Kjeldearkiv:Daglegliv på Kvamme sist på 1800-talet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. aug. 2018 kl. 13:46 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (-)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Litt om Garden Kvamme, og arbeidet og levemåten der i slutten av 1800-talet» - ei skildring laga av Jorun Margrete Kvamme då ho gjekk i 8. klasse (1974). Hennar kjelder var mellom anna Fredrik Kvame (Utogne-bruket), Markus Kvame (Ingebriktbruket) og Borghild og Brite Myklebust.

Husa var mange og små - i alt ca 35, pluss husa til to plassemenn. Alle husa låg i eit tun - Ingebrikt, Utigard, Sjur og Nigard. Dei var plasserte frå Utigardshaugen til innom noverande Sjur huset. Utånede var der det er no.

Kvar mann hadde daglegstove, nystove, matstove og stabbur, eldhus, kufjøs og løe. Den eine delen var til sauer og geiter, den andre til stall og grisehus. I Nigard hadde dei stallen i nystove-kjellaren. Når merra fekk føl, hadde dei henne i daglegstovekjellaren, for der var betre plass.

Daglegstovane hadde stove, kove og gong. i koven budde kårfolket, og i stova budde dei andre. Der stod alle sengane. Sjølvfolket og borna låg der. Ungdomen låg på fjøslemen. Jentene hadde eine enden, og gutane den andre. i nokre av husa var det vindauge med blyinnfattning.

Omnane var mura opp av gråstein og leire. Det var open varme. Der var ikkje skorstein, så røyken gjekk ut i stova og opp gjennom ”ljoren”, eit vindauge i taket som ein kan løfta opp med ein tjukk stokk. Denne var fest i vindauget, og gjekk ned på beten.

I stovane var det to betar som gjekk på tvers over stova, - ein ved vindauget, og ein ved døra. Husa var låge, og dei måtte bøye seg ned for å gå under betane. Det var låge dører med klink i. Vindauga var små, med 6 ruter i kvart.

I stova var det langbord med benkar til. I matstova kokte dei maten om sommaren. Der bakte dei flatbrød og brygga øl. Kister og klede oppbevarte dei i nystova. Sengetyet hekk på trebjelkar under taket. På nystovehemsen var det spekekjøt og spekeflesk. Dessutan hadde dei alle kornbørane der oppe.

Eldhuset vart nytta til tørking av korn. Der hadde dei tørkehella. Ved sida av desse husa hadde dei og kvernhus. Dei hadde kvar sitt som stod ved elva.

Dei hadde ikkje madrasser i sengane, men dei var fyllte med halm. Sengetyet var heimelaga ullteppe (kvitlær), og napperyer. Når dei skulle ordne til sengane så dei vart mjuke, rista dei opp halmen, og då vart det fullt av støv i rommet.

Arbeidsdagen byrja ofte i 6-tida om morgonen. Fyrst åt dei frukost. Det var potetkaker og surmjølk (skjør). Så gjekk konene og tenestejentene (ternene) i fjøset. Mjølkebyttene og dei andre var heimelaga. Det var trebytter laga av oppståande bord med 2-3 band rundt. Handtaket var og av tre-kjølp og klure.

Ein del var byrja med surho-bing. Men det meste av foret var tørka høy og halm. Høyet delte dei opp i våndlar. Dei tulla godt saman ein våndel. Så drog dei litt høy ut av stålet medan dei snurra det rundt. Det vart eit godt band, og dei tulla det rundt våndlane. Halmen hadde dei i bytter og slo varmt vatn over. Så stod det til det vart mjukt. Høytredet vart blanda saman med varmt vatn og litt avfall frå oppvask og matrestar. Dette var god mat for grisen.

Kl. 9 åt dei att. Det var spekekjøt, spekeflesk og flatbrød. Ved sida av drakk dei ”skjør”. Kl. 12 var det middag. Då åt dei graut av heimeavla mjøl. Grauten var kokt på vatn. Somme brukte å strø litt mjøl på grauten når han var ferdig. Dei sa at dei ”bia” betre på maten då. Truleg vart han litt tyngre å fordøye, så dei vart ikkje så snart svoltne igjen. Kl. 4 åt dei spekesild, poteter og flatbrød. Til kvelds åt dei graut.

Flatbrødet vart baka av havremjøl som var dyrka og mele på garden. Det vart elta saman med vatn. Bakstehella låg på steinar på gruva. Under hella fyrde dei med ved og ris. Brødet kjevla dei ut på bordet.

Om vinteren hadde konene og ternene arbeid med å spinne og veve. Når sauene kom frå skogen vart dei vaska, og deretter klipte. Ulla skulle dei spinne opp til jul. Denne ulla vart kalla langulla. borna måtte ofte karde tullane. Først måtte ulla kardast fin og jamn, så laga dei fine, tynne tullar. Dei vaksne sat ved rokken. Det var ikkje så enkelt å lære å spinne. Tråden skulle vere tynn og jamn. Ein del av tråden skulle tvinnast.

I julegjesteboda var det skikk og bruk at gjesten skulle få sjå seg rundt. Dei såg på kor mykje ein hadde klart å spinne og veve. Alt var oppstilt i nystova. Ullteppa var opphengde på stenger under taket. Litt lenger bak på veggen hang stakkane. Dei var pynta med silke og fløyelsband. Di fleire stakkar der var, di gjævare var det. Gjestene fekk gå rundt og sjå kor mykje kjøt og flesk dei hadde.

Etter jul, kring 20. dag, skulle sauane klippast att. Det var kortulla. Tenestejentene fekk ei viss mengd ull, så dei kunne få veve og spinne til seg sjølve.

Kleda dei brukte var sydde av heimeveve ty. Kvinnene gjekk med side stakkar, gjerne 2 – 3 om gongen og heimespøta sokkar. Skorne dei brukte var og hemelaga. Stundom var det ein skomakar som reiste rundt i heimane og laga sko. Då budde han i heimen så lenge han hadde arbeid. Det var grove skor av heimebarka lær – plugga skor (pinna). Dei sette solen på overdelen med små trespikarar. Plagga var firkanta med knytt faks. Dei var laga av ull. Men dei finaste var av silke. Småjentene hadde plagg med fleire fargar i.

Karane gjekk med klede av vadmel. Undertyet var av enskjeft. Dei brukte ofte fletta sokkeband. Desse feste dei nedanfor kne, så det kunne halde oppe buksa. Då vart det lettare å gå, tykte dei.

Om vinteren dreiv mannfolka mykje med innearbeid. Dei laga river og økseskaft, og reparerte andre reidskapar som skulle brukast om sommaren. I stova stod bandeknakkane. Banda laga dei av hassel. Ein kløyvde hasselbuskane og bunta dei pent saman. Mykje av det sende dei til Bergen. Dei vart nytta til tynneband.

Karane måtte og syte for at høyet kom i hus. Det var høy som vart oppbevart i skogsløene. På vegen gjekk dei ofte og song. Rasmus Høgalmen kan fortelja at når Høgalm’-karane bar høyet heim, kunne dei høyre at Kvams-karane song.

Det første vårarbeidet var å rydje. Då raka dei i hop alt lauv og kvister. Kvamme var oppdelt i mange små teigar. Kvar mann åtte ein bit her og ein der. Den minste teigen var vel ”Hestesprengen”. Han var knapt så lang som hesten + plog i kvar kant. Den beste jorda hadde dei som åker. Åkrane var ofte så små at dei pløygde fleire teigar i saman. Så grov dei merka ned før dei sådde. Etterpå horva dei over åkrane. Somme var så redde for hestane at dei sette kvinnfolka til å dra horva.

Det siste dei gjorde om våren var å binde hesjar. Det var små og låge hesjar med liten avstand mellom kvar staur. Dei hadde ikkje streng, men brukte trodehesjar. Dei feste troder på dei andre staurane. Til å binde dei fast med vart det brukt tynne greiner av bjørk. på Kvamme voks det ikkje så mykje bjørk, og dei måtte gå heilt fram på stranda for å få tak i det.

Kvamarane hadde mange slåtteteiger i skogen og høgt oppe i fjellet. Det vart ikkje alltid så mykje høy samanlikna med det arbeidet som vart nedlagt. Dagen før dei skulle til fjells måtte dei slipe opp ein heil del ljår. Dei batt ljårne saman i eit knippe og tok det på ryggen. Ved sida av dette tok dei med seg børatau. På midten av tauet var det festa ei hogd av tre.

Mennene gjekk tidleg til fjells så dei kunne slå før dogga gjekk ut av graset. Konene kom seinare med river og maten. Grauten bar dei i ein treamber. Setrejentene kom med skjør. Mennene bar prinse med flesk, kjøt, flatbrød og røykt sild. Nokre av teigane lag høgt oppe. Nigar hadde ein fjellslott som låg svært høgt oppe. Dei brukte tre timar på å gå opp. Det blir fortalt at oldefar min, Jakob Andersson Kvamme overnatta der oppe under ein heller natta før han fylte 75 år. Det var i 1923.

Var veret godt kunne dei ofte få det tørt på bakken. Då ”kverva” dei det. Når høyet var tørt raka dei det fint i ”fenge”. Så skulle det leggjast i ”børa”. Det var ein kunst å lage gode ”børar” som var beine og heldt godt saman. Dei la tauet på marka, sette endane på hogda litt ned i jorda og la fengene på tauet. Høyet bar dei til skogsløane.

Dersom isen var sterk reiste dei nokon frå kvar heim. Dei brukte hest og slede. På sleden la dei godt med halm og teppe. Dersom isen var for tynn til å køyre på, brukte dei skøyter. Konene gjekk på skeiser i stakkar. Om sommaren rodde dei i sekskeiping eller firerøring. I den tid var Daleelvsanden så liten at der var bein retning frå Kvamsland til Rustøyland. Såleis kunne dei rope til kvarandre dersom dei hadde plassar til gode i båtane.

Når dei kom til Eide, gjekk mange av kyrkjefolka inn i stova til Petter Synnøve. Det var ei plassmanns-stove på 12 m2. Dei andre sat ved vatnet. Der åt dei nista si. Som oftast åt dei potetkaker med sveler (??) på. Der hadde dei på seg kyrkjekleda. Så gjekk dei resten av vegen.

I den tid var det mykje bryllaup. grunnen var at det var så mange som gifte seg to gongar. Bryllaupet varte opp til ei veke – brullaupsafta, bryllaupsdag og skåledagen. Dei andre hugsar dei ikkje namnet på. Siste måltidet åt dei flesk og kake. Det gjekk med mykje fisk. Ofte vart det kjøpt 2 – 3 tynner. Ved sida av fisken åt dei poteter, flatbrød og mjølkesuppe. Ein dag åt dei rømmegraut, og ein anna klubb og kjøt. Vafler, sveler og potetkaker vart og brukt. Dei hadde brød som var steikt i oppmura omnar. Når brødet skulle steikast fyrte dei godt i omnen. Steinane vart då varme, og etter at dei hadde kara ut glørne, sette dei inn brødet. Til gjær brukte dei kveik. Det var ”botnefall” når dei brygga.

Alle brygga til bryllaupsdagen. Det vart skjenkt i store bollar. Alle drakk av same bollen. Ved frukostbordet gjekk verten rundt med morgondrammen. Den slo dei av ei grepflaske. Dei slo ølet i ein tomling, og alle drakk. Markus Kvamme har fleire sølvtomlingar. På den eine står det GADK. Den er frå 1863.

I bryllaupa var heile grenda og slekta samla. Dei eldste fekk gå til bords først, og ungdomen etterpå. Til talerkenar brukte dei "”boøska". Skeiene var heimelaga horn- eller treskeier. Knivar hadde alle med seg, så det var lettvint å vaske opp.

I hushaldet til vanleg hadde dei si eiga skei. Etter bruk sleikte dei henne godt og hengde henne opp på veggen.

Når dei skulle til kyrkje, sat spelemannen i første båten, som var ”brura-båten”. Brura hadde krune, men ei kvinne kunne ikkje bere krune meir enn ein gong. Dersom ho gifte seg opp att, brukte ho svart silkeplagg. Ned bygda køyrde spelemannen med første hest. Så kom brudeparet med andre hest. Spelemannen spelte fele til underhaldning og dans, heile bryllaupet. Det blir fortalt at ein frå Høgalmen spelte samanhengande i tre veker. (Han hadde vore i tre bryllaup).

I barnedåpen skulle barnet innpakkast i eit særskilt ”krisnaråkled” (henta-åkled). Det var vevd av raud og svart tråd. Dåpskjole hadde dei ikkje. Hjå Markus kvamme har dei alt utstyret til krisnarkle” som vart brukt den gongen. Det er eit raudt kledestykke, tilsmykka med perler, og med kvit kappe rundt. Det skulle leggast opp på dåpsbarnet. Like eins var det hue med perler og kvit kappe.

Når dei skulle på skulen, var det omgangsskule rundt om i heimane. Var elva lita, måtte dei gå på styltrer, for der var ikkje bru. Når elva var stor måtte dei ro frå Kvamsland til Rustøyland. Markus hugsar at dei rodde heilt inn til Utånedhusa fordi vatnet var stort. Då var det kome ei hengebru over elva, men elva var så stor at dei kunne ikkje bruke brua.

Kyrne og grisane hadde dei på setra om sommaren. Somme purker fekk til og med grisungar når dei var der oppe. Mjølka sila dei i tresil med eit hol i midten. I det holet laga dei eit ”silår” av kuhale. Så slo dei mjølka opp i lagga asker. Det stod i eit skap til det vart surmmjølk med rømme på. Rømmen fløytte dei av og kjerna det til smør i ei kinne. Geitemjølka kokte dei opp og tok av ”flågga”. Det brukte dei til smør. Det vart til smør ved at dei rørde det med ei ”tvåre”.

Når kornet skulle haustast vart det skore med sigd. Det var ein liten bøygd ljå med kort skaft. Dei la det i rader på åkeren. Etterpå laga dei bendlar. Då tok dei nokre kornstrå og laga ein ”snurr” i toppen, delte den andre enden i to og knytte det rundt ein bunt med kornstrå til eit band. Desse vart sette opp på lange, tjukke staurar som var sette fast i åkeren. Der skulle dei henge til tørk. Når dei skulle bere kornet inn tok dei stauren over skuldra og bar det inn. Dei la kornbanda laust utover golvet og slo med ein stav. I staven var det festa eit tau med eit trestykke i. Då datt kornet av. Det kalla dei ei tuste. Når kornet var tørka på hella, bar dei det til kverna og mol det.”

Kjelder

  • Kvamme, Jorun Margrete: Litt om Garden Kvamme, og arbeidet og levemåten der i slutten av 1800-talet. 1974.