Kjeldearkiv:Den gamle postmannen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{Infoboks kjelde | målform =nn | bgfarge = | tittel = Den gamle postmannen | bilde = | bildestr = | bildetekst = | type = Utdrag frå av...)
 
Linje 53: Linje 53:


[[Kategori:Hjartdal kommune]]
[[Kategori:Hjartdal kommune]]
[[Kategori:Reiseskildring]]
[[Kategori:Reiseskildringer]]

Sideversjonen fra 12. sep. 2017 kl. 10:27

Den gamle postmannen
Kjeldeinformasjon
Type: Utdrag frå avisartikkel i avisa Telen på 1950-60-talet.
Forfattar: O. J. Rue
Tema: Reiseskildring.
Stad: Sauland og Tuddal i Hjartdal kommune
Tidsrom: 1800-talet
Nedteikna: Kontaktblad for Hjartdal Historielag, Nr. 4 Febr. 1992 3.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Den gamle postmannen er eit stykke som vart publisert i avisa Telen ei gong på 1950 eller 60-åra. Forteljinga er skrive ned av O. J. Rue frå Tuddal og handlar om postberinga frå Sauland til Tuddal i gamle dagar. Stykket blei trykt i Hjartdal historielag sit kontaktblad, 4. februar 1992 (nr. 3). Her kjem eit utdrag som gjev ei stemningsfull skildring av turen oppover den gamle Tuddalsvegen:

Ein skoddekveld for eit halvt hundrad år sidan:

- Inne på posthuset i Sauland stod den gamle postmannen okslelut og grå i skjegget og pakka blad og brevbunkar i den vervåte skreppa si. Glytte ut og stappa nedatt i skreppa att for å få rom. Ho vart gjerne trong over okslene slik ende fyre jol. Snøkorn spruta mot glaset. - Skrimslet tettna i romet:

- Du kan ikkje på Dalen i slikt eitt ver, Anders, vart det sagt, då han oksla seg gjennom døri og snøyret slog inn. Vinden dunde ut i dei store bjørkene. - Å, eg må nok prøve, no som eg skal få fram joleposten.

Dei stod og stirde etter honom.

Snøflugsune sette seg tett over vadmålsryggen då han pusla og vreid på seg vidjebindingane med arbeidskrøkte fingrar. So hyfste han i skreppa, triva etter bjørkestaven, og grov seg litt etter kvart avgarde i uversfloret på dei tjørubrædde furuskiene. -Han hadde på treje mili å gå. Tett innpå halvfemte båe vegane.

Heksfjell og Kleppefjellet sveipte seg i fotside snødrevkappor. På Bø-gardane rauk det av hustaki. Uppved Kasin og Åsen sjoda og taut det gjennom skogen, og då han for framum Maurebrekke og Bekkhus var lampa tend. Røyvde det seg ein skugge atti øvste vegsvingen. So gløypte storskogen på Tuddalsdalen den gamle postmannen.

- Skog - skog. Eitt hav av skog under snøhimlen. Vegen ein moldvarpgang under bartaket, der snøflugsune sleiva og kvelsmyrkret voks. Høgt uppe - fjernt sóg av hardver mot fjell, djupt nede Skogså'as svenuge vintersus.

Det isa under skiene. Glidet var burte og stegi vart stutte. Han stogga som snøggast ved "Gjestgjevaren". Tok nedi eitt par gonger og saup kjeldevatn utor loven. Og seig vidare -

- Framum plassanes venlege lampeljosrekkje: - Bakken, Sjukebakken, Jonskås, Stålan og Dalen - alle med framhavde jolevedlåner og piperøyk upp i gråveret. Etter å ha fare framum Stavåsan's fråflutte kve, lagde den gamle postmannen Langebrekkones einsarta utoverhall bak seg. Nådde bruene og vektest av vatn's halvkjøvde gulp under is, såg seg til leds ved det mosgråe kvernhuset, amrast att med motbakken upp imot furufloene, til han fekk låten or Ørneholsluket hard innpå seg.

Langt um lengje opna Moengrenna seg med nye lampebluss - Kasin og Nedmoen, Uppmoen og Haugen. Atter stod eitt ljosskjær og gjorde det heimelognt kring den tilsnødde mannen. Det svara i husveggjene når bjørkestaven hogg seg forbi.

Men enno var han ikkje halvvegskomen. Framum honom lyfte Kleivsfjell ein snøflekkut mur opp i drivskodda og skogen bruste grovmælt over bratthamrar og bjørnelende.

- Hu-bror! - Hu-bror! sa det uppi der. - Hu-bror! svara stynjuven i Bodik, fjernt burtefrå. Det var som ropa dei umkapp ned til den gamle postmannen på dei tilisa skiene og med dei djupe søkki i okslene etter skreppereim-ane. Og den gamle stana og strauk vérisen or skjegget. Krøkte so den stivfrosne lóvotten til nytt tak kring bjørkestaven og ok seg nordetter dalglopet ved Raundalen og Sønderlandsvatn.

Kjelde

  • Hjartdal historielag, Kontaktblad for Hjartdal Historielag, Nr. 4 Febr. 1992 3. Digital utgåve på historielagets heimeside.