Kjeldearkiv:1930-11-13 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1930-11-13 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 13.11.1930
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 174
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætre 13/11 1930.

Kjære Kristian!

Nei nå held oss båe tvo på å felle attende i den gamle Adam og nå lyt han både “dødes og druknes”[1] på båe havstrandom! Dette “fromme forsette” har eg gått med sia tidleg ihaust og ein søndag for 7 vikur sia tok eg “pennen fat” og skreiv desse “bevingede” orda, det var enda den 21de september:

Det er helgedag idag og eg kjenner likesom fromme flogor gjennom meg og er viljug te all god gjerning, serleg er eg så ferdog te alslag tilgjeving – men da renn det for meg, at det lyt vera minst tri fjorongsår sia eg høyrde eit ord frå deg, og at eg frå Jønsukuleite og te midten tå august venta på, at du um Island kom frå Nidaros åt Heidalen der oss skulde leva i Paradis ved Mæringsdalsbuin, finne att di gulltavlun i grase[2] oss gløymde att der i ungdomen og viare kreka uppå Mugjin å ta det siste utsyne over Jøtunheimen og alle dei andre heimer, som ter seg for augom der uppå – ja heretter greier oss nok ikkje Mugkampen nugun tå oss, er eg redd for. Men da det dragna over midten tå juli og ingen sjevredaktør korkje kom, hell varsla um at han var i kjømda, da skjøna eg korleis det kom te å endlykte, enda så forbanna visse oss alle kunde vera på, at oss skulde ha deg her att i 1930. Ja, så lyddest det i 1927 og eg trudde på det neraste te full visse, at redaktøren kom te å helde ord. Men […] tru alle journalister! Desse tankane tok te å bendast og brotast gjennom den snaue skolten min og eg kjende, kårlest vonbrote bar te å heta upp med øyrom –: eg lyt sjå te å finne fram eit stort kvartark så det bli godt rom te å ause over deg ei dugeleg flo av dei fantordom eg i gutong-årom lærde tå ’om Ola Randa, ’om Lars Rusten og ’om Knut hans Steener[3], dei dagane heldt vi øving i “retorik”. Um eg nok har gløymt mange tå dei som tok best nødjing, er det rart um eg ikje skal kunna grava fram at summe ennå, som det kan “bite bra” for – slike bolter som “Blåfuruskarre”, “Svarthaverdarre”,”Hafellorre”, “Peparsvare” o n fl, er nok ennå skarnsord som det søkk for. Jau, redaktøren skal få gå igjenom! Men i sama stund skaut det upp for meg, at på ein innbarka journalist bit det ingenting, og dei verste skarnsord trilla tå som vatn på gåsryggjen – og så enda det med at eg snudde um og “avvæbna” og valde å skrive eit tå di vanlege, turre, men på ei gjerd skjikkelege brevom mine, da eg fekk tenkt meg væl um. [Hit kom eg den 21/9 ein-dagen]. Men eit stort vonbrot var det for meg da eg forstod, at jubileumsferda di åt Nidaros i somar rann upp i supe. Kan godt vera at sjølve jubilæe ikje var så stort tap for deg, enda den historiske avdelinga skulde vera overlag gjild – på mange vis stellte dei stive, ufolkelege “Trondhjemmerane” seg såleis, at det låg som ein udåm over heile jubilæe – verre var det, at du ikje fekk nytta dette høve te å gjeste heimlande og fyrst og framst heimbygda. Eit slikt høve kan det vera på vona um det kjem att og eg kan ikje fri meg for den otten, at oss ikje kjem te å råkast meir på heimbygds jord, ein otte eg ellest i lengste lage freistar å yte frå meg tå all makt. Men dette er det ingor “attvend” for – eg tvilar ikje um at det var tvingande grunnar, som heldt deg burte frå Norig, Nidaros og Heidalen.

Her på Kleivsætra går det i det gamle gjengje sitt; fyrst på somaren fekk eg eit osedvanleg hardt “hekseskud” så eg laut ha doktor på staden, og etterpå fekk eg noko i vinstre knee og i tvo finger i vinstre hånda. Både knee og fingra vart halvt makteslause og eg vart låk te å gå, var lite arbeidsfør i mange vikur, men slapp reint for smertor etter at hekseskote ga seg. Eg kom meg lite etter hand men korkje knee eller dei tvo fingra er nøytuge som dei var førr, og bli det kanskje ikje heller, og eg kjenner, at eg fysisk tapte ein god mon tå den førleiken eg åtte – det er nok gamelmannen, alderdomen, som tek te å gjera grep etter meg, som nå ellest ikje kan vera å undrast på.

Te all lykke hadde eg såvidt lese frå meg siste korrekturarke på Fronsboka, da sjukdomen kom, og utgjevinga vart ikje seinka som væl var. Nå har da boka vore i bokhandelen i lengere tid og “går” vel på sama gjerda som dei fleste bygdabøker: eit lite fåtal tå serskilt interesserte bygdafolk kjøper ei bok ein gong imillom, men største tale bli liggjande hos forlage. Boka er den største tå bygdabøkom mine og har over 70 bra gode bilæte; Fron hadde mykje gode erveminner og fleire kunnige folk sejer, at ho er den beste tå bygdabøkom mine, kva som nå kan vera sant og ikje. Med posten idag sendar eg boka så fær du etter hand sjå kårlest eg har kome frå arbeide. Berre boka nå kjem fram, det hendar visst så ymse med bokpost åt Amerika; kårlest er det, har du fått Ringbusboka? Eg senda den fyrst på somaren i 1929 men um du har fått ho i hendene veit eg ikje, gjer væl og mell um det, er ho ikkje kome fram skal eg sende ei ny.

Nå for tida arbeier eg på bygdaboka um Øyer, og den boka bli ikje på langt ner så stor som Fron, det er ei litor bygd og tradisjon er heller ikje svært rik, det har det lage med folkeminnom i Gudbrandsdalen, at dei bli tunnare og magrare tess lenger ein kjem utigjenom dalføre. Det var tanken at Øyer skulde gå “av stabelen” neste år um allt går væl, men det held på å spøkjer for, at Vagverane endeleg vil ha ei ny utgave tå I gamle dågå, da ho har vore utseld i 15–16 år. Oss har fått eit “Historielag” på Vågå med ein framifrå drivande styremedlem, skogforvalter S. Wolrath, og han persar på av all makt med å få I g.d. ut i ny utgave i raue rappen. Og det skulde ikje vera meg imot; eg har i dei 22 år sia boka kom ut samla mykje nytt og godt vyrkje, og den nye utgåva vilde bli ei mykje verdfullare bok hell den gamle. Historielage med Wolrath i brodden har fått tevegjes eit rikt utval med ypperlege bilæte og allt ligg såleis væl te rettes. Det kan hende eg kjem te å arbeide ei tid med Vågå-boka når det lid frampå det nye åre, for det fyrste lyt eg nok helde fram med Øyer og Øyveringom og sjå te bli skjild med dei.

Någå serleg nytt veit eg ikje diske upp med utanfor det du kjenner frå avisom og brev frå heimbygda. “Gudbrandsdølen” er nå vorte eit forbanna høgreblad, argt bakstræv med stadig hakk etter vinstre, men er ellest godt styrt som lokalblad, er ikje meire sta hell det tek upp stykkje på nynorsk og dølamål, tessmeir. Det er nå låke greior at ikje vinstre kan helde uppe eit eigje blad for Gudbrandsdalen.

Det tek te å gå ord um eit og anna tå di, som bokflaumen skal koma med til jul, og millom di er det nok ikje så lite på nynorsk, någå er allt kome, men eg har ikje lese det ennå. Uppdal har gjeve ut “Galgeberge” som har fått stor ros, likesom hine diktararbeia hans; eg har aldri tykt um diktinga korkje åt Uppdal hell Olav Duun, men det er sjølsagt mi skuld, eg er ikkje såleis “innstilt”, er ikje “sålest ’tibunde”, som ho Marit Randa ofte sa. Men dei Trøndelagsbøndane åt Duun tykjer eg er livsframande kaldholmar.

Vi hadde ein ypperleg somar i gamle Norig isomar var, han var så nær forrgod og tok meir på seg hell han greidde å bera fram te fullnads. Men tidene er myrke og tunge og bøndane slit for live med gjeld og urimelege skattar: stortida og krigsåra var den største ulykka som har gått over lande etter Svartdauen. Ein stor haug tå bøndom på di gamle ættegardom står ferdoge te å gå frå gard og grunn og for mange er det ikje berging skapt. Det er så vondt å tenkje på, at ein kan koma på gråten.

Pål driv med snikkerarbeid og treskjæring og held nå på med eit roskåp som skal ned åt ein tå småbyom ved Oslofjorden i god tid fyri jul; han har nokk arbeid til kvar tid og 2 dagar i vika er han postførar frå Lalm – oss må “følgje med” veit du, enda oss har radio i huse, au, med værvarsling, børsnotering og skrikarkonserter så trummehinna mest klovna. ─ Dette breve tenkte eg skulde bli likesom inngangsstykkje åt ei ny, lang og livleg “periode” med brevskifte, og nå fær du endeleg gjera væl å skrive så eg kan få veta kårleis du har det. For det lakkar sterkt mot eit år sia eg høyrde frå deg. Og hermed ei hjarteleg helsing frå meg, Pål, Bøneslien og Kleivsætra!

Din gamle

Ivar.

Fotnoter

  1. Frå E. Pontoppidan: Sandhed til Gudfrygtighed (1737 og seinare), spørsmål: «Hvad skal der giøres ved den gamle Adam? Han skal dødes og druknes, det er, undertrykkes ved daglig Poenitentse.» Uttrykket er òg brukt av A. Kielland i Skipper Worse (1882).
  2. Frå Voluspå, i skildringa av den nye jorda som steig opp av havet etter ragnarok: "Då mun atter undersame tavlor av gull i graset finnast" (strofe 61).
  3. Knut Stenersen Stenstuen (Bårstad). Han var søskenbarn med Kleiven på morsida og er omtala i kapitlet «Knut» i boka Elvesøg (1937.