Kjeldearkiv:1924-07-14 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
1924-07-14 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 14.7.1924
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 163
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 14/7. 1924.

Kjære Kristian!

Tå alle dei helsingor, telegram, brev og kort som fløymde inn åt meg på festen i Vågåmo[1] og den 10de her på staden, er de ingor som er meg så kjær som den du senda meg. Og ho kom i ei god stund – Skrede las ho upp framved peisen i den gamle peisestugu der vi sat samla nokre vener og kjenninger. De var ikje langt frå eg kom på gråten – det eine minne etter de andre livna upp og tok så forunderleg um hjarterøtene. Og ut på kvelden kom de ei helsing te, som vekte liv i minnerne: Hanna Juberg – no fru Hagerup – ho, som i Seljord var Ågot i Fjelleventyre, senda meg eit lykkynskjingskort og nemner, at ho enno lever på gode minner frå Seljord. Døkk tvo er dei einaste av skulekameratom frå Seljord som sende meg ei helsing.

De vart svare te “støy oc opstandelse” i Gudbrandsdalen da eg fann på å bli 70 år gamal! Gjenom avisor, festtalor og festsange vart eg blåse upp te ein stor mann og arbeide mitt te eit storverk; båe deler er overdriving, men de lyt altid vera ein del kløkke festblomar, som snøgt visnar, ved slike festar og noko virak høyrer gjenne med. Mykje av al denne ros og skrøyv veit eg vel var ærleg meint, men eg kjenner meg sjøl såpas vel, at de gjorde meg sturen når eg vart hylla og lyfta upp i skyene som “granskar”, “kunstnar” og “målmester”. Sjøl har eg aldrig bore store tanker um livsverke mitt, men eg har visst med meg sjøl, at de eingong vil få verdage når ei ny norsk kulturhistori bli skrivin, for der får bondekulturen den breiaste plassen. Og så har eg vonast at bøkene mine kanskje vil hjelpe dølaungdomen te å finne veigen heim att te vår eigje kulturgrunn. Kanhende de alt held på lagar seg eit skifte og at denne festen for meg er eit merkje på, at folke i Gudbrandsdalsbygdom held på å finn att seg sjølve, held på sejer seg lause frå danske avleigor og unaturleg bykultur. Eg våga meg no te å sjå på festen i Vågåmo som eit slikt merkje og skal glede meg um eg såg rett.

At arbeide mitt no ser ut te å ha sanka full medhug umkring seg, både i dalen og vidare umkring, er meg sjølsagt kjært og det aukar arbeidshugen og arbeidsgleden, likesom de gjev meg ei visse for, at eg ikje har livt reint i måfå i samtida.

Gjennom andre veit eg, at du no er vorte sjevredaktør for Decorahposten og såleis ein stor mann du, og, likesom eg. Men eg er viss på at for deg har de vore tie gonger meire arbeid, slit og stræv hell de har fulle på meg – eg kom å kalle for “åt Paradis på slette marken”.[2]

Men korleis bli de så med ei heimferd? Bli de reint vonlaust hell bli de ljosare voner hell nokongong førr?

Sia ivår har eg byrja skipa te ei ny utgåve tå “I gamle dågå” – eg gjerer de på fristundom, likesom, for ikje å skiple arbeide på dei andre bygdabøkom som kvar bygd ventar på. Um eit par dagar skal eg ut etter dalen på sank att og trur mest, eg skal gjera meg ferdig på denne ferda.

Vi har endeleg etter ein har og sein vår fått høgsomar i fjelle og de smakar ikje godt, å sleppe seg ned i dalsprunga just no, da alting blømer og angar tå somar rundt um frå skog og li. Men de er ikje råd med di – fær vonast at somaren bli lang iår etter di han kom så seint.

Igrunnen hadde eg så lite å skrive um idag, men eg kjende meg driven te å sende deg takk for den gjæve helsinga di, som gjorde meg så glad og som eg gjøymer på som ein heilagdom. Inderleg takk!

No er du vel så forrlesst med “Decorahposten” at ein korkje tør nemne på brev eller vente eit ord frå deg åre igjennom? Går de den veigen blir de ikje stor godhug Decorahp. kan vente seg tå meg.

Hjarteleg helsing frå Pål og

din gamle 70 åruge

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Festen var søndag 29. juni. Professor Knut Liestøl heldt hovudtalen og Tore Ørjasæter framførte eit stort hyllingskvad.
  2. Uttrykk frå eventyret om veren og grisen som skulle til skogs og bu for seg sjølve. Trykt i mange eventyrsamlingar og lesebøker, og er også med i Norske Ordsprog (1856) av Ivar Aasen, med forklaringa «Faae al Herlighed uden Møie».