Kjeldearkiv:1909-11-13 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1909-11-13 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 13.11.1909
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 147
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 13/11. 1909.

Kjære Kristian!

Eg tykkjest høyre du murra noko um “Daukjøt” og eg skal hellerikje negte for, at de er de som mykje attaat er Skuld i, at eg ikje har skrivi eit einaste Ord paa – ja eg veit ikje naar de var. For ein Del kjem de seg av di, at eg har havt mykje aa gjort til kvar Tid heilt sia i April i Vaar – ikje nettup “aandelege” Fyrimaal, literære Arbeid o. l, nei de har vore vanlegt Kvandagsarbeid av allt mogelegt. Millom anna lout eg slaa Sæterkvei moande einsleg skulde eg tenkje paa faa vunne ihus i rett Tid, for her er snart ikje Tale um aa faa leigt ein Kar lenger i Aanne-Tidir for den, som ikje har Husmenn “under” seg. Og sia har de vore fullt upp aa gjera til kvar Tid. Hm? segjer du. Du trudde kanskje eg helst gav ein [...] i Jordbruke og allt de Arbeide som følgjer med; men da fær du imiss. De er ikje noko eg trivst betre med, hell naar eg slepp til med “Møken” um Vaarane, med Slaatten um Somaren og med Steinbroting um Hausten. Da eg byrja her i 1899 fødde eg ikje 2 Kjyr med de Høie eg avla, eg maatte kjøpe 2 og 3 Lass attaat dei fyrste Aari; ifjor og no til-vintra har eg 5 Naut og fær eg de til aa mone heretter som de har gjort til no, trur eg, at eg um 2 eller 3 Aar skal kunna føde 8 Naut – de er mest som eit Maal eg har sett meg, dette, ser du. Nei, du maa ikje tru eg er vorte ein visin Literat som er framond vorte for allt som høyre “denne Verden” til.

Denne “Innleidingi” høyrer kanhende ingenstad heime, naar ein skulde sjaa vel etter, men eg tenkte meg, at ho kanskje kunde likesom døyve Sinne ditt, saa du vart meir deg sjøl heretter.

Ja, du ser eg er ute med eit abrikjelegt langt Norddølsbrev idag – stor Supe paa ein Pinne de sat ei Rouskjove paa! Men Aanden orka ikje aa “produsere” noko frægar og saa fær du gjera ved de som du sjøl synest. Tek du de inn i “Posten” saa fær du gjera vel aa sende O. E. Bjornstad, Merchant Tailor, Stanley Wis. tvo hell tri Stykkje av Blade saa han og hans fær sjaa korleis eg “reier av” Far’n. Og saa lyt du i Honorare “likvidere” for “Symra” – gløym ikje de! De er fulla nokk, at du syner Reiknskapsføraren desse Ordi saa eg slepp aa sende ’om ei serskild “Order”?

De vert skire Tufs med desse Dølabrevom, og du fær seja fraa um du vil ha Slutt paa dei. Du fær vist ikje lite Bry med Rettskrivingi heller, for eg haltar som ein gamal Skotgamp imillom den nye og den gamle Retskrivingi paa de hellige Riksmaale. De vil seja, den gamle har eg gløymt og den nye kann eg ikje; og noko verd elles er ikje desse Brevi mine, saa eg vil gjenne tru du vil helst vera kvitt deim.

Du kan tru de var ei Stortiend aa faa den Mellingi L. Thorkveen senda meg um kva “Gudbrandsdalslage” hadde funne paa aa gjort, den Dagen Lage vart skipa! At de er deg eg har aa takke for Stipendie, skyna eg trast og Thorkveen nemner au, at døkk hadde samraadt um de fyri Møte og at du hadde skrivi “Innstillingi”. Stor Takk, kjære gamle Ven! Kunde eg no berre vera go’til aa gjera saaleis Rett for desse Pengane, at Lage ikje angra paa deim og du og dei hine som har talt de til, ikje fær berre Harmin atti Sta’n! De bli mest-som saa mykje paa einn Gong, dette, at de er mest saa eg ikje kan tru de – fyrst Stortinge og saa “Gudbrandsdalslage” i Amerika sama Aare! De skal fraa mi Side ikje vante paa god Vilje til Verke og Takk skal du og alle ha som har hjelpt til med aa gjera Utveg til aa halde fram med Bygdegranskingen!

Um ein 8–10 Dagar skal eg byrje med Sanking uppi Sjaak og kjem fulla til aa halde paa der til nære innmot Jul for de fyrste; eg tenkjer Sjaak og Lom vil gjeva meg nokk aa gjera fyrste Aare. Tek eg ikje imist skulde dei tvæ Bygdine vera dei, som no har att mest av Gamalt, vissa av Kunst; og likesaa av egte godt, reinspikka Maal. Men du skal seinar faa høyre um eitt og anna fraa Skjaakferdi. Her i Bygdi har eg no og da frametter Hausten gjort Ferdir til gamle og minnuge Folk for aa ta likesom Uppatt-Rekste her i Heimbygdi. Og de er underlegt kva som kan vera att, likevæl – de er ikje berre Uppatt-Rekste, er likt til. Saa ein veit aldri naar ein kan seiast aa ha tømt ei Grend for Erveminne. I næste Viku skal eg ei 3, 4 Dagars Ferd ned i Ner-Heidalen, pumpe lens Horgjebakkjin o. fl. og granske alle gamle Skrifter paa Slette. Aa ja, de er nokk aa gjera og mykje aa ta av.

Professor Gjerset var ein hugnaleg Kar som de var ty’legt aa tala ved; men han var saa klein den vetle Stundi han var her, at han kunde korkje eta hell drikke og saag fælt ille ut. Han gat elles um aa koma upp her att og sjaa inn i Jotunheimen um han vert verande til næste Somar ei Tid utetter. Det skulde vore gjildt um de kunde vorte av.

Korleis gaar de med “Symra” etter ho vart Kvartalskrift? Eg tykjer overlag godt um ho og tenkjer meg, at ho maa verta Millommann for alle desse nystifta Lagom i Amerika med Ungdomslagom vore. Har du tenkt paa dette? Eg nemnde paa de aat Thorekveen og de lyt vera ein god Maate og kunne følgje korandres Arbeid paa; “Symra” lyt koma med Mellingur fraa Lagsarbeide baade i Amerika og i Norig og med di, attaat sine andre Fyrimaal, bli Organ for Ungdomsrørsla paa baae Siur av Have. Paa denne Gjerdi vil eg tru, at “Symra” vilde faa auke Tingartale sitt saa det mona her i Lande. Elles er vel desse Lagi svært nye enno i Amerika og vil trengje lite Tid til aa koma i rette Fare; Ungdomslagi vore veit sagte hell ikje stort um dei enno – kjem de ikje snart ei Utgrei’ing i “S”?

Paa Kleivsætri er de paa vanleg Vis og eg skal helse fraa alle! Vintren er kome og den som hadde Stunder til de, kunde nok koma fram med Ski no, der ikje Ulende er altfor styggt. Paal kjærer seg for, at det var laakt med Haustfiskerie paa Flatningen i Haust, berre muggje Ver og ingen Nordanvinn de rette Bele. Men han sleit da ei Bytte, likevæl. No driv han aa gjerer eit stort Framskaap paa Sæterdølsgjerd og de ser ut te aa bli reint grepa, med Skjei’kasst, Koll og Greiur.

Bokfloumen, Syndflodi til Jul, ber allt til aa syne seg og etter som de lydest er de ikje saa lite av Maalbøker iaar hell. Kanhende Maalkrigen syner seg aa vera faanyttug paa alle Leider – Aulestadpavin fór no aat Paris fraa altsamen for nokre Dagar sia og kjem knapt til aa gjera nokor Vend meir i Maalvegen.

Du skal høyre fraa meg til Jul! Med helsing aat alle i ditt Hus.

Ivar.