Kjeldearkiv:Frå kraftutbygginga på Tysnes i Sunnhordland, 1950-åra - intervju

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 09:42 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er en kilde og er derfor stengt for redigering. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.

Innleiing

På oppdrag frå Tysnes Sogelag, og med økonomisk stønad frå Tysnes Kraftlag, vart Knut Rage i 2007 beden om å skriva ein større artikkel om den første tida med straum i Tysnes kommune. Det var då med særleg fokus på det tunge arbeidet med linestrekking og dei etter måten primitive tilhøva for dei tilsette i kraftlaget desse første åra –men også kva straumen fekk å seia for kvardagslivet til folk flest var av stor interesse. Ei rekkje personar vart intervjua til dette artikkelprosjektet –og nokre meir inngåande enn andre. Det var særleg desse som hadde vore med på linestrekkinga. Dei viste seg å hugsa godt og var flinke forteljarar,og til å ordleggja seg elles. Det nedanståande er ei meir eller mindre ordrett attgjeving av desse samtalane, som til bruk i artikkelen sjølvsagt vart redigert.

Tysnes kommune er ei øykommune i Sunnhordland, med Bergen i nord og Stord som naboøya i sørvest. Då straumnettet på Tysnes vart bygd ut på midten av 1950-talet hadde det vore nokre mindre lokale kraftverk på øya allereie frå 1934 – men frå 1946 vart Tysnes innlemma i den storstilte utbygginga av straumnettet i Sunnhordland og Hardanger. For Tysnes sitt vedkomande vart straumen grovt sett ført frå kraftanlegget Blåfalli i Kvinnherad via Stord til ein sekundærstasjon sør på Tysnes (Langeland) og derfrå vidare til Hardanger. Lokale namn, anten det gjeld stadnamn eller personar, eller andre referansar, får ein ta som det er.

Intervjua danna langt på veg grunnlag for artikkelen Då mor fekk vaskemaskin og straumen kom «klumpavis» – om etableringa av Tysnes Kraftlag og utbygginga i 50-åra av Knut Rage. (Sogeskrift for Tysnes, 2007)

Det vert elles referert til Kåre Hystad: Tysnes Kraftlag gjennom 50 år. (Utg. Tysnes Kraftlag, 1996)

Sverre Dalland (f. 1923) – tilsyn med lager og materiell

Intervjua 25. januar 2007

- Folk såg fram til dette med å få straum på Tysnes. Det hadde vore omsnakka lenge, heilt sidan det kom opp i kommunestyret i 30-åra. Då bygde Kvinnherad ut. Men her i Tysnes var det snakk om utbygging, om Flatråker-vassdraget og om Onarheim. Men det blei jo berre med snakket, då. Så bygde jo Olav Helland, han var elektroingeniør med utdanning frå Trondheim. Han bygde ut her inne på Gjerstad. Og dei kalla det Våge Lysverk. Det gjekk frå Gunnar Gjersvik, han var vel den inste abonnenten, og så gjekk det til Knepet. Våge-området og Gjerstad hadde jo då straum. Men det var eit likestraumsaggregat, så kapasiteten var jo på grensa. Så for folk på Dalland, Teigland, Gjersvik og Heggland var det framleis parafinlampa som galdt.

Sverre Dalland meiner at når ein tenkjer på dei store oppgåvene som følgde utbygginga av Blåfalli og den lokale utbygginga både på Tysnes og andre stader, så gjekk arbeidet fort. Allereie i 1953 kunne dei første tysnesingane vri om den elektriske brytaren og tenna lys i stova. Det var lite straum det var snakk om. Berre 300 watt for ein vanleg husstand. På gardane fekk dei meir, men sjølv der var det berre snakk om 600 watt. Etter dei tilhøva me er vane med i dag monar ikkje 600 watt særleg mykje.

- Kva nytta dei straumen til?

- Det var stort sett berre til lys, naturlegvis. Men så fekk Hålandsneset straum, det vart bygd line frå Langeland til Reksteren. Så Hålandsneset, Nordbustad, Holma, Søreide, Beltestad, Hovdanes og gardane som låg fram i lia, dei fekk lys hausten 1952.

- Du var jo ung den gongen, og relativt nygift?

- Me gifta oss i 1947. Då budde me i småhusa hos Sjur Våge. Me fekk straum frå Våge Lysverk, den første straumen me hadde. Men det vil seia, me hadde ikkje straum til koking og ikkje til vasking. Så det var først i 1953 då det første aggregatet vart sett på i Blåfalli at me fekk noko meir.

- Korleis vart det då etter kvart med innkjøp av elektriske apparat?

- Ja, du veit, samstundes vart jo Tysnes Elektrik skipa. Det var Leif Storetvedt, han var utdanna elektrikar og gjekk Teknikken i Bergen og hadde læretida si i Odda. Saman med Alfred Lande skipa han firmaet. Dei hadde då elektriske forbruksvarer som komfyrar, radio, omnar... ja, alt. I grunnen var det jo betre den gongen. No må du jo ut or øya viss du skal ha eit elektrisk apparat. Den tida kunne ein jo kjøpa det på plassen. Så akkurat der har tida gått litt tilbakers.

- Kva var det som kom i hus først,då?

- Nei, det var jo komfyren. Og så kjøpte ein seg jo etter kvart vaskemaskin, naturlegvis, og andre elektriske apparat ettersom økonomien tilsa det.

- Og så auka jo straummengda?

- Ja. Eg meiner det var i 1954, då fekk ein det ein ville. Og dei fleste hadde forbruksmålar den gongen, slik at ein hadde to typar tariff, ein hadde så og så mykje fast, og den betalte ein etter måten ein rimeleg pris for. Og brukte ein meir, så gjekk det på overforbruket. Dei fleste hadde ein kilowatt, 1000 watt, trur eg, det var naturlegvis alt etter familien òg, og korleis folk var økonomisk situert.

- Det vart jo gjerne slik at ein måtte velja kva ein ville slå på?

- Ja. Men det var jo greitt òg, på ein måte, for utanom koketidene kunne du jo nytta den faste straumen, for den var etter måten rimeleg.

- Synest du straumen er rimeleg enno?

- Vel... ja, forsåvidt. Det er ei heilt anna tid. Pengeverdien er heilt annleis enn for femti år sidan. Så eg vil tru at straumrekningane i dag svir mindre i økonomien til folk flest enn dei gjorde den gongen, for å seia det slik.

- Når ein no ser attende, så er det utruleg kor fort det gjekk når ein tenkjer på arbeidet som vart gjort, både i Blåfalli og med linebygginga ute i distrikta. Hadde folk peiling på kva straum eigentleg var for noko?

- Det er klart at eldre folk var ikkje så godt inne på dette som dei yngre. Det var jo noko heilt nytt. Noko vankunna var det jo når det galdt mengda på straum og slike ting. Folk spurde seg føre, og me fekk jo mange rare spørsmål.

- Det var vel vedfyring side om side med straumkomfyr?

- Ja, du veit at med det første ein fekk dette så fekk me jo straum frå Bergen. Men det var snakk om eit visst kvantum som skulle rasjonerast ut, og då måtte jo folk fyra med ved samstundes som dei hadde straum. Dei fleste brukte vel eit år eller to før dei skaffa seg komfyr, men då det vart nok straum skaffa folk seg komfyr straks og heiv etter kvart ut vedkomfyren, sjølv om det kunne ta litt lenger tid for nokre. Eg hugsar at me fekk vaskemaskin, det var vel i 1953. Då hadde me hatt lys ei stund, men ikkje vatn.

- Kor tid kom det vatn, då?

- Det kom vel straks etter krigen her i Vågebygda. Me hadde ikkje vatn på Dalland då eg flytta derfrå. Folk flest hadde ikkje vatn, dei bar vatn både til husbruk og i floren. Og det hadde noko med økonomien å gjera. Me fekk innlagt vatn då me bygde hus i 1956, der me bur den dag i dag. Det var det sværaste med å flytta inn her, at me fekk innlagt vatn. Då var det første me gjorde å få ei splitter ny vaskemaskin. Men dei færraste kringom på øya hadde innlagt vatn.

- Men radio fekk de tidleg?

- Ja, radioen kom snart på plass. Den var kombinert, du kunne bruka den både på likestraum og vekselstraum, så då me skifta over til straum frå Blåfalli var det berre å kopla om.

- Og omnar vart vel ikkje nytta?

- Jau, då me flytta inn i nyehuset kjøpte me oss elektrisk omn. Tariffen var slik at me gjerne kunne bruka omn. Men det var framleis vedfyring det gjekk på. Me hadde ein panelomn bortunder glaset. Me brukte litt koks og kol også. Det fekk me kjøpt i Våge.

- Var du med i kraftlaget heilt frå byrjinga?

- Ja, frå 1951. Den første jobben min var å samla materiellet og skaffa oversikt over kva me hadde. I førstninga vart det kjøpt stort inn til kraftlaget. Desse sakene vart lagra alle stader. Me hadde fleire lagerstader rundtom. Den sommaren eg byrja i kraftlaget var det nokre austlendingar som arbeidde her. Dei mangla noko som heitte opphengingsboltar. Stansemaskina som stansa ut desse boltane var gått i ustand, så det var uråd å få tak i nye boltar. Dermed måtte dei berre stoppa arbeidet med linestrekkinga. Men på Klinkholmen kom eg over to heile kassar med opphengingsboltar! Eg fortel dette berre for å visa kor hakkande gale det var å ha materiellet så spreidd at ein ikkje visste kva ein hadde. Desse sakene vart så samla, og me leigde lager i Våge. Den første tida var eg oppteken med å få oversyn over kva me hadde og kva me mangla.

- Austlendingane som arbeidde her, har du noko å fortelja om dei?

- Ja, dei kunne jo sine ting. Dei hadde reist rundt mange stader på linebygg over heile landet, så dei tok jobben på tilbod. Dei var dyktige folk. Det gjorde nok sitt til at arbeidet gjekk såpassa. Dei lærte også opp det lokale mannskapet, så når dei fór var det folk nok på plassen til å ta over. Det var først og fremst hovudlinene det galdt om å føra fram, og deretter avgreiningane.

- Det var stort sett tysnesingar som jobba?

- Stolpereisinga var stort sett gjort av tysnesingar. Men Anders Gjerstad var på kurs og lærte dette her, han var jo på Våge Lysverk, så han var ikkje framand for dette. Han var den første formannen. Han var ein ung mann den gongen. Det var så trist at han øydela seg. Eg var med den dagen. Han var oppteken med noko arbeid heime, så eg trur ikkje at han var heilt på topp. Me hadde lagt ut ei line fordi me skulle arbeida på ho. Anders klatra opp i stolpen før han hadde fått klarsignal frå han som skulle skru av brytaren. Så dermed fekk han straum i seg og datt ned. Han forrekna seg den gongen, tenkte seg nok ikkje godt nok om. Sjølv om det var på ei lågspentline var det gale nok når du ikkje rekna med at det skulle vera straum. Så det var eit trist tilfelle.

-Hende det elles at de fekk straum i dykk?

- Ja, det kunne henda, men aldri slik at nokon vart skadd. Som regel gjekk det no bra.

- Kva med løna?

- Eg meiner løna var på kr 3.19 då eg byrja i 1951. På strekkinga arbeidde dei fleste på tilbod, dei hadde så og så mykje for kilometeren.

- Men det var god løn, for den tid?

- Ja, det var god løn. Og gode pensjonstilhøve. Det var ein trygg arbeidsplass i alle dei åra.

(Pause) Sverre: - Det var tungvint med kommunikasjonane den gongen. Særleg til Reksteren. Og spesielt tungvint var det viss det brann opp ein transformator i torever. Me hadde ikkje kranbil, me hadde ein steinbukk, eller stubbebrytar eller kva du no vil kalla det, som me måtte rigga til og heisa transformatoren på lasteplanet. Og så måtte me ta bukken med oss, dvs. rigga han ned att, leggja han på bilen og frakta han dit me skulle.

- Vinters tid var vel gjerne då det skjedde saker og ting?

- Dei største problema bar då transformatorane brann, det var gjerne om hausten det skjedde, i stormar og torever. Men vinteren med mykje snø kunne også gjera det vanskeleg. Eg trur det verste eg var med på var ein gong då sju transformatorar brann opp samstundes. Det skjedde over heile øya. Tysnesbygda kom stort sett vel frå det, men Alsakerneset var ein besett plass. Nokre stader var meir utsette enn andre.

- Straumen fekk lite å tyda for utbygging av næringslivet?

- Nei, den gjorde vel ikkje det. Men det var godt for dei verksemdene som fanst frå før. Båtbyggeriet i Lunde, til dømes. Men den store utviklinga når det galdt industri den gongen kom ikkje.

- Møbelfabrikken til Harald Helland?

- Dei hadde kraft frå det første lysverket i Våge. Der var det straum heile tida, frå verksemda vart grunnlagt. Butikkane i Våge hadde også straum før krafta frå Blåfalli kom.

- Det gjekk ein ti års tid frå det me kan kalla den første linebyggingsperioden til den andre utbygginga på byrjinga av 60-talet. Det skjedde ei veldig utvikling hos folk flest på desse ti åra?

- Ja, eg gjekk og las av målarane hos folk. Eg trur eg har vore innom dei fleste heimar, både på Tysnes og på Reksteren. Eg fekk godt kjennskap til folk. Samstundes fekk eg godt kjennskap til eigedomane og terrenget, og snakka med grunneigarane. Det var ikkje alle som var like viljuge til å avstå jord. Dei kunne vera vanskelege, somme av dei. Det var ikkje lenger den same velviljen som i byrjinga. Det hadde endra seg med åra. Eg trur at kraftlaget tok godt omsyn til grunneigarane, men det er jo klårt at det kunne opplevast som eit hinder for mange. Men stort sett var det greie folk å ha med å gjera. Og eg så jo kor straumforbruket auka på desse åra, i takt med velstanden elles. Mange gjekk over til høgare tariffar. Det viste på straumforbruket at folk fekk betre råd.

Sverre Linde (1921-2008) - smed og lineformann

Intervjua 13. februar 2007

- Eg byrja i transporten, på Søreide, med å frakta stolpar. Då han som var smed den gongen, Emil Dalsgård, slutta, vart eg beden om å ta over etter han. Eg kunne smedhandverket frå før. Så dermed vart eg smed.

- Så då vart du ein av dei som hadde fast arbeid i kraftlaget, utanom arbeidsgjengane som hadde meir sesongbetont arbeid?

- Ja.

- Og då var det ikkje så mykje å hjelpa seg med?

- Eg seier det eg, at hadde dei som no arbeider i kraftlaget hatt slike arbeidstilhøve, så ville dei ikkje fått opp ein einaste stolpe!

- Det var å bora for hand?

- Det var det, veit du. Smia følgde med slik det passa, den. Det var ikkje mykje eg hadde med meg, nei. Det var ambolten, ein hammar og essen. Kol hadde me alltid med oss. Og tre blekkplater som me nytta som tak.

- Det var vel ikkje altid like lett å få fyr?

- Nei, det var ofte trøbbel når veret var dårleg.

- Og bale å frakta med seg?

- Det var til å bruka hest. Eller me leigde lastebil. Ute i marka måtte me bera alt materiale med oss.

- Kor lang tid tok det å bora hol for ein stolpe?

- Å, ein halv times tid. Men det var mange mann om jobben.

- Men tungt var det, vel?

- Ja. Og alt for hand. I all slags ver. Staga skulle vera heilt beine, og me kila dei fast med ein jarnklump i botnen. Me kalla ei slik kile berre for "klumpen min". Så viss du bad nokon som ikkje var kjende med dette om å henta "klumpen", så forstod dei ingenting. Det var slike lokale namn som beit seg fast. Til å reisa ein stolpe hadde me to stenger med ei tauløkkje nede, og så var det ein vaier over. Dermed var det å hala stolpen opp medan ein mann stod inntil for å passa på at stolpen ikkje skleid.

- Folk var glade for at de kom?

- Ja, det hende ofte at folk kom og hjelpte til.

Sverre arbeidde som smed til dei var ferdige med linestrekkinga på Reksteren. Då fekk han jobben som lineformann. Denne stillinga hadde han til han gjekk av med pensjon.

- Kva innebar denne jobben?

- Du veit, då måtte eg gjera alt. Me var berre to, tre mann då. Så viss det var linebrot var me ikkje mange. Eg hugsar ein gong me fekk melding om at lina på Malkenes var dotten ned. Det var full storm den dagen. Eg reiste dit i lag med Sverre Dalland for å sjå kor gale det var. Ein onkel av kona kom gåande opp for å sjå. Han vart teken av vinden. Så dukka det opp ein annan. "Skal de ikkje byrja å arbeida?" sa han. "Nei, ikkje før me klarar å stå ende opp på bakken," var svaret han fekk. Ein slik tur kunne ta på timevis. Det hende at folk maste om å få straumen attende. Ein gong var det ein som sa at han trengte til å koka kaffi.

- Korleis var løna?

- Det var ikkje mykje i løn.

- Men de hadde fast arbeid, i det minste?

- Ja. Men det var lite. Me bad kraftlaget om å setja opp løna litt. Men det var ikkje tale om. Då sa me at viss me ikkje fekk høgare løn, så ville me organisera oss. Og det gjorde me. I Norsk Arbeidsmannsforbund. Då gav dei etter. Det vart femti øre i tillegg. Eg var først tilsett i Sunnhordland Kraftlag. Då dei gjekk inn i Tysnes Kraftlag følgde eg med. Her vart eg til eg gjekk av med pensjon.

- Kva med arbeidstøy, var det kraftlaget som heldt det, eller måtte de betala sjølve?

- Det måtte me betala sjølve.

- De vart vel ganske skitne?

- Om me vart, ja? Kleda var ikkje tette. Me kunne vera ganske slitne etter ei arbeidsveke. Det var tungt, berre handarbeid alt saman. Etter kvart fekk me meir utstyr å hjelpa oss med.

- De fekk ei boremaskin?

- Ja, det var ikkje småsaker. Den vog femti kilo. Han kunne vera all right når me først fekk han til å gå, men... det var atskilleg betre enn å bora for hand! Sjølv om det vart mykje reparasjonar på han. Me hadde denne boremaskina lenge før det kom ei som var ny og betre. Hammaren slo hardt, så det var ein slitsam jobb.

- Korleis vart det i kvardagslivet når de fekk straum?

- Ein ting som det vart ei endring på, var då me fekk støvsugar... Før måtte me lakka golvet både ein og to gongar for året, ettersom vaskinga sleit slik på. No var det ikkje slik om å gjera lenger.

Helge Storetvedt (1923-2014) - tilsyn med Langeland sekundærstasjon

Intervjua 5. februar 2007

"Når folk seier at straumen er dyr, så svarar eg at dei lyg, straumen er ikkje dyr. Eg har alltid resonnert slik at viss du tek ein halv times netto timesbetaling, då har du til straum den dagen."

- Eg hugsar rett og slett ikkje kva tid straumen byrja å koma til Tysnes, eg tenkjer på det me fekk frå Bergen. Var det i 1951, mon tru?

- Det kom jo gradvis?

- Ja, sjølvsagt.

- Det er interessant å tenkja på at folk fekk straum før dei hadde innlagt vatn. Då var det til å skaffa seg vaskemaskin og slike ting.

- Du jobba på sekundærstasjonen frå byrjinga?

- Ja, eg jobba der frå 1953. Då byrja eg som ferieavløysar. I 14 dagar. Så reiste eg til Matre i oktober og arbeidde som anleggselektrikar der. Eg var der til juli året etter. Så fekk eg tilbod om ei fastare tilknyting til sekundærstasjonen på Langeland (på Tysnes). I Matre var eg med på monteringa av det første aggregatet og fekk god røynsle i korleis ein høgspentbrytar såg ut og virka. Eg lærte mykje om brytarar som kom vel med seinare. Hystad (sjå nedanf.) sette meg inn i funksjonane ved Langeland sekundærstasjon og korleis alt virka der. Det gjekk bra. Det var berre 20 kw i dei dagar. Eg hadde ein delvis jobb der, nokre faste timar for månaden og resten timesbetaling. Etter ei tid kom det 60 kw.

- Kor stor var stasjonen, eg tenkjer på bygningen?

- Den var ganske stor, den. Det var ei sværa betongbygning. 60 kw-transformatoren var utandørs, inngjerda, medan alt 20 kw var innandørs. Det første aggregatet me hadde var på 5 megawatt og forsynte eit stort område med straum... Tysnes, Hufteren, Ølve, Hatlestrand.

- Budde du på Langeland då?

- Nei, eg budde på Onarheim dei første ti åra. Nokre kilometer unna. Eg hadde ein motorsykkel dei første åra. Seinare fekk eg meg bil.

- Var det telefon der?

- Nei, ikkje i byrjinga. Og i alle høve ikkje då eg var ferieavløysar der. Då ringde dei til svigerfar, og så måtte han springa og hoia. Seinare fekk eg telefon heime. Men ikkje alarmen. Den gjekk til ein bonde på Skato. Og han ringde meg.

- Korleis kunne det ha seg?

- Jau, han som var på sekundærstasjonen før meg hadde budd hos bonden.

- Det høyrest nokså primitivt ut?

- Ja, etter dagens målestokk høyrest alt primitivt ut. Det galdt nok oss sjølve også. Eg fekk nyleg spørsmål frå den noverande sjefen i kraftlaget om kva slags utdanning eg hadde då eg fekk stillinga ved Langeland sekundærstasjon. Nei, svarte eg som sant var. Eg hadde ikkje eingong sundagsskulen. Me lærte undervegs. Eg har tenkt på det etterpå, eg trur ikkje det var mykje fagfolk, nokon som verkeleg kunne dette dei vart sett til å styra med, like frå direktøren og driftssjefen til dei som arbeidde med monteringa. Ikkje for det, Kåre Hystad kunne mykje og hadde vore borti ein del. Det var han som lærte meg opp. Men det var Olav Helland, han som stifta Våge Lysverk, som var den første læremeistaren min. Det var der eg byrja med kraftutbygging, i lag med han. Eg var tolv år gammal. Me heiste sand opp til demninga. Eg fekk styra motoren. Det var svære greier. I dei dagar var det litt av eit anlegg.

- Det var jo eit nytt fag?

- Ja, me lærte etter kvart. Han som handterte brytarstasjonen inne i Stussvik, til dømes, han hadde vore meieribestyrar. Og han som styrte brytaren på Hufteren var fiskar.

- Korleis var arbeidssituasjonen på Langeland?

- Det vart mykje timebetaling på meg etter kvart, så eg søkte styret om å få heil fast stilling der. Det gjekk glatt gjennom. Framleis hadde eg kontinuerleg vakt. Eg delte på det kontinuerlege vakthaldet med Hystad. Det var heilt borti veggene, om ein tenkjer på arbeidsmiljøvern og slikt. Då arbeidsmiljøvernlova kom fekk me utbetalt kompensasjon i ettertid. I tilleg til det daglege arbeidet ved sekundærstasjonen gjekk eg på linebefaring frå Langeland og forskjellige retningar, til Ånuglo, Hodnaneset osv. Faktum var at eg hadde inga røynsle med høgspent. Det einaste eg visste var at det kunne vera farleg å rota seg borti. Eg fann snart ut at eg måtte tenkja meg om to gongar før eg gjekk til handling. Det følgde meg heile tida. Ikkje alle tenkte slik.

- Kva om straumen rauk?

- Då var det til å prøvekopla til dess eg fann feilen. Kvar line hadde sin brytar. Så var det til å ringja til vedkomande driftsstyrar, anten det var Hystad eller i Ølve, til dømes.

- Då kunne vel straumen vera vekke ei stund også, då?

- Ja, det kunne det vera stor forskjell på. Ein gong ein vinter hadde telefonnettet rast saman. Telefonlinene hadde blåst ned og låg i eit einaste virvar. Vegane var ikkje brøytte. Då sat eg i fire døger på sekundærstasjonen, utan samband med folket mitt. Ikkje hadde eg mat. Ikkje kaffi eingong. Det einaste var ein divan på opphaldsrommet, men det fanst ikkje sengklede. Til slutt heldt eg det ikkje ut lenger. Så då måtte eg bort til naboen og bomma meg mat. Viss ikkje telefonen virka var me heilt handikappa. Elles var det å oppsøkja telefondamene, vekkja dei opp om det var på natta. Eg hugsar ein gong. Eg fekk ringt til Uskedalen, men til Stord kom eg ikkje. Til slutt fekk eg kontakt med Sunnhordland Kraftlag via telefonstasjonen i Uskedalen. Og då måtte dei om Austlandet først. Det fortel om kor tungvint alt var. Slikt kunne ta timevis. Det var eit vanskeleg kapittel for oss alle saman. Seinare fekk me radiotelefon. Alle var knytte saman, så me snakka i munnen på kvarandre. Det var store apparat som gjekk på batteri. Dei virka godt, det var fantastisk. Hystad skulle testa sambandet då me fekk telefonane. Han køyrde frå den eine staden til den andre og ringde meg opp: "Høyrer du meg no?" Til slutt sa eg: "Ja, nå står eg rett bak ryggen på deg."

- Folk var vel ikkje alltid like tålmodige når straumen rauk?

- På gardane fekk dei snart lys i floren. Det tok litt meir tid før mjølkemaskina kom. Vart det lokal straumstans varte det ikkje lenge før dei ringde. Det var så sikkert som lås. Og då mjølkemaskina kom var dei endå meir utålmodige. Dei venta mjølkebilen og måtte ha att straumen for å bli ferdige. Ofte måtte eg seia til dei at dei fekk mjølka for hand.

- Kjefta dei?

- Nei, det hende berre ein einaste gong, så langt eg hugsar. Bøndene var no så si sak. Det var ferja som var det største problemet, når straumen til ferjelemmen forsvann. Eg hugsar elles på eit hønseri der femten hundre høns døydde under ein langvarig straumstans. Automatikken der virka ikkje. På Hufteren ein gong støypte dei ein silo med såkalla vandrande forskaling. Der stoppa alt arbeidet. Men det fælaste straumbrotet var nok den gongen det fauk eit fly inn i høgspentlina over Langenuen. Det var to jetfly som traff linene. Lina fall ned i sjøen og kortslutta. Dei merka ikkje kva som skjedde og visste ingenting før dei landa på flybasen. Straumen var vekke ei heil veke etterpå. I butikkane smelta alt som låg i fryseboksane. Ein stad delte dei ut iskremen til ungane. Ein gut åt femti iskremar på ein dag og hamna på sjukehus der han måtte pumpast!

(Pause) - Sjølv heldt eg ein gong på å bli drepen. Det var ein morgon. Eg skulle ut til 60 kw-anlegget som låg utandørs, skulle henta noko verktøy. Det var snø, glatt. Rundt heile området gjekk det noko med kalla samleskinner, dei gjekk rundt heile området og forgreina seg til kvar einskild line og ned til brytaren. Samleskinnene gjekk over houvdet på oss. Eg trur eg hadde kloggar på meg. Eg skleid og hadde nok med å halda meg på beina. Plutseleg såg eg noko som kom inn i synsfeltet, det var ein "loop" som me kalte det for, med straum i, som hadde losna og hang rett ned. Det var ikkje mykje om å gjera før eg hadde gått rett på han. Ein annan gong... eit brytararrangement besto av ein skiljebrytar på kvar side med ein brytar i midten, det var den som eigentleg kopla. Skiljebrytarane opna du for hand, då såg du om det var brot. Eg hadde vore oppe og lagt inn desse skiljebrytarane, det var straum på effektbrytaren, men han var ikkje kopla. Eg var på veg ned att og skulle inn for å kopla til frå tavla. Då eg var komen eit stykke på veg ned til sekundærstasjonen høyrde eg det byrja å buldra. Eg skjøna at noko var gale. Eg hadde ikkje før kome innforbi døra før det kom ein eksplosjon og heile rommet stod i full fyr. Det såg ikkje ut.

-Ja, kva når det skjedde slike ting?

- I byrjinga var det ingen organisert beredskapsvakt. Men kven du enn ringde til av linefolk, så var dei på beina og kom og hjelpte til med ein gong. Det galdt dei på Hufteren og i Ølve også. Der var aldri snakk om at det ikkje passa. Og du verda for sure jobbar dei hadde, det var å rykka ut i all slags folk. Linefolka var mektige folk i vanlege folk sine auge.

- Visste folk kva straum eigentleg var?

- Ein kar visste no ikkje heilt om han ville ha høgspent eller lågspent inn til huset. Han bestemte seg for høgspent, så slapp han å snubla i leidningane i tunet, humrar Helge Storetvedt. - Nåja, det var helst ein vits me hadde.

Kåre Hystad (1922-2012) - tidl. kraftlagssjef

Hystad skreiv i 1996 boka Tysnes Kraftlag gjennom 50 år. Intervjua i mars 2007

Kåre Hystad opnar med å fortelja om bakgrunnen for at det vart bygd ut kraftverk i Sunnhordland.

- Dei lokale politikarane her i Tysnes var for at ein skulle byggja ut Blåfalli, medan ingeniøren i fylket som hadde med dette spørsmålet å gjera gjekk imot. Han heitte Lægreid. Han meinte at Blåfalli ville vera eit altfor stort og kostbart anlegg. I dag ser me at det ikkje er meir enn me treng. Han meinte også at ein kunne byggja ut småkraftverka på Tysnes. Men Haldor Haldorsen som sat på Stortinget den gongen skar gjennom og gjekk inn for Blåfalli. Dette fortel litt om den politiske prosessen ein måtte gjennom. Det var i det heile teke ei langvarig sak.

- Det var jo eit stort sprang, dette, å diskutera dette med å få straum, for det fanst jo ikkje? Ein skulle gå frå ein røyndom til ein annan? Mange tenkte kanskje at dei hadde det like greitt som dei hadde det?

- Nei... dette var jo noko som kom gradvis for mange. Me hadde jo småkraftverka som kom rundt omkring. Dei som fekk straum frå desse småkraftverka hadde jo eit privilegium i høve til andre. Men det er jo klart at då Tysnes Kraftlag vart stifta, og dei såg den skilnaden som var på låg eller dårleg spenning og på den spenningen som var høgare, så fekk jo dei lyst på noko betre.

- Så abonnentane var på ein måte klare før Tysnes Kraftlag vart stifta?

- Ja, eg tenkjer på Våge Lysverk, dei hadde abonnentar frå Gjerstad og til Teigland, og via ymse installasjonar og reparasjonar vart desse overført til Tysnes Kraftlag. Det var ikkje berre like enkelt for mange. Dei gjekk frå 110 volt til 220, og mange skrudde difor i ei 110 volt pære av gammal vane når dei skulle skifta. Men det skremte nok vitet av mange. Pærene eksploderte med eit forferdeleg brak. Men det som eigentleg gjorde at det vart ei slik overføring var alle dei nye og straumkrevjande apparata som kom i hushaldninga, som vaskemaskin og komfyr, støvsugar osv. Då var det for lite straum. Av slike grunnar var det veldig enkelt å få abonnentane over frå småkraftverka til Tysnes Kraftlag.

- Folk fekk innlagt vatn omlag samstundes?

- Nei, det kom seinare. Men det var innlagt vatn hos folk som vart primus motor for at folk skaffa seg tyngre hushaldningsapparat. Dei fleste fekk ikkje innlagt vatn før på 60-talet, sjølv om det naturlegvis fanst før det somme stader. Kombinasjonen av innlagt vatn og straum skapte ein revolusjon i det daglege hushaldet, ikkje minst for husmora.

Pause. - Eg tenkjer på då me budde på Uggdal, då stod dei nedforbi brua der, ved Vetlevatnet som fanst den gongen, og vaska klede for hand. Midt på vinteren stod dei slik, kvar dag. Det var likt for alle. Det var ikkje nokon som hadde det betre enn andre. Husmødrene var heime og stelte med hus og heim og ungar, det var ein masse arbeid. Me hadde ei vaskemaskin, den første me hadde, den var rund og me opning på toppen. Den brukte kona til å bada ungane i.

Hystad fortel om Per Onarheim. Han hadde elektrisk forretning på Onarheim (på austsida av Tysnes) og var installatør. Han vart sidan drepen då han fall ned frå ein vegg, då han var oppe i stigen og dreiv med installering. Det skjedde i Ålvik, i Hardanger. Forutan han var det Lande i Våge som hadde elektrisk forretning. Det arbeidde dessutan fleire installatørar som kom frå Stord her. Dei kom med fiskebåtar og slikt. Men stort sett var det Per Onarheim og Lande som arbeidde med installering. Det var ein kjempestor arbeidsmarknad for dei.

- Tenk deg alle dei husa som skulle ha installasjon. Og seinare skulle dei ha det utvida, etter kvart som folk fekk betre råd. Det var lite pengar mellom folk, ingenting skulle kosta for mykje. Det var støtt noko å gjera for dei. Det kom forresten også elektrikarar både frå Os og frå byn, ikkje berre frå Stord. Hyttefolk hadde gjerne folk frå byn til å installera for seg. Det var gjerne kameratar som var elektrikarar og som jobba svart. Likningskontoret fekk snusen i at det føregjekk eit og anna på dette området. Dermed kom dei til oss og bad om å få sjå protokollane over alle hus og hytter der det var installert straum. Det sat ein mann frå fylkesskattevesenet på kontoret hos oss ei heil veke, og han fant ein heil rekkje installatørar som hadde vore her og arbeidd, utan å melda frå til likningsetaten. Og dei fekk jo ein kjempesmell, desse karane. Dermed vart det slutt på elektrikarane frå byn.

- Hyttene fekk vel ikkje straum med det same?

- Mange av dei fekk straum etter måten snart.

- Radioen kom tidleg?

- Ja, det gjorde den. Men det fanst radioar hos folk lenge før straumen kom, i form av at dei gjekk på batteri. Eg har forresten ei morosam historie frå Hodnaneset. I byrjinga hadde kraftlaget kring tretti transformatorar, i dag er det bortimot eitt hundre og femti, så utstyret har kome litt etter kvart. Utpå Hodnaneset var det ein kar som fortalde at når han skulle høyra radio, så måtte han skru av nattlampa.

- Var straumen dyr?

- Forbruket var lite. Og folk heldt seg innan fastleiga. Dei hadde ikkje så mange apparat å bruka straum på, så energiforbruket var etter måten lite.

Pause. - Eit problem var dei dårlege kommunikasjonane. Då eg kom hit til Tysnes i 1952 var det fire år sidan kraftlaget var stifta. Det gjekk ikkje båt til Stord anna enn om kvelden klokka halv tolv frå Uggdal, og båten var ikkje framme i Leirvik før i åtte-tida om morgonen. Det var då ein kombinert laste- og passasjerrute. Og så var det attende om natta. Den einaste dagen i veka det gjekk båt om dagen var om sundagen, då gjekk det ein båt frå Leirvik i eitt-tida som var på Uggdal klokka sju om kvelden. I byrjinga var eg tilsett som kontrollør i Sunnhordland Kraftlag, og hadde både Tysnes og Austevoll som mitt område. Eg var fjorten dagar på Tysnes og fjorten dagar på Austevoll. Sambandet mellom Tysnes og Austevoll var lik null. Dermed måtte eg reisa om Leirvik begge vegar. Det var ein travel jobb, og det tok jo si tid å koma seg kringom til abonnentane. Dei hadde ikkje alltid målarar på den tida, så eg var ikkje alltid like velkomen då eg dukka opp all den stund folk hadde gratis straum. Eg gjekk med ein ryggsekk som var stappfull av målarar, så var det å gå frå den eine staden til den andre og montera dei, så dermed vart eg gjerne ikkje ferdig før i ni- halv ti-tida om kvelden.

- Det var ingen ni til fire-jobb, akkurat?

- Nei, det var det ikkje. Men eg styrte jobben sjølv. Eg var min eigen herre og kunne ta meg ein fridag sånn, utan at det skjedde noko skade for det.

- Du var innom dei fleste heimar?

- Ja, det var eg. Det var ein merkbar forandring i dei åra eg gjekk i heimane til folk. Eg tenkjer på levestandarden. Den gongen eg tok til som kontrollør var det berre nokre kjøkenstolar og eit bord og dei mest naudsynte ting. Eg har vore attende i nokre av husa i seinare tid, og har vore vitne til den fantastiske forandring som har funne stad frå eg tok til i 1952.

- Kor tid fekk ein veglys?

- Det kom i byrjinga av 60-åra. Kommunen sette då ned ei nemnd. Folk kunne søkja om tilskot viss dei ville ha lys. Folk måtte betala for delar av anleggskostnandene. Det var elles rutebilstoppa som vart prioritet.

- Du vart leiar for Tysnes Kraftlag ganske snart?

- Ja, det vil seia det var Sunnhordland Kraftlag som styrte med det då. Der hadde eg Tysnes og Austevoll som arbeidsområde. Etter ei tid fekk eg stillinga som driftsteknikar for Tysnes. Då me først kom til Tysnes budde me hos Årskog i Uggdal, der på bakeriet. Etter eit års tid flytta me til Onarheim og budde der. Så flytta me til Gjersvik og budde i lensmannshuset inntil me bygde hus her me bur no, på Vågsneset. Det låg mykje meir politikk i dette enn ein skulle tru. I lovene til Tysnes Kraftlag stod det nemleg at kontoret skulle vera der som formannen budde. Den gongen fanst det ikkje noko teknisk personale, ingen fast tilsett kasserar heller, så dermed vart det ein veldig kamp om formannen. Eg hugsar då me budde på Onarheim, hos Johannes Hjertaker, han skulle ha huset sjølv og me vart oppsagde. Det var med julatider, men det hadde ingen hast, så han sa det kunne venta til våren. Me flytta i mai året etter. Far til Hjertaker var "politisk minded", for så lenge eg budde på Onarheim så var også administrasjonen der, det var veldig viktig. Han budde oppe i Vattedal. Han visste ikkje at me skulle flytta. Ikkje før me stod der med flyttelasset og var klare til å reisa. Då kom han og sa at viss me no hjelper til med å køyra flyttelasset og setja alt på plass i hyllene, om me ikkje ville flytta attende til Onarheim? Nei, sa eg, no hadde me bestemt oss for å flytta til Våge, dvs. Gjersvik.

- Det var vel mykje av permar og protokollar og utstyr med på flyttelasset?

- Ja, eg hadde jo kontoret heime hos meg sjølv. Det var ein ulempe. Etter kvart vart det ganske mykje kontorarbeid i tillegg til alt det andre arbeidet. Me hadde jo 25-30 mann i arbeid, og eg sat åleine med alt saman. Me leverte tilbod på linebygging også, så det var mykje å gjera. Men når eg hadde kontor i huset, så sa folk: "Åja, du er heime, du har fri i dag." Så det var godt å få kontoret vekk frå heimen.

- Du nemner i boka di at då straumen kom, så førte det ikkje til noko umiddelbar oppsving for næringslivet i kommunen?

- Nei, det gjorde ikkje det. Dei fleste arbeidstakarane på Tysnes hadde bra arbeid på Os eller på Stord. Dei hadde etablert seg på desse stadene, budde der i sine eigne husvære med familien, og gjerne fått leiande stillingar i desse verksemdene, og då er det ikkje så godt å riva seg laus. Å rykka alt med rota og gjera ein freistnad på å etablera ei verksemd på Tysnes, med all den utryggleiken det ville innebera, det var ikkje så heilt enkelt. Det hadde altså med slike ting å gjera, ikkje med om det kom straum eller ei. Men sjølvsagt var det ei rekkje verksemder på Tysnes som gjorde seg nytte av elektrisk kraft, ja, som ein mest ikkje kunne tenkja seg utan straum. Møbelfabrikken til Harald Helland er eit døme på ei verksemd som kom samstundes med at det vart tilgjenge på elektrisk straum. Ein stor skilnad på den gongen og no er at medan ein i dag ville hatt ein motor for kvar maskin, så hadde dei den gongen ein stor motor som var montert oppunder taket og med ein mellomaksling med hjul og reimer ned til maskinene. Det hadde dei heilt til det vart ulovleg, for det kunne vera farleg å koma borti desse reimane. I byrjinga var det Våge Lysverk som leverte straumen til fabrikken. Det var forresten bror til Harald Helland som starta lysverket. Han heitte Olav Helland og var utdanna elektroingeniør. Han var ferdig utdanninga i Trondheim og gjekk arbeidslaus. Dei som hadde fallrettane hadde gratis straum.

- Då du byrja å jobba i Sunnhordlag Kraftlag og seinare på Tysnes, var det slik at du såg det var noko stort i sving?

- Ja. Det var stor kraftmangel. Det var ikkje nok straum.

Kona Margrethe skyt inn: - Me hadde elektriske omnar til oppvarming av huset. Me fekk ha dei heile våren og sommaren, men når hausten kom så kom dei og stengde dei. Me hadde ikkje omnar om vinteren når det var kaldt. Det var ikkje nok straum. På Stord hadde ikkje folk lov til å ha meir enn to kokeplatar på komfyren. Hadde dei fleire vart dei kopla frå.

- Dette med uver og dårlege vegar? Kva bil hadde de i kraftlaget?

- Det var ofte jordfeil. Då måtte me prøva å seksjonera ved å kopla ut i dei områdene me hadde ein mistanke om at feilen kunne vera. Det var berre Sverre Linde og Sverre Dalland me hadde på linene den gongen. Og det kunne vera tungvint å få tak på dei. Då kopla dei ut linene, så me fekk prøva å sjå kva som var i orden. Me hadde ikkje telefonar, men måtte låna telefon hos privatfolk. Det hende at Petra i posten måtte ringja rundt for å få greie på kvar t.d. Helge Storetvedt, som hadde vakthaldet ved sekundærstasjonen, var å finna. Det kunne altså ta si tid å få ordna feilen.

Hystad held fram: - Lenge var det ingen bil i kraftlaget. Me brukte våre eigne private bilar. Men så fann me ut at no trengde me ein lastebil, i det minste, så me slapp å leiga for kvar gong. Saka kom opp i styret. Mange var imot, for då ville me ta inntekta frå dei som leigde ut lastebilar. Men det vart til at me fekk ein lastebil til slutt. Det var ein kombinert bil, me kalla han Trikken fordi han såg ut som ein trikk. Og jommen var det einskilde som såg på han som eit offentleg transportmiddel også! Då me budde på Onarheim var det mange som kom og spurde om eg ikkje kunne køyra dei der og der. Å ta drosje var siste utveg for dei fleste. Dei kunne koma og vekkja meg midt på natta.

- Trikken hadde ikkje heisekran?

- Nei, det hadde ingen av dei første lastebilane. Det var å nytta steinbukk.

- Kva med Reksteren?

- Nei, då var det båtskyss. Men det gjekk greitt. Det var vanleg med skyssbåtar den gongen. Det var jo så mange som skulle ha skyss, både lensmann og prest og dokteren. Dei hadde god orden på det, dei som dreiv med båtskyss. Dei var presis på minuttet, som dei hadde lova. Båtane var til å lita på. Skulle det fraktast tyngre utstyr måtte me tinga skøyter. På Reksteren fanst det forresten inen bilar i byrjinga. Det einaste dei hadde var ein jeep, du veit ein slik dei hadde under krigen, og det var ikkje fjøring på han. Og du veit det var sånne vaskebrettvegar der den gongen, så du fekk rista laus nyrar og alt anna skulle du køyra med den bilen.

Ei morosam historie: - Folk venta at me skulle vita kven dei var. Det gjekk ei sikring på ein transformator i Gjersvik, og der inne budde ein som heitte Anton Håland. Han ringde om at straumen var gått. Det var kona mi som tok telefonen. Nei, straumen kunne då ikkje vera gått på Håland, sa ho. Men like fullt reiste me ut til Håland for å sjå til transformatoren der. Men då dei kom dit såg dei at det var straum på Håland, det var ikkje noko gale der. Då måtte det vera Håland i Gjersvik, og me køyrde dit. Der fann me Anton Håland. Han var fælt fornærma over at me ikkje hadde visst kven han var, endå eg og kona hadde budd i Gjersvik eit heilt år.

Om bygdastrid og plassering av kraftlagsbygningen: Mange syntest det var betre å leggja ned Tysnes Kraftlag og flytta til Stord enn å ha administrasjonsbygningen i Våge. Men på sett og vis må ein sjå det mot dei dårlege kommunikasjonane som var den gongen. Folk hadde ikkje alltid bilar, alt var mykje meir tungvint.

Om målaravlesing: - I den første tida gjekk me ikkje berre rundt og las av målarane til folk, men dei kunne betala rekninga til oss også, kontant. Det var mange som gjorde det. Før me fekk data var det mykje papirarbeid.

- Folk avstod viljug grunn i byrjinga, men dei var ikkje alltid like viljuge seinare?

- Nei. Du veit, grunneigarane ville gjerne ha straum, og då godtok dei at det kom liner over eigedomane deira. Det stod i vedtektene at alle skulle avstå gratis grunn. Men seinare heitte det seg at det skulle betalast erstatning viss det vart til stor ulempe, og då vart det jo til at kraftlaget måtte betala for grunnen. Dette galdt for høgspentlinene. Det var ikkje enkelt. Eg hugsar på Sletteskog, der var det ein grunneigar som hadde ein fin skog, og han var ivrig på å få straum. Så sa han til meg at me skulle gå opp i skogen og sjå kor lina skulle gå. Det var førsteklasses skog, noko med den finaste skogen me hadde på Tysnes. Ja, synest du ikkje dette er kostbar skog? sa han. Jo, eg måtte vera samd med han i det. Kva skal eg gjera her, då? sa han. Eg svarte litt forsiktig, men så braut han meg av og sa: - Alt dette her skal de få gratis. Eg måtte takka han opp i handa. Men slik var det slett ikkje alltid. Eg hugsar me var ein stad der det skulle straum til eit hus. Men mannen som budde der ville ikkje ha stolpen på eigedomen sin, den kunne stå på naboen sin grunn, like bak huset. Han ville ha straumen, men ikkje stolpen. "Men er det ikkje du som skal ha straumen, då?" spurde eg. Jau, det var det. Men viss han ikkje fekk ha stolpen på baksida av huset, då ville han ikkje ha straum. Og då sa eg: "Er du så galen som det, då skal du ikkje få straum heller." Og dermed gjekk eg frå han til dess han kom på andre tankar.

- Slike folk støtte du vel ikkje alltid på?

- Ja, det var mykje rart. Ein gong var det nokre som var så redde for regndropene som draup ned frå høgspentlinene. Dei trudde det kunne vera straum i dei. Berre sjå på fuglane, sa eg. Dei sit jo på leidningane og vert ikkje drepne for det. Men forresten, eg hugsar ein gong ein stare som sat på den øvste leidninga, medan ungane hennar hadde funne plass under. Då ho bøygde seg ned for å mata ungane som sat på leidninga under... ja, då var det nok det siste ho gjorde. Nebba var brekt på starene då me fann dei på bakken.