; Upplage 1250, Betalingi Kr. 50 for Arke, 25 Kr. naar Boki kjem i Handelen og 25 naar 1000 Ekspl. er selde – ! (tru liver eg den Dagen?). Holbø skal teikne Umslagsbilæte, men andre Bilæte tykte Forleggjaren det vart for stor Kostna i so Boki vart fordyr. Og det var fulla noko i, da ho vert paa umkring 13 Ark. Ho skal i Klemba med same “I g. D.” er ferdig-prenta, men naar det vert, veit eg ikje, for det ser ut til Aschehoug tøygjer det ut. Skal vita “I Heimegrendi” rekk midt inn i Jolesjauen og, so er eg heppen – noko stort verre kunde mest ikje hende.

Sein Vaar, surt Vêr, kaldt og illt. Kanhende eg sendar “Dchp.” eit Dølebrev i Fyrsten av Juni um du ikje fyrri den Tidi skriv og fortel meg, at baade Anundsen og Tingarane er vortne leide baade meg og Dølebrevi mine no.

Allt her paa Staden paa det gamle.

Dei medsende Bilæte vil eg gjenne faa att naar dei er fraa-seg brukte – Underskriftine har eg sett paa dei paa Baksida; kvar dei skal staa i Teksti fær du sjøl raade for.

Hjarteleg Heilsing aat deg og heile ditt Hus fraa

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Trykt i Symra 4 (1908), s. 45–59, med overskrifta «Prost Krag».