Benoni Mikalsen (1855–1917)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. jan. 2020 kl. 08:02 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Nærøy kommune» til «Kategori:Nærøysund kommune [[Kategori:Nærøy»)
Hopp til navigering Hopp til søk
BENONI MIKALSEN (1855-1917)
Benoni Jørginius Mikalsen (1855-1917).jpg
Kjeldeinformasjon
Navn: Benoni Jørginius Mikalsen
Født: 22. april 1855
Død: 27. februar 1917
Sted: Heltne (Volda)
Tidsrom: 1920- og 1950-åra
Nedtegnet: 2010-2012
Metode for nedtegning: Eigenforfatta
Nedtegnet av: Gunnar Heltne
Beskrivelse: Ein ishavsskipper si historie frå vogge til ei våt grav. På lokalt «alvemål»/halvemål vart slike kalla «enj ar-aus»/ein hardhaus. Eit menneske som tolde store påkjenningar over lang tid.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Benoni Jørginius Mikalsen vart fødd på Smevikaunet på Marøya ved Nærøysundet i Nærøy i Nord-Trøndelag 22. april 1855, men flytte allereie som 4 månader liten gut saman med mora si til Ytre Kvarøya i Lurøy på Helgeland i Nordland. Benoni Jørginius var son av Sigrid Nilsdotter (1832-1895) frå Siem i Eid i Romsdal, og Mikal Olsen. Siem ligg i noverande Rauma kommune.

Sigrid Nilsdotter var ugift då Benoni vart fødd, men gifte seg i 1863 på Ytre Kvarøya med enkemann, gardbrukar og lensmann Andreas Jacobsen Bye (1800-1872) frå Lurøy. Benoni Jørginius vaks opp på Ytre Kvarøya, saman med mora og stefaren. I juli 1874 flytte Benoni frå Ytre Kvarøya til mora sine heimtrakter i Romsdal, før han i 1875 var å finne i Kristiansund. Noko seinare drog han til sjøs. Jf. Digitalarkivet.

Andreas Jacobsen Bye døydde i 1872, og i 1875 gifte Sigrid Nilsdotter seg på nytt i Lurøy med enkemann og skipper Kristen Helgesen (f. 1822) frå Bjoa i Fjelberg i Sunnhordland. Bjoa ligg i noverande Vindafjord kommune. Sigrid Nilsdotter og Kristen Helgesen flytte i 1875 frå Lurøy til Ålesund. Dei busette seg då på Hauane på Nørvøya.


Ekteskap og etablering i Ålesund

23. november 1881 gifte Benoni Jørginius Mikalsen seg i Ålesund med Imbjør Johnsdotter Skalet (1853-1932) frå husmannsplassen Skalet på garden Nigard Bu i Bredebygden i Sel i Gudbrandsdalen.

Imbjør var dotter av John Johannesson Solhjemslien (f. 1824) og Marit Syversdotter Søre Buflåten (f. 1824), begge frå Bredebygden i Sel. Imbjør vaks opp i ein syskjenflokk på 9 (5 gutar og 4 jenter).

Av familien på 11 drog 6 til Spring Valley i Minnesota i USA på 1880-talet (foreldre og 4 born). Før amerikareisa døydde 3 av borna unge, medan Imbjør og systera Marit (1857-1903) vart verande i Norge. Marit gifte seg i 1883 i Trondheim, og vart mor til 8 born. Marit og familien hennar var busette i Trondheim.

Plassen Skalet, som låg brattlendt til i fjellsida ovanfor garden Nigard Bu, vart endeleg fråflytta i 1887. I år 2011 synte berre overgrodde tufter att av husa på Skalet.

Benoni Jørginius og Imbjør (Ingeborg) var busette i Ålesund frå 1881 til 1895. Dei fekk følgjande 4 born saman: Sigurd Bye (1882-1951), Ida Marie (1884-1893), Ingeborg Emilie (1887-1957) og Bernhard Jørginius (1891-1942).

Ein årsak til at Imbjør og Benoni møttest kan ha å gjere med at Imbjør sin bror, Ola (f. 1859), i 1881 var tenestedreng på den staden i Romsdal der Benoni då budde. Imbjør fekk for øvrig utflyttingsattest til Amerika 15. mars 1881, men då ho møtte Benoni seinare på året vart emigrasjonsplanane kansellerte.

Jf. Digitalarkivet og jf. Bredebygden lokalhistoriske selskap.


Etablering i Volda

Imbjør Johnsdatter Skalet Mikalsen
Mikalsenplassen

I 1885 budde Benoni si mor Sigrid Nilsdotter og ektemannen Kristen Helgesen på Hellevikstranda på Aspøya i Ålesund i lag med Benoni, kona Imbjør og to born.

I 1895 døydde Sigrid av lungebetennelse, og seinare same året fekk Benoni skøyte på bruk nummer 10 Sollida på Heltne i Volda, og busette seg der med kone og tre born.

Seinare har bruk nummer 10 vorte kalla Mikalsenplassen, etter familien Mikalsen. Kristen Helgesen budde i lag med familien Mikalsen i Volda til han døydde i 1905.

Mikalsenplassen vart overtatt av Volda kommune i 1972, for at arealet skulle verte inkludert i det planlagde kommunale byggefeltet. Kort tid etter overtakinga vart løda på Mikalsenplassen brent, og bustadhuset vart reve om lag eit år etter dette.

Dei to eldste borna til Benoni og Imbjør gifta seg og fekk born.

Yngstemann, Berhard Jørginius, emigrerte til California i USA i 1917. Han var fortfarande ugift då han døydde i Los Angeles i 1942. Jf. Det norske Utvandrersenteret i Stavanger.

Eldsteguten, Sigurd Bye, vart gift to gonger, sidan den fyrste kona døydde ung. Sigurd Bye og familien hans budde i Ålesund, Volda, Bergen og Kongsberg. Sigurd Bye vart totalt far til 4 born, ein son og ei dotter i kvart ekteskap. Han var maskinist og sigla ute under begge verdskrigane. For dette vart han dekorert med «St. Olavsmedaljen i sølv med ekeløv». Sigurd Bye Mikalsen mottok også «Gullnål med 3 diamantar» frå «Norsk Selskab for Skibbrudnes Redning» (NSSR), ”for rask optræden ved redning av menneskeliv 31.05.1922”.

Benoni og Imbjør sitt tredje barn, Ingeborg Emilie, vart gift i Ålesund og etablerte seg der med ektemann og 3 born (2 døtre og 1 son).

Jf. Finn Mikalsen og jf. Sigrid Humblen, begge oldeborn av Benoni og Imbjør.


Ishavsskipper Benoni Jørginius Mikalsen

SS «Nevada», kvit, til venstre. DS «Jotunheim» til høgre

Benoni Jørginius Mikalsen var skipper av yrke og var i fleire år førar av ishavsskutene ”William Martin» og «Nevada», som begge dreiv kvalfangst (bottlenosefangst) på ishavet.

«William Martin» var ein slupp-galeas som vart bygd i Hull i England i 1877, med følgjande mål: 73,6 fot lang, 20,8 fot brei og 10,2 fot djup. Skuta vart kjøpt til Volda frå London ved årsskiftet 1891/1892. Selskapet «AS William», v/Julius Olsen, i Volda sto som fyrste eigar. Seinare overtok andre eigarar i Voldaområdet før skuta vart seld i 1902 til partseigarlaget P.L. Skjeide i Ålesund. I 1914 gjekk kvalfangstskuta «William Martin» gjennom ei total ombygging til selfangstskute og fekk etter det namnet «Skansen».

Nevada
Mannskap på Nevada truleg 1897

«Nevada» var ein skonnert som vart bygd i Amerika i 1884, med følgjande mål: 73,5 fot lang, 21 fot brei og 8,5 fot djup. Skuta vart kjøpt frå Amerika til Bergen, og frå Bergen vart skuta kjøpt til Ålesund av «Kr. Ingebrigtsen A/S». «Nevada» vart bygt om i Ålesund i 1899. Jf. Johan Ottesen og jf. Knut Maaseide.

Frå slutten av 1880-talet voks det på Sunnmøre fram ein heil flote som fangsta bottlenose (kval) i Nordishavet. Det var mange som sette sine voner til bottlenosefangsten, som for det meste vart driven frå Kap Langanes på Island til Færøyane, frå midten av april til slutten av juli. Det var kvalolja som gav inntekta, og ein bottlenose gav i gjennomsnitt bortimot eitt tonn olje.

Deltakinga i fangsten skifta. I 1891 var det tre sunnmørsskuter som dreiv bottlenosefangst, og i 1903 deltok følgjande 13 sunnmørsskuter: «William Martin», «Alfa», «Onyx», «Sylphide», «Nevada», «Heim», «Delphin», «Britania», «Urania», «Sella», «Leif Eriksen», «Martha» og «Skirner».

I åra som følgde heldt talet på deltakande sunnmørsskuter på bottlenosefangst seg kring 10-15. Etter fyrste verdskrigen minka deltakinga i dei etterfølgjande åra.

Også skuter frå andre delar av landet dreiv med bottlenosefangst i ishavet på denne tida, mellom anna skuter frå Vestfold. Jf. boka «Ishavsskuter II» (2000) av Johan Ottesen.

Benoni Jørginius Mikalsen var fleire turar på ishavet som skipper på bottlenosefangst, fram til om lag 1915. Han kan ha vore ishavsskipper på fleire skuter enn «William Martin» og «Nevada», men det kjenner ikkje skribenten til.


Om livet rundt Benoni

Då eg var 10 år, under oppveksten min i Porsgrunn sommaren 1965, fekk vi vitjing frå Volda av farmora og farfaren min.

Under ein samtale mellom farfar og far og morfar og ein svoger av morfaren min, der eg var til stades, vende farfar, John S. Heltne (1895-1966), seg til far og meg og sa: «Det er eigentleg eit lite mirakel at dokke to eksisterer»!

Deretter fortalde han om ei særskild episode då han som 15-åring var med på kvalfangst (bottlenosefangst) på ishavet, med naboen Benoni Mikalsen som skipper. Han hadde klatra høgt opp i leideren for å ordne med storseglet, medan det var vind med orkan styrke. Plutseleg vart han teken av eit vindkast og slengd ut i lause lufta. I fallet fekk han tak i eit stag med den eine handa, og hang ei kort stund horisontalt ut i lufta som ein kjepp. Deretter klatra han ned att på dekk.

Det er ikkje kjend at farfar har fortald denne historia til andre i familien sin. Episoda er eitt av særs mange ulike kvardagsdrama som har hend mellom dei som har hatt sitt arbeid på havet. Farfar fortalde også at dei i stilt ver rodde for å finne kval. Det hende at dei rodde så langt ut at dei ikkje hadde augekontakt med «Nevada». Dei hadde då skyteutstyr med i robåten.

Eg visste ikkje den gongen at skuta farfar var med som 15-åring i 1910, heitte «Nevada». At det var skuta «Nevada» det var snakk om fekk eg fyrst stadfesta då eg lytta til eit lydbandopptak med Henrik Holsvik (1884-1986) på Austefjord Museum i 2010. På lydbandopptaket fortalde Henrik_Holsvik, som var med på fleire turar på bottlenosefangst på ishavet, at den siste turen hans på bottlenosefangst var med skuta «Nevada« i 1910, med Benoni Mikalsen som skipper. Våren 1910 vart farfar 15 år.

Austefjord Museum finst ein modell av skonnerten «Nevada», laga av Andreas Årsetøy. Bakgrunnen for det er at mange frå mannskapsstyrken til »Nevada», på byrjinga av 1900-talet, kom frå Austefjorden. Jf. Oddvar Høydalsvik.

Eit foto frå 1910 av «Nevada», fortøyd ved Molovegen i Ålesund, er å finne i arkivet til Aalesunds Museum. Jf. Einar Gustafson. Bruk nummer 10 Mikalsenplassen var næraste nabo til bruk nummer 11 Grønbakken på Heltne, der farfar voks opp. Farfar hadde i periodar mykje og god kontakt med folka på Mikalsenplassen, særleg med Benoni og med sonen Sigurd.

Benoni hadde tydelegvis god tru på at farfar skulle bli ein bra sjømann, for han skal ein gong ha uttalt til farfar sin far at han skulle gjere farfar til «verdas beste skipper».

At både farfar og Benoni sin eldste son, Sigurd, valde maskinistyrket i staden for skipperyrket, til liks med fleire av kameratane deira, er ei anna historie.

Dei to naboane og maskinistane på Heltne, Sigurd og John, vart gode kompisar, sjølv om det var 13 års aldersskilnad mellom dei.


Den dramatiske skipsulukka på Vartdalsfjorden 27. februar 1917

Stella Maris

Frå 1916 til 1917 var Benoni Mikalsen skipper på skuta «Stella Maris», som var bygd som ein «lystyacht» i Wivenhoe i England i 1878.

«Stella Maris», som hadde ei lengd på 78,6 fot, ei breidde på 16,8 fot og ei djupne på 10,5 fot, var utstyrt med segl og ein 60 hk motor, og vart kjøpt til Norge frå London i 1911. Jf. boka «Båtar i Hareid» (2009) av Johan Ottesen, der «Stella Maris» er avbilda.

I 1916 kom «Stella Maris», som lokalt var sagt å vere ei svært så staseleg skute, til Hjørungavåg. Båten kom ikkje til å verte nytta som «lystyacht» for eigaren Olaf Thoresen Nedrelid. Derimot vart «Stella Maris» nytta som losjiskip for anleggsarbeidarane då området til kollageret i Hjørungavåg skulle planerast.

Seinare i 1916 vart skuta selt til «Brørne Mårstøls tønnefabrikk» i Åmelfot i Dalsfjorden. Tønnefabrikken hadde vorte etablert i 1915. Jf. boka «Båtar med historie» (2011) av Johan Ottesen.

«Stella Maris», som tyder «havstjerna”, vart av tønnefabrikken nytta til å frakte råmaterialar til fabrikken, og til å føre ferdige tønner derifrå. Den vanlege mannskapsstorleiken om bord var 3 mann, og skuta hadde ikkje rorhus.

27. februar 1917 kl. 1830 sigla «Stella Maris» frå O. Nørve sin forretning i Ålesund med kurs for tønnefabrikken i Åmelfot, lasta med standard trelast og tønneband av jarn.

Kl. 2030 sigla «Stella Maris» i Vartdalsfjorden, mellom Nøre og Søre Vartdal, med 7 mils fart og vart pågått av det langt større nordgåande dampskipet «Aagot» av Drammen. I kollisjonsaugneblinken sto Knut Vassbakke til rors. 4 minutt tidlegare avløyste han skipper Benoni Mikalsen, som fram til då hadde stått til rors.

Under avløysinga sa Benoni Mikalsen: «Eg ser lanternene av eit farty, men det er so langt til styrbord at du kan halde stø kurs». Mikalsen skal visstnok også ha sagt, då han oppdaga det store dampskipet: «Hald god avstand. Dei svinepelsane tek ikkje omsyn»! Under avløysinga styrde «Stella Maris» i retning mot Yksnøy fyrlykt. Skipper Mikalsen gjekk deretter ned i lugaren for å ta seg ei kaffipause.

Kort tid etter avløysinga endra dampskipet «Aagot» kursen til styrbord og kom så nær «Stella Maris» at rormann Vassbakke tok hardt babord, noko som han vurderte til å vere einaste måte å forsøke å unngå samanstøyt på.

Ein augneblink etter kolliderte dei to skipa. Attarste delen av «Stella Maris», der motoren var, gjekk til botnar med ein gong, medan fremste delen heldt seg flytande i om lag eitt minutt. «Aagot» trefte «Stella Maris» på styrbord side, like bak mesanmasta. Korkje «Aagot» eller «Stella Maris» signalerte forut for kollisjonen.

Dei som var om bord i «Stella Maris» denne dagen var: Skipper Benoni Mikalsen, reiar Ragnvald Mårstøl, maskinist Elias Mårstøl – bror av reiaren, Knut Vassbakke og Steinar Steinsvik.

I kollisjonsaugneblinken var Benoni Mikalsen forut i sin lugar medan Ragnvald Mårstøl, Steinar Steinsvik og Elias Mårstøl var på styrbord side i salongen, foran maskinromet.

Benoni Mikalsen (f. 1855), Ragnvald Mårstøl (f. 1891) og Steinar Steinsvik (f. 1895) omkom og vart aldri funne. Knut Vassbakke (1895-1946) og Elias Mårstøl (1897-1987) vart plukka opp av dampskipet «Aagot». Elias Mårstøl var symjedyktig, medan Knut Vassbakke ikkje kunne symje. Knut Vassbakke hadde imidlertid på seg redningsvest og flaut på den. Jf. avisene «Møre» og «Sunnmørsposten», februar og mars 1917, og boka «Båtar i Hareid» (2009). Elias Mårstøl, som oppheldt seg i salongen i kollisjonsaugneblinken, har fortalt at han umiddelbart etter kollisjonen vart skylt opp gjennom nedgangen til salongen, og berga livet på det viset.

Mellom folk i Hjørungavåg har det vore sagt at kollisjonsstaden var rett ut for det dei kallar Søre Neset. Det lokale stadnamnet Søre Neset ligg om lag 1 km aust for Korshamn i Hjørungavåg og om lag 1,5 km frå nordenden av Hjørungneset 62.33895225° N 6.10436715° Ø

Familia får melding

Då presten Johannes Barstad kom til Mikalsenplassen dagen etter ulukka, med dødsbodskapen, vart han møtt av Benoni si kone, Imbjør, som då skal ha sagt til han at han ikkje trengde å seie noko, fordi ho visste kva som hadde hend.

I løpet av natta skulle ho nemleg ha hatt eit «syn» der ho såg for seg Benoni i kvite klede, og ho skjøna av dette at han var omkomen.

Imbjør skal også ha fortald at hunden på Mikalsenplassen plutseleg skal ha vorte voldsomt uroleg og støyande nettopp på den tida på kvelden då ulukka i Vartdalsfjorden hende.

Denne siste hendinga er kanskje mellom dei mange døma som stadfestar at dyra har andre og sterkare sansar enn menneskja.

«Aagot»

Dampskipet "Aagot» [1] var eit stykkgodsskip som vart bygd med namnet «Helen Otto» i South Shields i England i 1883, for «George Otto« i London i England. «Aagot», som hadde ei lengde på 249,4 fot, ei breidde på 36,0 fot og ei djupne på 17,6 fot, vart selt til «A. Chr. Hein & Søn» i Arendal i 1905, og omdøypt der til «Aagot».

«Aagot» hadde ei vekt på 2050 dødvekttonn (DVT), 1385 bruttotonn (BT) og 854 nettotonn (NT), samt ein 2-sylindra dampmaskin på 135 hestekrefter (hk). I 1916 vart skipet fyrst selt til «Marcus Hannestad» i Halden, for seinare same år å verte vidareselt til «A. F. Borch & Sønner A/S» i Drammen.

24. mars 1917, ein knapp månad etter ulukka i Vartdalsfjorden, forlot «Aagot» byen Ardrossan, like ved Glasgow på vestkysten av Skottland, etter bunkring, på tur frå Bergen til Genova i Italia med klippfisk. «Aagot» kom aldri fram til Genova og forsvann sporlaust med eit mannskap på 18. Jf. «Norsk Maritimt Museum» i Oslo v/Beate Kjørslevik og jf. «Drammen sjømannsforening» v/Ragnar Andersen.

17.02.2017. Gunnar Heltne

Informasjon og kjelder

Informasjonen her er samla av forfattaren før 2011 då band 4b av Busetnadssoga for Volda kom ut

Startartikkelen står i 2012-utgåva av Voldaminne

Austefjord Museum ved Høydalsvik, Oddvar E.

Lydbandopptak med Henrik Holsvik (1884-1986) på Austefjord Museum

Einar Gustafson, Aalesunds Museum

Johan Ottesen: Båtar i Hareid 2009

Bredebygdens Lokalhistoriske Selskap, Sel

Norsk Maritimt Museum v/Beate Kjørslevik

Drammen sjømannsforening v/Ragnar Andersen

Ernst Arne Sælevik