Kjeldearkiv:1920-05-05 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1920-05-05 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 5.5.1920
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 157
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 5/5. 20.

Kjære Kristian!

Alleslag takk for det kjærkomne breve fraa 5te Januar! Du bed meg um svar i rimeleg tid og det var au meininga du skulde sloppe aa venta saa lengje, men saa bar det aat Øier med meg i slutten av Januar. Der vart eg verande ein heil maanad – gjekk fraa hus te hus, pumpa gamle kallar og kjerringor, grov i gamle papirfillor, drakk laak kaffe og aat nymotens bakverk saa eg tilslut heldt paa aa setja skræ’n tevêrs. Attpaa laut eg ei snarferd paa Maihaugen for aa vera “raadgiver ved verdens skabelse”, som salig Kr. Friele sa um Bjørnson – i vanlege ord vil det segja, at eit svensk selskap skal filme Maihaugen med interiører og drag av bondekulturen i helg og søkn. Og paa fyrihand skulde Sandvig med gode raad av meg leggje planer for filmen.

Saa kom eg endeleg heim att eingong langt ut i Mars og gledde meg paa, aa faa kvile vel ut i rein luft og usnikka av kulturen; men vel tehusan kome fekk eg influensa, spanskesjuka eller kva det var, og vart gaa-ande med hoste og harking og mangeslag plagor heilt til dei siste dagane. Hugu vart som vimse og eg laut liggje meir enn eg var paa føtom, det var reint uraad aa gjera noko og allt arbeid fekk liggje. Dette er aarsaka te, at det gjekk saa lengje førr du fekk høyre fraa meg. No ser det og kjennest ut for, at eg held paa “krauna te atter”, det er snart berre høgre armen som ikkje vil bli god att, han gjøymer paa ein flekk med reumatisme som det visst er ’om saart aa gjeva fraa seg.

Ja du har havt noko aa gaa igjennom desse aara og serleg det siste, kjære ven! eg lyt undre meg over at du kunde gaa igjennom all denne motgangen av sjukdom, sorg og sakna, foruttan aa brotne ihop. Og at du enno ikkje er lens for livsmod, det ber breve ditt saa mange boder um – det gleder meg inderleg, for med di veit eg, at du er over det verste.

Kona di maa ha vore ei solstraale og eg kan mest trega paa, at det ikkje vart noko høve te aa raake ho her i livet, ikkje eingong eit brev kom eg te aa skifte med henne. Men saa skreiv du aldrig noko større um henne heller og det kan eg godt skjøne grunnen til etter det, du no skriv um ho – ho var den granne, kløkke livsblomen i tilvære ditt som du helst var einsleg um aa gl[e]de deg ved. Du maa under all motgang og liding ha havt ein framifraa heim og eit lykkeleg heimliv og det kan berge mannen gjennom alle vandskar. Og saa kan eg saa vel tenkje meg, at du no i lange tider kjem til aa leva paa minne um ho, som var sola i denne heimen, men tek eg ikkje reint imist, er gleden i arbeide heller ikkje utbrennt enno og arbeidet det er no ei Guds signing i verda, det kan mildne og lækje den saare hugen, reise upp att livsmode og gjeva live verdaagaa.

Det er morosamt det du fortel um blomlaukdyrkinga di; at det lyt vera forvitneleg sejer seg sjøl og etter som du skriv, er det vel ein heil leveveg, kan hende ein god leveveg, au, ved sida av bladyrkje. Eg kunde nok havt god hug til aa sêt hagen din og sume av dei gladioler du har “forfattet”. Eg lyt no nøgje meg med dei ville fjellblomar paa kvea heruppe um somaren og noko hagebruk er det ikkje vorte noko av, enda ein visst kunde faa mangt te aa vekse her, baade til pryd og nytte. Lenger enn te rabarbra og ribs er ikkje eg kome enno og rabarbraen trivst rigtig godt, um ribsen vil trivast saa vel er kanhende paa vona.

At du er saa glad i “Heimegrendi” er gjildt aa høyre for meg, for eg veit du røykjer ikkje med virak for virakens skuld og difor lyt eg tru at eg med den boka har gjort eit velgjort arbeid, som kan faa meire verd for framtida, enn ho har just no. Det er leidt, at eg held paa aa fær vel mange jønn i avlen, saa det visst kjem til aa gaa aar førr eg kan tenkje paa aa gjeva ut eit band te, enda eg har det liggjande i vel utarbeidd “kladd”. I det bande skildrar eg ein 10–12 originaler eg var mykje samen med og som eg paa mange vis fekk godhug for. Til rame umkring desse livsskildringor legg eg drag av kvardagslive paa garden somar og vinter, haust og vaar, helst sermerkte ting som ikkje heilt er kome med i “Heimegrendi”. Helst vilde eg nok havt ut ei ny utgaave av “Heimegrendi” samstundes med andre bandet, kunde eg saa faatt ein dugande konstnar te aa illustrert, kunde det kanhende vorte folkebøker. Men som det no ser ut blir det uraad aa gjeva ut noko paa prent.

Eg tenkjer meg til med ein strid somar – skulde freiste aa bli ferdig med innsamlinga i bygdom til hausten, for eg har att eitt og anna ugjort baade i Fron og Gausdalsbygdom og dertil ei stri beite i Faaberg. Saa bli det arkivarbeid kanhende meir hell eit aar og saa kan eg staa i fare for, at aara tek te aa sige paa saa hugen og dugen minkar – til no har eg ikkje havt noko aa klaga og eg lyt prøve ha trua god og halde mode uppe.

Ja, det er mangt som meller seg og som skulde vore gjort unda førr gamelmannen kjem for aalvor! Saaleis ei ny utgave av “I gamle daagaa”; boka har no vore utseld paa 3je aare og sia ho kom ut i 1908, har eg sanka ihop ein mengde nytt tilfang: segner, økonomisk utvikling, skulesoge, prestesoge, kulturskildringor og bygdakunst. Det vilde bli ei heilt ny bok og eit meire fullgjort arbeid alt upp. Men dei andre bygdene ventar og her lyt dei nok gaa fyri – kunde ein berre gjera reikning paa aa vera like arbeidsfør som Arvesen til ein var 85 aar!

Men let eg ikkje glette inn paa desse emnene, det kan bli høve te aa handsama dei seinare frametter. Du spør um Ola Langskjegg – jau han liver vel og har byggt seg ei rigtig vakker dølastugu paa ei vakker toft øvst i Aasmundstadjorde, heimen hass heiter “Borg” etter heimstaden hans Egil Skallagrim. Stugo er innreidd med vakker dølabunad all upp, mange rigtig gjæve ting, og her kunde han bu hugleg og koseleg. Men det trur eg ikkje han gjer likevel; han har ikkje raad til aa koste seg nokor hjelp i huse og saa bli matstelle hans alt anna hell “sundt” og godt. I pengevegen staar det ikkje paa honom, attaat det han har lagt seg upp har han pension av staten for dei aara, han var sløidlærar i Solør og ungdomslærar i Ørstad. Eg veit ikkje um du fekk høve te aa merkje det i samvære med honom, men han har all sin dag vore ein gnipinne og dette har ikkje minka med aarom. Ola har eldst mykkje og det lange skjegge er vorte kortare og mesta kvitt, elles er han livleg og kvik. For 2 aar sia gjorde vi ei ferd til Gausdal og heldt følgjeskap i heile 14 dagar – han vitja gamle vener og eg pumpa, gjekk Essdalen[1] attende um Skaabu til Aasmundstad; her var eg i 2 dagar, budde paa Borg og gjekk te maals hjaa gamle Per Aasmundstad nede paa garden. I vinter dreiv Ola og fortalde Islandssogor paa Vetlehamar for ein liten utvald krins, imillom fortel han sogor paa ymse av folkehøgskulom og dette arbeide livar guten upp att. Det er skade for maalsaka i Gudbrdsdln. at han ikkje har framferd til aa gje ut i ei bok bygdesogone, skildringane og minne sine, eg har masa med honom um dette ofte, men det blir ikkje av, han har mange overlag gode stykkje, reine perlor iblandt. Tak deg ihop og sende honom eit brev, eg veit det vilde glede honom hjarteleg.

Aa fortelja noko um maalsaka, maalvokstren og maalarbeide vil vel vera aa gjeva “bakaren brød”, paa desse umkverva har du visst fylgt likesaa godt med du, som eg – du har vel “Den 17 Mai”, “Syn og Segn” og fl. og da er du altid nokk “orientert”. Kanhende du held “Bonden”, au? Um dette blade kunde eg havt hug te aa skrivi lite, for det kunde faa verknad paa framtida um det voks seg større, men eg kjenner eg held paa bli vimsen i skolten av aa stire paa papire, influensaen er ikkje heilt ut av skrotten att enno, og saa fær de vera til næste brev.

Ja sjaa til aa gjer aalvor av aa sjaa Bøneslia att! Kom og kvil eit aar, gjeste fyrst slektningane i Heidalen og slaa deg saa til ro uppe hjaa meg saa lengje du vil! Her er god rein luft, skaarstein og dølamat, ingen gatelarm eller steinkolrøyk: ro og fred ute og inne. Eg er no langt innetter den gamle og har framleies god raad paa tullsnakk som i forne tider. Eg skal kanskje i næste brev gje deg eit “interiør” fraa heimelive mitt her, og freiste faa med sume av dei gamelmannsnykkjom eg har lagt meg til.

Vi held paa aa vente paa somaren heruppe no, men han er nok vorte heftande paa vegen; linerla er longe komen og maaltrosten heldt stor spellkveld nere ved laaven i gjaarefta, kveene er flekkjeberre og i solveggjom grøner det i, men enno er det kjøleg um neterne og frose paa um morgon. I bygda er det longe berr mark, men eg trur ingen enno har sett plog i jorda.

Helsing fraa Paal, likesaa fraa Iver som var her no i nokre dagar og reiste att igjaar – og saa, te laas, den beste helsing fraa

din gamle ven

Ivar.

Fotnoter

  1. Espedalen.