Kjeldearkiv:Brislingåret 1928

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Brislingåret 1928
Brisling1928.jpg
Kjeldeinformasjon
Navn: Knut Høydalsvik
Født: 29. september 1918
Død: 20. desember 2009
Sted: Høydalen (Volda)
Tidsrom: 1928
Nedtegnet: 1990-2009
Metode for nedtegning: Eigenforfatta
Beskrivelse: Vellykka brislingfiske. Avskrift av handskrive manus ved sonen Stein Høydalsvik.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Brislingåret 1928 er historia om korleis ti-åringen Knut Høydalsvik opplevde fisket i Høydalen i Volda. Han fortel sjølv:

Her i bygda var det eit stort notlag. Det var 14 partar. Alle so nær som Dalingane var med. Han far var notbas ei årrekke. Eg var vel 10 år då denne hendinga var.

Han far var ein morgonfugl, og det var ganske vanleg at han tok ein tur om morgonen i 5-tida inn på Rabben for å sjå etter bronkar. Når silda stod høgt i sjøen, var sjøen litt myrkare der silda var. Denne dagen såg han ein sildebronke inn på Bugane. Han gjorde laust som dei sa, bles i bukkehornet og sette upp «blikk» som var to båtebord i notahusgavlen. Og folka kom. Dei fyrste gjekk laus med ein gong på å tok nota inn i notabåten. So snart dei var ferdige og dei fleste var komne, var det å ro i full fart inn over mot Bugane. Det var notabåten med nota, spelbåten og elles ei drøss med færingar. Det var langt å ro, og årane var lange og tunge, men farta var ganske god. Alt dette tok sjølsagt tid og det var ikkje uvanleg, at ein etter ein slik manøver kom for seint, og at silda var vekk når ein kom fram.

Men denne gongen stod ho der framleis. Det vart full fart med ein gong. Spelbåten til lands for å få feste i land, og det var ikkje altid so greidt for ofte var det berre slette fjellet. So gikk notadråtten som var i spelbåten ut, til nota skulle gå. Då var det å setje fast dråtten i spelbåten. Nota gjekk ut og notebåten gjekk mot land i andre enden. Kring um på nota var det dubbel med ein lang togtamp i, for nota ville søkke og ho vart senka so langt ned at ein hadde kontroll med silda.

Det var handspel på båe båtane, og alle sveiva so sveitten rann. Av og til stakk silda før nota botna, men denne gongen gjekk det godt. Det vart eit ganske godt kast, og enno betre: det var brisling, og den var svært godt betalt. Prisen var 7,50 kr for skjeppa (20 liter), og det var ein svært god pris, for brislingen var mangelvare det året. Då fangsten vart innmeldt for salg, vart det slutt på freden i fjorden. Dei fyrst snurparane som kom var fra Herøy, men etterpå kom dei like frå Egersund. Til saman so var her i alt ei 30-40 snurparar.

Slike kunde ikkje Høydal notlag konkurrere med, so det vart ikkje meir brisling på dei. Men so kom dagen då oppgjøret kom for brislingkastet. Den tida kom pengane i bankobrev. Det var solide, brune konvolutter med lakksegl. Han far måtte ut på Bakkane for å hente dei mot kvittering. Då den vart opna hugsar eg at der var 2 tusenkronesedlar. Han far viste oss dei og me såg på dei med stor andakt. Det var nokre svære sedlar med to brett, so dei var nok ca. 25-30 cm. Ein slik var mest ei årsløn den gongen.

Han far måtte til Volda å veksle. So kom dagen då pengane skulle delast. Dei kom heim til oss alle 14. Stova vart full, men der var plass også til nokre forvitne gutfantar. Dei mest reknekyndige sette seg til å rekne, og med stor andakt fekk kvar sin lut. Kor stor luten vart veit eg ikkje. Men eg antar at den samla sum var umlag 3000 kr. Dette var i året 1928.