Kjeldearkiv:1909-04-20 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
1909-04-20 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 20.4.1909
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 144
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 20/4. 1909.

Kjære Kristian!

Tusen takk for fyrste breve ditt i Februar, for “Symra” for pengane og for siste breve som eg fekk for 1 time sidan!! No kan eg ikje drygje lenger, men skal setja meg til med de sama og knuvle ihop eit brev, hjelp ikje eg er baade stiv og saar i fingrom, for du skal veta eg har vore nordpaa Flatningsholmen og brote eit ris-lass idag.

Naar eg ikje er vorte ferdug til aa skrive førr, saa er de ikje nettup latheit og vørdesløysa berre, hell. Fraa den 17de Febr. til 29de Mars laag eg inne i hovudstaden og grov i riksarkive etter tilfang aat andre bande av “I g. D.” og derinne galdt det um aa nøtte tidi de, eg berre kunde, og saa fekk eg aldri ei stund til brevskriving. Sundagane lout eg bruke til aa sjaa paa allt nytt, dei har faatt sanka i alle samlingom dei 3 siste aari eg har vore fraa byen – skam veit um eg kan faa koma der att saa snart, ser du. Saa du fær ikje vera altfor grøn paa meg um eg no har gjeve den gamle Adam forlang taum att, ein gong – eg skal taka min mon att, skal du sjaa.

Men eg gløymde reint og takke deg for den framifraa gode mellingi i “Dechp.” ’taa bøkom mine – hjarteleg takk! Du som alle dei andre rosar i harde lage, saa eg bli reint fælin for aa vaage meg ut med noko seinar – de er vaagsamt for ein bokskrivar som ikje “debuterar” før i 50aars alderen aa faa saa mykje ros og vællæti, for du veit de let seg gjera aa rose staale utur folk. No, det gleder meg storleg, at baade bøkane mine, etter allt som er sagt og skrivi, er reikna for aa vera saavidt velgjorde arbeid, at dei kan heitast aa vera ei vinning for norsk kultur og norsk maal. At de er mange veilur der i verde med, de veit eg saa inderleg vel, at eg tenkjer eg skal ikje taka skade av den ros som er fulle paa meg. Det du skriv baade i brevom dine og i “Dchp.” var meg elles til stor hugnad; de er no Gudbrandsdølane som eg reiknar for dei rette autoriteter her, veit du; og eg kan ikje anna seja, enn eg kjenner meg lønnt for mykje stræv naar du idag fortel meg, at du og kjeringi skiftevis les I H. høgt i kveldstundom og eg tek meg sjøl i aa tenkje høgt: er de ikje underleg som eitkvart illt, at ein gamal, ihopturka trebibel, som eg, kan klemme utur seg noko, som kan rive folks hug med seg saapass! – den eine etter di andre skriv um at de er “fin kunst”, au! ja, da er de, jaggu, “pure naturalier” som Diderik Menschenskrek[1] sa. Men de kan hende eg har vore saa heppin i bøkom mine, aa vore kar til aa rengt av meg de meste av bokmaalshamen, er mindre “literær” hell dei fleste, og er de “kunst”, saa kan eg ikje anna hell vera velnøgd med, at de har lykkast saapas, som de gjorde.

De var nokre formir du undrast paa, ja, du har vel lagt merkje til, at “I Heimegrendi” ikje er Vaagaamaal men Midlandsmaal med nokre norddølsformir for mit eigi bruk? Heilt mi eigi “form” har eg knapt funni enno, finn eg ho nokon gong, saa er eg stygt redd ho lutar enno meire mot Vaagaamaale, hell den eg brukar i Heimegrendi. Men de var kanhende “I g. Daagaa” du meinte og um eg just har vore heppin i den rettskrivingi eg der har halde meg etter, vil eg ikje banne paa. De var i mangt eg sjøl var grovt i tvil med. Gjer væl aa skriv upp de, du kjem over, av slikt og tak de med deg naar døkk kjem paa Kleivsætri, de kunde snart vera til grepa rettleiding for meg. Men naar kjem døkk saa hit? – de maa bli snart no etter saa mange aars skilnad – kan ikje gamle Aanundson gjeva deg ei skikkeleg ferie no naar de skulde vera? Kva tid de bli, saa vil eg no firiaat faa tinge paa deg aa heile huslyden din minst 1 maanad og gjenne um de er tvo hell tri, um Heidøline vil sleppe deg fraa seg saa lang tid. Ja du skynar no fulla, at de ikje er som “indehaver af Kleivsæter sommerpensionat” eg er ute og gaar, nei, de er som din gamle ven, som menneskje og Vaagaaver – de legg seg aldri for meg aa vera ute “paa forretningens vegne” og i mundering. Herregud aa faatt livt upp att gamle dagar og faatt gaatt uppaa Mugkampen og andre toppar att! Jau de lyt bli no snart!

Men no skal du høyre. – Schjøtt masa med meg ifjor, at eg skulde søkje tinge um eit større stipendium til aa granske gudbrandsdalsk kulturhistorie. Ja, eg hadde ikje god tru hell stor hug paa de – iminste vilde eg ikje tiggje førr eg fekk høyre kva kritikken sa um I g. D. Da saa den fall saa god ut, skreiv eg aat Moltke Mo og la fram ei arbeidsplan til innsamling av all den folketradition, som att finnst i heile Gudbrdsdln. med innsamling av allt kulturh. tilfang som er gjøymd i riksarkivet og gamal literatur. Samlingstid 6–7 aar og eit bokverk paa 3–4 tjukke band, kr. 800 for aare. Saa spurde eg um han etter di han kjende til meg kunde gjeva meg ei anbefaling. Samstundes skreiv eg aat tingmanne vore, E. Landheim, og spurde han kva han trudde. L. svara trast og var i ville vere, han vilde gjera allt han kunde og faa 10 velvyrde tingmann med seg paa søknaden – eg maatte søkje trast. Mo skreiv ei anbefaling so gjild, at eg vart reint raud da eg fekk sjaa ho og med honom hadde professorane Magnus Olsen, Seippel, Torp og overlærar Schjøtt skrivi under. Paa søknaden skreiv Landheim, Wold, Eftestøl, Ivar Tveiten, professor Stang, Thallaug, Gerhardsen, Liljedal, Havig, Liestøl. No ligg søknaden og ventar paa aa verta behandla med “Kulturbudgette” sist i denne maanaden. Um de er stor von veit eg ikje, budgette iaar er nok leidt aa faa til aa “bikke likt” og eg tør ikje gjera meg rare vonir. I “tingkredse” skal de elles vera godhug for saki og de er mange som tykjer, at eg for G. burde verta sett paa like vilkaar med Skar for Sætesdalen. Ja, dei fær no gjera som dei vil og kann der inne i tinge, eg har no bode mi gode ære til, som de heiter.

Enno er eg ikje kome lenger enn aa sanke vyrkje til 2 bande av I g. D. men eg har allt saa mykje liggjandes – mesta um folketale og den økonomiske framvokster millom 1520–1701 – at eg no lyt til aa arbeide de ihop, “knaa’e de upp att”. Til ei ny Heimegrend har eg au vyrkje um den fyste kjem til aa gaa unda – saa du ser eg har jønn i avlen, “dø og pine for alle de deilige projekter jeg havde!”, sa lensmann Østmo[2], hugsar du . . .

Ja tru kva er de for eit projekt du har i “Symra”? de skal bli moro aa sjaa og eg stundar reint paa at hefte skal naa fram. Naar de lid saa eg fær sjaa utfalle i stortinge skal eg med de sama sende deg ein ny epistel, og da veit eg sagte kva de er du har gjort saa gale, allt i 1ste hefte, at du lyt bea um undskulding firiaat. Eg tenkjer eg kan gjeva deg den, firiaat au. Men de er sannt, eg har gløymt og skrivi meg for 1 Symra; naar eg no sendar eit “Dølebrev” att skal eg koma ihug aa faa “likvidere” aarsbetaling. Eg kunde nok skrive nokre fleire dølebrev um aare, men smakar dei folk der i lande? eg tykjer dei er “hosta” magre og med saa lite nytt i, at eg har vore redd kjørt paa for fort. Skal sjaa no kor de gaar aa faa klembt “geisten”. Overhendugt fagert no i fjelle – blank sol over skaran, orrlæte og tiurlæte og vaarlæte i fuglen i alle toppar! Lite snø i fjelle og berrt umkring veggjine – reint berrt i bygden og folk ventar paa faa sleppe til med jordarbei. – Hjarteleg helsing fraa mor, Paal og meg!

Hels kjeringi saa mykje!

Ivar Kleiven

De var gjildt at du strauk de eg skreiv um maale i førre breve – eg visste ikje da korleis folk derburte staar i maalarbeide!

Fotnoter

  1. Komedie av Ludvig Holberg.
  2. Rollefigur i Fjeldeventyret.