Kjeldearkiv:Krigsminne frå Jåttå

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 12:02 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Krigsminne frå Jåttå:

Då bomba smalt, hoppa huset på grunnmuren!

Det er 70 år, og vel så det, sidan tyskarane invaderte landet vårt den 9. april 1940. På vår kant av landet var det Sola flyplass dei tok først, denne flyplassen som ligg så strategisk til ved Nordsjøen.

I tida like etter okkupasjonen, den første månaden eller så, blei flyplassen intenst bomba av engelskmennene. Flya deira kom 15 til 20 stykke om gongen. Og det var alltid om nettene, etter midtnatt ein gong, åtaka kom.

Eg var bare fem år gammal den gong, men ein god del hugsar eg tross eg var bare ein liten unge. Heimen vår på Jåttå låg rett nedanfor Jåttåhaugen der tyskarane hadde ei av mitraljøsestillingane sine. Nedanfor heimen vår, huset og løa, går Vågedalen frå Gandsfjorden ut til Hafrsfjord, og vidare er det flatt land like ut til Sola og Nordsjøen. Dei engelske flya kom ofte denne vegen, eg hugsar duren frå dei. Og eg hugsar mitraljøseelden frå Jåttåhaugen over heimen vår, dei kraftige, skarpe smella og sporlysa som stjerneskot på himmelen. Kanskje sit kjensla av det utrygge mest fast i minnet mitt, kvar gong flya kom vakna eg, og så blei eg boren ned i kjellaren av far min, lengst inn der potetbingane var. Der reidde mor mi opp til meg oppå potetene så eg kunne leggje meg og sove om det roa seg noko. Men redd var eg ikkje, eg visste mor mi og far min passa på meg. Men koss dei måtte ha det har eg tenkt mykje på i ettertid, kor utrygge måtte ikkje dei vere, ikkje kunne dei vite kva framtida ville bringe.

Natt til skjærtorsdag, natt til den 2. mai, blei me vekte av eit frykteleg brak. Då falt ei bombe ned like ved våningshuset til onkel min, Bernhard Aarrrestad. Det var omtrent 300 meter ned til huset hans frå oss. Fredag den 3. mai kunne folk lese om hendinga på første side i Stavanger Aftenblad under overskrifta: Tre villfarende bomber. Ingen mennesker drept eller såret. Frå artikkelen tar eg med dette:

Vi talte med Bernhard Aarrestad som fortalte at huset hopte på grunnmuren. Alle kom seg ned i kjelleren, for flyet som slapp bomben kom tilbake og kretset omkring. Like etter bombenedslaget ble det sloppet flere lysbomber som lyste opp alt, men jordrøyken stod som en skodde over gården i lang tid. Så underlig det kan høres var det en ung jente i huset som ikke våknet av eksplosjonen.

Dette siste om den unge jenta er ikkje rett, det var drengen på garden, han Håkon, som sov så veldig tungt.

Vidare heiter det i artikkelen:

Natten før, under det voldsomme angepet på Sola, falt det en bombe i utmarka mellom Gausel og Godeset. Også her ble det et krater på 5 meters diameter.

Dei var grufulle desse dagane i april og mai, men det roa seg noko med desse flyåtaka etter kvart. Men kor lenge skulle krigen vare? Det visste dei ikkje, det blei å leve i uvissa og tilpasse seg så godt det let seg gjere.

Det blei fem år som ufrie menneske. Folk måtte tilpasse seg livet i ein politistat. Alle over 15 år måtte ha grensepass. Fotgjengarar, syklistar, folk på hestekjerrer, alle måtte rekne med å bli stansa og kontrollerte. Det blei fem år med rasjoneringskort, køar, blendingspåbod, mørklagde gater og vegar og så vidare. Folk blei undertrykte, kua.

Det er heilt utenkjelege for oss i dag å tru at noko slikt kan hende på ny. Men å vite er viktig, det gir oss tryggare liv.