Kjeldearkiv:1911-11-08 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1911-11-08 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 8.11.1911
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 151
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætri 8/11. 1911

Kjære Kristian!

Etter di eg idag smør iveg eit laakt “Dølebrev” att, lyt eg samstundes sende deg nokre rader au, um ikkje for anna, saa vøre det helsbot aa faa skjenne deg hudi full for di du ikkje har skrivi eit ord paa aar og dag. Stundir? kven har stundir her i verdi lenger? eg, til dømes, har knapt saa mykje tid aa laske med, at eg fær broki paa meg um morgon paa folkevis, men enda skriv eg lange remsune baade i aust og vest. Aa ja, det bli no skrivingi deretter, da, trøste og betre. Nei no lyt du ha ei reialeg skure, det er ikkje bøn for di, skulde du berre ikkje vorte saa forherda i syndom, at det berre bli aa skvette vatn paa gaasi, um eg no let meg rigtug til aa bruka kjeft! Kanhende det er sløgast aa la det skure denne gongen, og attistaden hølje tvifallt med eiter næste gong, um det trøngst.

Og saa letst eg som ingenting er ivegen, griber pennen fat og fortel, til aa byrje med, at her paa Kleivsætri er det status quo, vi liver alle paalag som førr og har helsa og saa gaar den eine dagen som hinn. Ho mor, som no er 87 aar, er enno utruleg røkin og god-til-seg, ho stjona noko med høyring og sjaaing og lyt stydja seg paa staven naar ho skal gaa, men elles er ho ikkje atti-komi men heilt aandsfrisk. Eg er som du veit velmeriteret stipendiat, og har desse tvo siste aari luska og skrapa etter folketraditionar i Lom og Sjaak – no nyleg kom eg heimatt fraa ei lengere ferd og da tenkte eg saa halvt, eg skulde vori ferdig med di tvo bygdom. Men no, da eg har arbeidt med aa dryfte, kaste og skipa til sanken, er eg komi til di, at eg lyt gjera ei ferd til for aa ta etterrekste. Jau eg har funni mangt av stor verdaagaa hjaa Løom, kan du tru, og eg har god von um, aa faa eit band med gamalt fraa Lom og Sjaak likesaa forvitnelegt som “I gamle Daagaa”. Dei har ikkje saa mange ættesogur, men saa har dei paa den andre sida mangt anna, som kanhende veg ættesogune upp. Um ei vikes tid etla eg meg aat hovudstaden for aa røkje etter kulturumstødur fraa Lomsbygdom i riksarkive; eg lyt gjera det eg kan for aa sanke allt som kan finnast um live i gamle dagar, veit du, saa live fraa alle sidur kan bli lagt klaart i dagen. Etter nyttaar er det meiningi aa fløtja aat Lesja og Dovre med granskingsarbeide og, rekk eg til, tek eg Nordre Fron til vaars.

Arbeide er forvitnelegt og folk byrjar aa faa liv for det, saa ein møter godvilje og beinksemd kvar ein kjem; men seint gaar det og dagsverki vil ofte bli heller smaae for det jamne; summetidir er det saa lite aa faa tak i, at mod og hug held paa aa tynast, men da kjem det gjerne ein stordag som bøter paa det og sett nytt liv i stræve. Elles likar eg best aa liggje rote i riksarkive, der har ein saa trygg grunn for seg; paa den munnlege tradition lyt ein stadugt bruke ein vâr kritik og ofte raakar ein uppi motsegjingo, flokar og hesplar, som er vande aa finne løysing paa.

Men det var no ikkje just meiningi aa snakke live av deg med denne bygdegranskingi mi, heller, og eg skal sjaa til aa koma burti eitkvart anna. Slikt som dette nye “Fenomenet” i maalvegen paa Vetlhamar, eg meinar “Bonden”, som Stefan Frich no styrer – den treng ei umrøde. For det er fulla paa voni, um du enno har kome saa langt, at du har sêt dette vetle blade. “Bonden” vert utgjevi av eit lutlag og kom for det fyrste ut paa Gjøvik i 2 aar med fleire styrarar, men tingartale vilde helde seg forrlite til kvar tid saa blade bar seg ikkje, og da Frich tok det ivaar stod det saa smaatt til, som det kunde. I mai byrja “Bonden” aa koma fraa Vetlhamar og alle vi maalmenn i Gudbrandsdalen og Valders og fleire stader og som orka bruke ein pen, maatte lova dyrt og heilagt, at vi skulde hjelpe og staa Bonden bi i al livsfare. Eg, som ikkje hadde havt raad til aa teke lut i bladet, tykte eg maatte gjera noko med forslag i, og saa skreiv eg for det fyrste ei livsskildring av Frik Hougen da han gjekk burt ivaar; men da eg tykte dette var eit forlite skaplag, gav eg Frich lovnad paa kjellarmat fraa juli til nyttaar. Og det som meire var: det skulde vera ein roman! Ja eg tykkjes aa sjaa kordane augo du gjere – eg skrive roman! jadden er verdi syndug, au! Korsomer har romanen no fyllt kjellaren i “Bonden” i 11 numer og kjem nok, som sagt, til aa vara aare ut. Ho kallast saamykje som “Fraa Skotte-aare” og skal skildre liv og umstøur paa Lalm umkring 1612, fri dikting, tradition og soge ihopbunden med ei kjæleikssoge, som du veit maatte til, enda ho nok vil bli “tynd og spæd” for meg. Romanen er vist som konstverk rigtugt noko ilendugt skit, og fekk ein av vore yngre “teknisk uddannede” kritikkarar fatt paa henne, saa trur eg ikkje det kom til aa syne saamykje som ein vaat flekk etter. Men som ei skildring av ymse sidur av bondelive den tidi, trur eg ikkje ho er meir umogeleg enn somt, som menn med namn har komi med – heruppi Norddalen er det kanhende ikkje fritt, at ho har kverva “Bonden” nokre tingarar meir, enn han elles vilde faatt.

“Bonden” har gaatt fram sia Frich tok han; no ber han seg allt, men kan enno ikkje gje styraren 1 øre for stræve og det er stor synd, enda Frich nok gjerne gjere arbeide med glede likevel, naar han berre ser “Bonden” er live lagje. Han er som skapt for “Bonden”, Frich, og blade er vorte ypperleg godt sia han tok det – eg held det ikkje utruleg, at han greier aa setja det paa fast fot og naar maale sitt: aa skapa eit “samlingsblad for austlandsk maalarbeid”. Det er mange gode pennar som skriv og innhalde er mangslunge, ikkje saa lite av jordbruk og økonomi imillom, ein godtokke over allt, bondsk og heimslegt og god dølahumør i verde-med, saa “Bonden” skulde just vinne godhug hjaa austlenningom. Da dette Bondeprate allt er vorte harleg langt, fær eg sleppe det denne gongen – ja, det var sant: dette stykke i siste hefte av “Symra” etter Ager, “moderne norsk literatur”, skulde eg havt brennandest god hug til aa sett um paa maale for “Bonden”, og raakar du Ager er du saa snil og spørgja, um han gjev sit jaminne til det, men “Bonden” er ikkje den karen, at han kan betale eit raudt øre aat nokon.

Desse “Dølebreve” mine gaar det reint nord og ned-til med, dei bli laakar og laakar for kvart eitt som kjem, og det skal ikkje undre meg det mindste, um du lyt kaste dette i skrapkassa. Just no stakk det meg, at kanhende denne romanen min, “Fraa Skotte-aare”, kunde vore noko for “Decorahposten” antel som kjellar hell utklypsføljeton. Sjølgjevi maatte eg da setja ho um paa god læseboks-norsk etter Jacob Aars’s retskrivningsregler – eit og anna dialektord er vist ikkje farlegt? Heile smeisen trur eg gaar seg ut paa umkring 70–75 boksidur vanleg oktav, um ho skulde koma i bokform. Du fær tenkje paa dette og gje meg eit svar paa det til Jul – det kunde kanhende vore lite meir ved dette, enn desse ilenduge dølabrevi mine.

Ola Aasmundstad var uppe her hjaa meg isomar sist i juni; han var i godmøle og hadde med seg ein heil brote med rigtugt gjilde Kviknesogur han las upp – ægte perlur fleire av dei, og som vilde vera ei stor vinning for maalarbeide. Men sjaa du, um han bli ferdug til aa gje deim ut? Han skal gjera alt saa vel og saa fritt for det mindste lyte, at han rekk ikkje faa blenkt det vel nokk, um han saa bli gamal som Drakenberg. Han budde paa Baasbakken i Murudalen nokre vikur og eg lova dyrt aa koma i gjest aat honom, men da saa alt byfolkskrape bar til aa koma lynnande her, fekk eg ingor raad med aa koma utor stugaa saa lang tid. Og saa kan eg vonast han Ola vart lite furten. Han er framleides i Volda ved skulen, men har berre lite aa gjera der no, trur det er berre sløid og gymnastik han driv med. Han gat paa aa skrive aat deg og kanhende han alt har gjort det.

Vi har havt skiføre her i fjelle meir enn 1 vike, men vere er saa ustødt med vinn og uvêr; eg prøvde med ski igjaar, men dei lagde klabb saa eg mest ikkje fekk dei med meg heim att. Paal driv aa snikrar høgsætbenkjir og kubbestolar han skjer ut med dølaskurd og sendar inn i byen, han held paa bli reint ein bilæthoggar. Med desse fær du og kone og born leva og vera helsa fraa oss alle!

Din

Ivar Kleiven