Kjeldearkiv:Den store sildedagen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut har ei fin brosme på kleppen
Foto: Kjell Oddvar Høydalsvik
Den store sildedagen
Kjeldeinformasjon
Navn: Knut Høydalsvik
Født: 29. september 1918
Død: 20. desember 2009
Sted: Høydalen (Volda)
Tidsrom: I 1950-åra
Nedtegnet: 1990-2009
Metode for nedtegning: Eigenforfatta
Beskrivelse: Godt sildefiske i Austefjorden. Avskrift av handskrive manus ved sonen Stein Høydalsvik.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Dette hende ein dag i 1950-åra. Eg hugsar dessverre ikke det eksakte årstalet. Det var på føresumaren. Han Ola (Høydalsvik) var bas i notlaget då.

Um morgonen vart det slege sildealarm. Burt for naustet vårt stod det ein sildebronke. Hugsar godt kor den såg ut. Den var litt langstrakt. Då dei fleste i laget var komne, vart det kasta og me tok silda. So var det å setje ut stengenota og ha silda i den. Før me var ferdig med det vart det ropa at det stod sild ut med Dalejo-steinen (på ystebugen). Det var då i full fart dit ut for å kaste, og det vart eit riktig godt kast med mykje sild.

Då fann me ut at me kunde ta framtakarnota (orkastnota). Det var den me bruka å ta silda ut or stengenota med, når me skulde levere sild. Den brukte me då til å stenge det som stod inne på instevika, for det var ein mindre fangst, og so brukte me den stengenota som var der på det nye kastet som var mykje større. Stengenota vart heilt full.

Me var ikkje meir enn knapt ferdig med dette då det vart ropa at silda no stod ut for Reina (ut for sjøbuda). Me i full fart dit ut, kasta nota og tok silda. So skulde me stenge dette kastet, og det med stengenot nr. 2. Då hadde me ikkje fleire stengenøter. Men igjen kom det melding um sild, at ho stod tjukk ute på Jaktevika. Det var då å ro i full fart dit ut. Me kasta og tok eit stort kast der også, men då måtte me stenge med stornota, og då hadde me ikkje fleire nøter å kaste med.

Det rare var at me fekk styre oss i fred, men dagen etter var det fuldt av snurparar. Då hadde me ikkje hatt sjangs i det heile å fått tatt noko. Kor mange hl me tok den dagen kan eg ikkje hugse, men det var mykje sild, og alt vart levert til sildeolje/guano. Prisen hugser eg ikkje heller, men det var vel eit par kroner for hl. Det var ikkje ein uvanleg pris den tida.