Kjeldearkiv:1912-06-23 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 32: Linje 32:
Takk for fotografie av smaajentom! Det er tvo friske, vakre smaajentor som likjest mykje paa ækti si her i bygda. Det skal bli hugnad aa sjaa dei her i fjelle eingong.
Takk for fotografie av smaajentom! Det er tvo friske, vakre smaajentor som likjest mykje paa ækti si her i bygda. Det skal bli hugnad aa sjaa dei her i fjelle eingong.
      
      
Du maa helse prof. [[Knut Gjerset|Gjerset]] fraa meg saa mykje! Eg har dei 10 gongor etla meg til aa skrivi aat honom og sagt honom takk for den mellingi han skreiv i “Symra” av “I Heimegrendi.” – ho var no reint forgod – og av alle dei lovord denne boki fekk tok hans meg sterkast. Som eg lærde aa kjenne Gjerset kan eg ikkje tru det var smeik heller – kanhende eg med desse minner har raaka betre enn eg sjøl trur.
Du maa helse prof. [[Knut Gjerset|Gjerset]] fraa meg saa mykje! Eg har dei 10 gongor etla meg til aa skrivi aat honom og sagt honom takk for den mellingi han skreiv i “[[Symra (årbok)|Symra]]” av “I Heimegrendi.” – ho var no reint forgod – og av alle dei lovord denne boki fekk tok hans meg sterkast. Som eg lærde aa kjenne Gjerset kan eg ikkje tru det var smeik heller – kanhende eg med desse minner har raaka betre enn eg sjøl trur.
      
      
Saa fær det vera med desse, denne gongen – eg skal tidleg ut imorgo og har ikkje tider til aa rette missprent – finn du noko uskjøneleg fær du gjeta deg fram.
Saa fær det vera med desse, denne gongen – eg skal tidleg ut imorgo og har ikkje tider til aa rette missprent – finn du noko uskjøneleg fær du gjeta deg fram.

Sideversjonen fra 23. mar. 2018 kl. 14:15

1912-06-23 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 23.6.1912
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 153
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 23/6. 12

Kjære Kristian!

Med desse følgjer eit Norddølsbrev att, likesaa umogelegt som alle hine. Ja, eg skjønar vel, at læsekrinsen aat “Dekorahp.” set pris paa smaanytt, men eg kan likesom aldrig finne eller faa tak i slikt – kanhende det gjere sitt til di, at eg kjem saa lite ut millom kvinnfolk, kjerringor og gamle jentor. Elles skal eg til næste gong freiste aa gjera mit beste – eg staar just paa [tur til] ei granskarferd aat Lesja og Dovre og det er rart, naar eg har denne brevsendinga for auga, um eg ikkje kan fiske upp eitkvart som vilde høve.

Av “Gudbran[d]sdølen” har du vist longe merkt deg, at sparebankane i dalen etter uppmoding av “styret for Lilleh. bys vel”, har lett til granskarpengar aat meg for 4 aar, mindst kr. 800 for aare. Saaleis fær eg med det eg førr har av staten ialt kr. 1600.00; meininga er, at eg da skal ofre meg heilt for bygdagranskinga og det er just det eg heile tida har ynskt meg. Difor legg eg ned heile geskjeften med somargjestom heretter og isomar bli her tomt hus, berre eg, mor, Paal og ei tenestjente. Gud kor fritt og lett det skal bli etter all den kulturmøka eg har dregist med i 14–15 aar! Men det kan nok hende det bli noko snøypi for meg i overgangen um eg ikkje kan faa gjevi ut noko skrap som kan hjelpe paa. Det vil no bli stor skilnad mot førr med di, at eg kan faa 3 maanar meir tid aa gjera paa mot førr. Og eg har fleire jarn i avlen um dei berre ikkje brenn upp for meg: det er ein ny del av ei Heimegrend til med bilæte, ei bok um fjell-live mit “Fjorten aar i fjelle” (kan eg no kalle ho idag – kva ho heiter næste aar fær Vorherre vita), med “initialbilleder og illustrasjoner” (jøss!) – saa er det enda “Fraa Skotteaaret” som eg endeleg tenkjer aa gje ut serskild ilag med ei “historisk roman” (bom-bombeli-bom!) um ferdi dølane gjorde til Nidaros i 1658 da dei friviljugt gav seg med og tok att Trondheim fraa Svenskom. Her fær eg da aaføre til aa draga fram mange umstødor i dei ymse bygder og fær skildre futen Jørgen Filipsen og Fronspresten magister Iver Pedersen, den lærde latinaren som paa latinsk heitte Petrus Adolfus. Jau det skal bli spøkje til bok, kom ikkje der! No, ei innbillt herlegheit er ei virkeleg herlegheit, sa han fader Holberg[1], og naar eg trur saa stort um denne boka, saa kan altid du lata vera aa fline, til du endeleg fær ho i henderne. Kor som er ser du, at eg ikkje vantar jarn i avlen. No fyrst kjem eg kanhende til aa klemme paa med “I Heimegrendi II” etterdi eg der har liggjande nokre fyriarbeid paa kladd, men um eg rekk aa faa ho ut til jul tør eg ikkje seja visst – eg lyt no gjera eit ærleg forsøk. Boka um Lom og Sjaak er langt paa veg, ho bli fullt saa drug og visst fullt saa forvitneleg au, som “I gamle Daagaa”. Ho vil bli ferdig ut paa vaarparten 1913 – eg lyt bruke vinteren som kjem i riksarkivet til aa fylle nokre hol med, av bilætom vantar det meg au mange enno.

Somarsarbeide mitt bli saaleis Lesja og Dovre, paa haustsida tek eg truleg Kvikne og Skaabu av nordre Fron. Arbeid vil det bli nokk av i desse 4 aarom, men har eg helsa som no, saa vonast eg at eg skal greie det meste au. Heilt aa skilja meg ved det kropslege arbeide heruppe korkje kann eller vil eg – det er rein helsebot baade for kroppen og hjernen. Eg klemmer ofte paa saa sveitten silar; no i siste tidom driv eg og rød upp stort, kvistot fjostimber og der kan ein faa sveitte ut mykje literær latskap og hjernemygle. Det er det gode med aa ha ein stad saaleis som eg, at ein til kvar tid kan faa røyve kroppen sin saa ein ikkje styrdna heilt eller kvævest av papir og bokdumbe.

Det ber til aa bli vakkert fjelle no – vêre er av beste slag og hamna mest fullvaksin; det let bjøllor og haukar gjætarar kvar du snur øyra og øksehoggi lydest fraa skogen og fraa sætrom – liv og rørsle rundt um i fjelle, høgt og laagt. Du skulde vore her no med heile lyden saa hadde vi teki ei baatferd nordpaa Flatningsholmen og halde Jønsukukvell. Men det bli no ikkje av iaar, kanhende ikkje før i 1914?

Gaar det vel skal eg lite lenger fram paa somaren sende deg nokre bilæte fraa heruppi rike mitt. Jau, ser du, for Lomsboka mi vart eg nødd til aa faa meg eit fotografiapparat som just kom igjaar. Og er eg da ikkje større tosk og trehending enn eg lærer aa bruke det paa skikkeleg gjerd, skal du faa sjaa eitt og anna av “kunstarbeidet” mitt. Sjølsagt mitt eige kontrafei, fyrst og framst.

Med oss her paa sætra er det ved sit gamle lag; mor er enno røken og frisk, et, drik, søv og ruslar med eitkvart. Men det ser ut til aa bli gale med sjaaingi, sia ihaust har det gaatt saa fort, at no er det berre saavidt ho har gongsyn. Eg skulde ynskje ho ikkje vart reint blinn, for det lyt vera tungt, naar ein er aandsfrisk og røken elles. Den 1ste Septbr. vil ho fylle 88 um ho liver til den dagen.

Paal har kasta seg over treskjæring dei siste aari – han skjer bostkast, kubbestolar, gjerer utskorne skrivebord, roskaap og stuguskaap, hegsetbenkjer og kva det alt er. Han har stadugt nokk aa gjera og tener hellerikkje ille med arbeide sitt.

Du maa aarsaka, at eg denne gongen var saa sein med svare – det er ikkje heilt latskap heller, for eg har havt mykje aa gjort det siste fjordungsaare og saa har eg tenkt eg skulde skrive, naar eg fekk stunder til aa rote ihop eit “Dølabrev” att. Saa vart ikkje det av førr idag.

Takk for fotografie av smaajentom! Det er tvo friske, vakre smaajentor som likjest mykje paa ækti si her i bygda. Det skal bli hugnad aa sjaa dei her i fjelle eingong.

Du maa helse prof. Gjerset fraa meg saa mykje! Eg har dei 10 gongor etla meg til aa skrivi aat honom og sagt honom takk for den mellingi han skreiv i “Symra” av “I Heimegrendi.” – ho var no reint forgod – og av alle dei lovord denne boki fekk tok hans meg sterkast. Som eg lærde aa kjenne Gjerset kan eg ikkje tru det var smeik heller – kanhende eg med desse minner har raaka betre enn eg sjøl trur.

Saa fær det vera med desse, denne gongen – eg skal tidleg ut imorgo og har ikkje tider til aa rette missprent – finn du noko uskjøneleg fær du gjeta deg fram.

Heils kona og smaajentom!

Mor og Paal helsar!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Moralske Tanker (1744).