Kjeldearkiv:Austbygde Skyttarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mar. 2018 kl. 11:49 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (satt inn bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austbygde Skyttarlag bilde tatt rundt 1912-15. Bakre rekkje frå venstre Jon O. Gollemogen, Herbjørn E.Fossheim, Jon O.Skifterud, Ola O.Kvistrud, Ola O. Rue, Ola K.Olesrud, Gregar G.Eggerud/ Sanderud Fremste rekkje frå venstre Søren Svimbil, Øystein K. Haukaas, Ola T.Dale, Hans Rue Spånem.

Halvor T. Luraas f. 1911 har skrive ned historia til Austbygde Skyttarlag i Tinn frå starten og fram til andre verdskrigen, etter samtaler med folk, og egne opplevelsar. Dette er det Halvor T Luraas har skrive om:

«Når eg skal prøve å gje eit attersyn av Austbygde Skyttarlags soge frå dei stifta laget so blir det etter samtale med kva gamle skyttarlagsmedlemer kunne fortelje. Den som eg fekk mest upplysningar av var Olav J Haukås. Eg noterte ned det han hadde å fortelja. "Eg kom med i laget i 1909. Da var Søren Svimbil formann. Ivrig og god skyttar som han var både på banen, i skog og mark. Hugsa det var skjoting her uppe på haugan ved Haukås. Det var i 1902-03. Der selde Nils Skarpås ammunisjon og eg trur han var formann. Der deltok blant andre Hølje og Eilef Midtgarden, Olav Person, Jon Gollo og fleire andre med Lunjser, 4 linjes, 3 linjes og 10-2 ved Øystein Eggerud. Herbjørn Runnekås hadde fenge seg Krag som no viste seg som den beste banebyrsa. Nils laga skivor av tre som han måla blinken 9 og 8 svart, og rissa med passar resten av skiva. Ein hatt vart bruka som anvisningsspak og trepinnar til å lappe med.

Monladning hadde Hans Moen. Skyttarbanen var ved Flatin og dei skaut over på vestsida i nedre Austbygde.

Seinare var Tore Rue formann og då tinga me gevær gjennom laget. Ellers so fekk me utlånt byrsor av hæren og det friviljuge skyttarvæsen som laget var tufta på. Seinare kom Øystein Jonsjord som formann og da vart det årlege feltskjotingar på Mykletjønn som varde i mange år.

Brynjulv Tallåsen og Brynjulv Tverberg sette upp det fyste Lurheim i 1907-08. Eg var med og drog timmeret over åi frå Luråsøye. Det var kjøpt av Anfind Lurås. Me kalla det for skyttarhuset til daglegtale, slutta Olav. Han var ein ivrig og god skyttar for laget i mange år.

Kjersti Luraas(Vestøl) fortalte meg at den fyrste skytebanen i Luraas krets var på Luråsøye. Dei skaut da mot Leirgrove på den andre sida av kjæva. Det var so god ein bakgrunn for nedslagi av kulone der.

Tid for banerydning av den noverande skyttarbanen var sannsynleg med bygginga av Lurheim. Herav kom vel den daglege uttalelsen av "Skyttarhuset". Ein av dei som var med på banerydding var etter uttalelse som eg hev høyrt, Halvor Dillekås,som også var med i laget kring 1900. Banen vart rydda for skjoting på 100,300 og 600 mtr, seinare 100-200 og 400 mtr. Eg kan hugse at eg var med og anviste saman med Knut Rispa på 400 mtr. Det var vanleg at når me som gutongar kom på banen måtte bli med ein anvisar på den jobben.

Me har ei rekneskapsbok frå 1909 som visar at baneleiga var betalt det året.

Standplassen på banen var inngjerda med eit kvitt stakittgjerde på tri kantar. Det var strenge reglar for skjotinga på standplassen. Rekneskapsboki frå 1909 er svært interessant. Den viser virksomheten i laget frå 1909 til 1959, da den vart utskrivin. 1916 er ingenting notert. Krigsåri 1942-43-44 var der ingen virksomhet. Pussigt nok er det rekneskap for 1941. I det fyrste året 1909 stend til dømes: Frå kassestyrar Hans H. Riggenholt fekk eg i det heile eit beløp på kr. 48.72. Derifrå gjeng lagspengar kr. 22.50, rest som over kr.26.22. Men ingenting om kven som er den nye kasseraren. Rekneskap er ført i mange år, men ingen har underskrive kven som var kassestyrar eller rekneskapsførar. I 1917 er bokføringa gjort av Tore Gj, Rue og han har underskrive den. Han skreiv til slutt: " baneleiga til staten for åri 1915-16-17 har eg søkt landbruksdepartementet om ettergivelse på, som vart av same etterkome". Tore var ein dyktig og god formann og kassestyrar. Han la ned mykje arbeid i laget. Han krota og teikna fine plakater til uppslag kring i bygdi, med fleire fargar so dei syntes på god avstand. Om det tok ein eller to dagar til dette arbeidet la han ikje så stor vekt på, fortalde Svein Berg. Skyttarfestan til laget var gjæve feststunder som mange venta på. Lurheim var einaste ungdomshuset til fest og dans i tidi frå 1809 til 1920 i Tinn. Det kom festdeltakerar frå heile Tinn, og mange kom frå Busnes, Rudsgrend og Hovin med båten til Austbygde,og ein tripp derifrå og upptil Lurheim var for ingenting å rekne. Skyttarfestane på Lurheim var samtaleemne i den tidi. Før skyttarhuset(Lurheim) vart bygd var festen og dansen gjerne lagt til privathus. Runnekås og Tallåsen var visst mykje bruka. Halvor Tallåsen fortel at det var Br. Tallåsen, Jon Meisen og Sigurd Apalen som var byggmeistar. Murmeistar var Br. Tverberg. " Mor koka kaffi i mange år på Lurheim. Ellers so hugsa eg det var skyttarfestar her på Tallåsen. Johannes Dale spela til dans og dei spente hallingkast på tundet, der ein hatt var hengt på ei råte."

Når laget er stifta er me ikkje heilt sikre på. Olav Haukås nemde på ikring 1885, men me var so heldig å få, frå Olav Gollemogen i 1984, ein skyteprotokoll frå 1896. Han fann den i ei gamal kiste på Gollemogen. Ole Pedersen Gollemogen var militært utdanna og sannsynleg formann i laget på den tida. Protokollen er ført av oppsynshavende, Ole H Mogen( Meisen) som kom til Sud-Rue og var ein skogvaktar i Statens skoger. Den er godt og fint ført og er eit kjært minne for laget. I året 1896 er uppført 46 skyttarar. 35 stk i 1. klasse, 6 stk i 2.Kl., 4 stk i 3.Kl. og 1 skyttar i 4.Kl. Etter namna å døme er det fleste frå Haukås-Luraas krets, men også ein god deil frå Tessungdalen. Det vitnar om at Nedre Austbygd da måtte ha sin eigen bane. 2.klasse skyttarar var i 1896: Nils H. Haugen, Knut Ø. Berg, Knut H. Bakhus, Jon S.Tverberg, O.P. Midtgard, Knut G.Midtbøen 3.klasse: O.K.Ånerud, O.J.Bjørnerud, Ole H.Mogen, J.O.Skrindebakke(Meisen) 4.klasse: Nils O.Luraas(Miljomgarden) Formenn og leiarar i den fyrste tidi må vel etter protokollen og samtaler med eldre ha vore: Nils O.Luraas, Per Gollemogen, Ole H.Mogen, Halvor og Olav Dillekås

Søren Svimbil kom noko seinare, men etter samtale med O.J.Haukås var han formann i 1909. Etter rekneskapsboki frå det året kan det sjå ut som han heldt fram i 1910-11-12-13-14-15. Han var ein ivrig og god skyttar og framleis interessert da eg tala med han i 1930-åri. Tore Rue har teke over rekneskapen i 1917-18-19. 1920 ser ut som det er samanblanding med Ungdomslaget Fjelljom. Etter den tidi har med navn på alle som har ført rekneskapen fram til 1959. Formenn i laget frå 1917 og fram til 1940 kan nemnas: Øystein Jonsjord, G.O.Rue, Lars Jonsjord, Øystein Haukaas, Halvor H Riggenholt(Svalestuen) og Jon B.Tverberg ( og kanskje fleire.) Jon B.Tverberg var formann i 1938-36-40 og han sette laget i sving att etter krigsåri.( i 1945.) Han var interessert og gjorde eit godt arbeid i laget, likeins Olav S.Tollefsjord som kassestyrar, styremedlem og deltok på felt og baneskjoting like fram til 1970-åri. Knut O Kvistrud formann. Banen var noko "miserabel" og me sette den i ganske god stand med blant anna skyttargrav på 300 mtr. Det vart no meir vanleg med berre 2 hold.( 100 og 300 m)

Laget hadde ei møtebok frå 1920. Den var fint ført med uppgaver som laget dreiv med. Premielister for skjotingane om hausten og feltskjoting med namn på dei gjevaste premievinnarar. Der vart nednotert kven som hadde byrsjer, nr. og namn på eigaren. Denne møteboki vart borte krigsvåren 1940. I panikk og redsel for at overfallsmennene skulle få tak i den, so vart den øydelagt(brend upp.) Eit stort tap for laget da so mykje var notert frå 1920 og til 1940. Ein lektor Hoppestad frå Rjukan gav laget ein pokal som det skulle tevlas om. Den var gjæv og mange prøva få tak i den.Den vart sovidt eg hugsar vunnen av Knut Kvistrud. Gode navn på premielistene i den møteboki var for å nemne nokon: Greggar Eggerud, Olav J Haukaas, Øystein og Lars Jonsjord, Olav J.Meisen, Knut Kvistrud, Kjetil og Sondre Skifterud, Jon Ø.Berg og mange fleire. Serleg må eg få nemne Øystein Haukås og Svein Berg. Øystein er nemnd i laget i 1913 og Svein i 1918. Dei var trugne på alle skjotingane fram mot 1970-åri, men so vart dei no hedra som æresmedlemer også.

Eg skal ikkje taka for meg tidi etter andre verdskrigen. Eg gjeng ut frå at laget tek vare på møte- og rekneskapsbøker framover i tidi og soleis kjem med oversikt over laget sitt, arbeid og samanslåing med Bøen Skyttarlag i den tidi.

Vil til avslutning nemne dei vanlegaste konkurranseforhold:Klasseskjoting var på 10-delt ringskive på 100,200,400 og 600 mtr. og so var det presskjoting på 10-delt 1/2 mtr skive og 20.delt. Pyramide-skivor 10- og 20-delt var mykje bruka og konkurransen der var mange gongur knivskarp. Kunne ein på 20-delt pyramide med 3 skot, ein i kvar stilling, oppnå 55 pt. var det svært godt resultat. Ellers so var nok liggande stilling mest vanleg på so små inndeiling av skivone, men da måtte poengi ligge på 57-58 pt. 5-skot knestilling var også mykje bruka som presskjoting.

Ein blomst fekk laget frå samlaget kring 1950-åri som eit av 4 lag som årleg hadde sendt årsmelding frå 1896 og fram til dette året.

Ein liten orientering om Lurheim Grendehus. Da huset vart reist i 1908 var eigedomsretten ein halvpart på skyttarlaget og ein halvpart på U.L.Fjelljom. Ved ombyggingen i 1923 tok skyttarlaget 1/4 part av utgiftene og Fjelljom 3/4 part. Laget fekk 1/3 part i eige og Ungdomslaget 2/3 part i det nye Lurheim. Den eigedomsretten stend ved lag i dag også (1991).»

Nedskrive av Halvor T Luraas , Tinn Austbygd, januar 1991.

Kjelder og litteratur

  • Skydeprotokol for Østbygden skytterlag 1896 tilhører Austbygde Skyttarlag
  • Møtebok frå 1920 Austbygde Skyttarlag