Kjeldearkiv:Ola Strond

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne artikkelen er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1934. Olav Moe har skrivi eit stykke om spelemannen Ola Strond (fødd 1813, død 1902) frå Vang i Valdres. Lenger ut i tidsskriftet har Knut Hermundstad skrive utfyllande om Strond, både som spelemann og oppfinnar m.m.

Ola Strond og huslyden hans. Faksimile frå Tidsskrift for Valdres historielag 1934

GAMLE SPELMENN: OLA STROND

av Olav Moe

Da hardingfela — den norske fela — i det 17de hundradåret fekk form og utstyr som norsk nasjonalinstrument med understrenger og sers tilmata overstrenger og felestille med klangfarge for dei ymse tonestykke, var Valdres av del bygdelag som fyrst eigna til seg det sermerkte instrumentet. Folketonane, som fyrr var tolka ved stut, lur, fløyte og ymse harpeformer, fekk ved hardingfela meir fullkomen utforming. Valdres hadde ogso av dei beste spelemenner heilt fra fyrst av — særs øvre Valdres. Stor framgang fekk folkemusikken med Jørn Hilme fra Solabu (Ulnes), som gav slåttane finare form og rikare innhald.

Ein av dei fremste spelemenner i Valdres var Ola Strond frå Vang — Søynin dei kalla han, etter at han vart bonde pa Søyne. Han var av lærlingane til Krøsshaugen, som hadde slåttane etter Jørn Hilme. Ola Strond var av dei spelemenner som skapte eigen, personleg form i spelet sitt og ikkje gav seg med berre å spela «grammofon» etter andre.

Klart, sterkt og godt markert, med utifra stød, kraftig bogeføring, verka spelet breidt og fulltonande. Småkrotingi som Krøsshaugen var slik kar til å laga og nytta seg av, brydde Stronden seg mindre um. Det var den raude tråd, grunntonen, han vilde hava klart fram. Og det makta han til fullnads — ofte betre enn som godt var. Han hadde lært notespel, og det er farleg for ein hardingfelespelemann.

Som so mange av dei hadde ogso Stronden lett for å ofra særdåmen og ornamentikken i spelet til bate for stil og «skule». Men kom han fyrst i rett lune, so song samspelet greidt og ekte. Han var ein heilstøypt person og ekte musikkar. Difor verka han kanskje noko anleis enn ein var van med i samanlikning med slike som Krøsshaugen, Teigstolen og Knut Ringestad; dei hadde meir av Hilmedåmen over spelet sitt.

Personleg fekk eg ikkje høyre Stronden fyrr han var gamal og nedfor. Det var eit stort folkemøte i Vang i 90-åri. Saman med mange andre slidringar var ogso eg der. Ein god kjenning, som ogso var spelmann, Jens Ringestadbergene, tente den tid på Søyne og fortalde meg um Stronden og spelet hans. Og med gode ord og lempor vart det ordna so at nokre av oss fekk koma til Søyne kvelden etter stemna. Gamlen var gjengen tilsengs da me kom. Men so snart han merka det var kome utanbygds spelmann tilgards, og tilmed høyrde feleom i huset, var det ikkje lenge fyrr han var på føtene att. Og ved eit par drammar, godprat og spel tok han snart sjø1v fela. Ein kunde rett nok merke at åri tyngde på bogen, kasti vart stivare og den tendande dam kom ikkje so godt fram; men det var ikkje vondt å skyna at den karen hadde havt makt i spelet sitt og makt over folket som høyrde han. For meg vart det ei minnerik natt.

Av slåttar, eg lærde av han den natti, var Gridhamaren, St. Tomasklokkeslåtten og Hulebakken, klagesongen då eventyrguten i Hydale vart fanga og avstraffa med livet som innsats. Det som sterkast verka på meg, og som eg alltid hev freista å halda fast på i spelet mitt, var den store, runde tonen med den breide klangen, og det at sjø1ve melodien måtte haldast høgt upp over harmonitonane jamvel i dubbeltgrip og andre små utstafferingar i spelet.

I det synte Ola Strond ny veg i folkemusikken.

/ Olav Moe.


LIVSSOGA OG LIVSVERKET TIL OLA STROND PA SØYNE (SØYNIN)

av Knut Hermundstad

Vang i Valdres var i gamle dagar svært avstengd. I ei slik bygd var det ikkje lett å få eit kjent namn utetter, same kor grepa menneske ein var. Ola Strond på Søyne har og vorte ute for denne lagnaden. Spelemannen var nok so stor at han tvinga seg fram til eit landskjent namn millom musikkarar. Men stort meir enn at han var spelemann, veit få um han. Det skal da straks seiast: Ola Strond var i mange leider ein mann som ruvde stort. Det blir reist grusse æreminne over mang ein som har tent det mindre enn Ola Strond.

Besteforeldri hans Ola på farssida var Haavard Jonson Steinde g. 1769 m. Kari Olsdotter, f. Strand. Desse hadde m. a. born ein son, Knut Haavardson (f. 1776), som vart g. m. enkje Dorthe Anfinsdotter Kvame, f. Berge i Vangssokni. Knut brukte fyrst Kvame, garden til kona, nokre ar; men 27. febr. 1823 selde han Kvame for 300 spd. til Anfin Olson, sonen åt kona i fyrste ekteskap. Den 3. mars 1827 kjøpte han Strand i Øvre Dalen. Seljaren var Guttorm Sjugurdson Strand g. m. Mark Gulliksdotter Hermundstad, og prisen var 325 spd. Medan Knut var på Kvame, vart sonen Ola fødd 1813. Denne Ola er helten i denne soga. Ola hadde ei syster, Kari, som 10. november 1840 vart g.m. Haavard Jonson Steinde (f. 1810). I manndomsåri vart Haavard ute for ei stygg ulukke, som tok livet hans. Han datt utover eit berg uppi Skjervefjellet ein gong han leitte etter geitene sine. Borni at Kari og Haavard var: 1.Jon Steinde, f. 10. mars 1845, g. m. Ragnhild, f. Lunde. Dei fekk fire born: Jon, Nils, Knut og Kari. 2.Dorthe t ugift.

Besteforeldri til Ola Strond pa morsida var (etter Tore Ey: «Vang og Slidre») : Anfin Haavardson (1736—1799), g. m. Ingebjerg Kristoffersdatter. Born: Kristofer (f. 1778), Gunnhild, g. m. Anders Torkjelson Berge som brukte Berge i 1801, Dorthe, g. m. Ola Helgeson Kvame, Haavard, f. 1789 og Gudbjørg og Ingrid. Den siste vart g. m. Haldor Haldorson Øygarden. Dorthe og Ola Helgeson Kvame hadde desse born: Helge (f. 1797), Anfin (f. 1799, «Kvamen», spelemann), Ola (f. 18Ø2) og Anne (f. 1807). Men so døydde han Ola, og da var det at Dorthe vart g. m. Knut Haavardson Steinde.

UNGDOM OG JAKTLIV

Barneåri levde Ola Knutson pa Kvame. Men da han var ikr. 14 år, flutte han med foreldri sine til Strand. Og her livde han då ungdomstidi si. Um sumrane dreiv han med vanleg gardsarbeid; men um haustane og vintrane var det jaktlivet som drog. Til Strandasgardene ligg det store fjellvidder millom Bygdin og Øvre Dalen med felægri Nakkadn, Gjeismussdalen, Steinbue, Øvre Yksndalen, Dryllin og Vø1a. Her var og framifra villreinsfjell. Ola vart da tidleg ein flink reinsskyttar og fjellmann. Mang ein feit reinsbukk har han nok kløvja ned den bratte stølsvegen fra Jonskor til Strand. Den kjende felespelaren og bonden Henrik T. Kvam tala ofte med Strond, og til han fortalde han um fjellivet sitt. Eit tak med han var på Strand, hadde han verkeleg meint på busetja seg på Brandbustrønd'n ved Bygdin, hadde han fortalt. Der er det slike godlendte hamnevidder. Vart dei ikkje beitte for mykje, kunde ein slå for der til ein stor buskap. Tidleg synte Ola at han var ein meir enn vanleg praktisk mann. Når dei var i reinsfjellet, brukte mest alltid dei gamle reinsskyttarar å ha med seg gryte til å koke graut og anna i. Men ei gryte var tung å bera på. Men Ola visste råd. Han laga seg ei luve tå kopar. Ho såg ut som ein hjelm med skygg framma. Inni var ho fortena og klædd med ei laus tyhette. Denne luva nytta han Ola til kokekar og. Diverre er denne sermerkte luva no burte. I fjellet var han stundom saman med den dugande reinsskyttaren Helge Saarrbu. Frå deira samvær går denne soga: Ein myrk kveld, seinhaustes, hadde han Helge Saarrbu og Ola K. Strond teke inn i Nakkebue. Dei kokte seg mat og roa seg for natti. Men nett då dei skulde til å sovne, spratt døri upp. Ola stod upp og såg ut um han skulde sjå noko. Men aldri ei dusti vart han var. Då let han att døri og hekta godt i kroken. So tok han krutthornet sitt og tømde litt krutt burti glohaugen på åren, so det frasa dugeleg. Men dette skulde han nok ikkje ha gjort. I det same han skulde stad leggje seg att, fekk han eit drag under øyra, so han tvingla burt over golvet. I den tid Ola var ungdom, var det mange svært dugande spelemenn i Øye, slike som Nils Svegji, Anfin Kvame («Kvamen») og Torger Olsen Strand. Ola fekk seg tidleg fele, og det fyrste uppkastet i felespel fekk han av desse bygdespelemenn. Det er sagt for visst at Ola var ikkje meir enn 10 år gamal då han fyrste gong spelte fele på Øyremarknaden på Lærdal. Av og til råkte Ola på meisterspelemannen Lars Krøsshaug (som nemnt i stykket til Olav Moe), og det var gut som kunde stryke på ei fele. Saman med spelemannen Trond Eltun var han og ofte hjå meisterspelemannen Knut Nordland (eller Oldre). Uvanleg musikalsk som Ola var, vart han snart meisterspelemann sjølv og.

ELSKHUG, GIFTARMÅL OG ÆTTLINGAR

At ein slik kunstnarsjel som Ola Strond fekk elskhugseventyr, kjem ikkje uventa. Det var fleire snåle gjentor i Strandagardane i dei dagar Ola var ung. Og at dei vart hugtekne i den snodige og morosame Ola Strond, var ikkje å undrast på. Ragnhild Olsdotter Strand av Wangenstenætti gjekk til slutt av med sigeren. Ola og ho vart vigde, truleg 1843. Det hadde visst elles vore meiningi hans Ola å ha ho Ingebjørg Torgersdotter Strand (f. 1817) av same ætti som Ragnhild. Men av ein eller annan grunn kom det i seinaste laget ein «kjelke» i vegen. Ho Ingebjørg fekk ei dotter som vart døypt Dorthe Olsdotter (f. 13/7 — 1839). Ho vart 1860 g. m. Andris Andrisson Eltun, den fyrste landhandlaren i Øye. Det er sagt at ho Ingebjørg syrgde mykje på at ho ikkje fekk han Ola. Av og til hende det at Ola Strond på Søyne var uppi Dale'. Då bad han Andris, mannen hennar Dorthe, han Ola til seg til Strand. Men då gjekk alltid ho Ingebjørg ut, og kom ikkje innatt for Ola var faren . Og då var det lett å sjå at ho Ingebjørg hadde havt ei sorgsam stund. Ho Dorthe Olsdotter og Andris Andrisson Eltun (Strand) hadde desse born: 1.Ingebjorg d.e.(f.186Ø), g.m. skomakar Nils Knutson Hermundstad (d. 1932). Born: Ingebjørg, Dorthe, Anne, Gjartrud, Ragnhild og Knut. 2.Anders (f. 1863), g. m. Anne Knutsdotter Hermundstad. Born: Dorthe og Anders. 3.Anne (f. 1866, t 19Ø5), g. m. skreddar Haavard Knutson Hermundstad. Born: Knut, Dorthe, Anders, Ola, Ingebjørg og Anne. 4.Dorthe (f. 187Ø), g. m. snekkar Nils Larsson Kvisl (Dokken, t). Born: Lars, Anders, Ingebjørg, Knut, Dorthe og Marit. 5.Gjartrud. 6.Ingebjørg d. y. (f. 1877), g. m. Johannes Olsson Kasa (t 1918). Born: Ola Johannes, Anne og Anders.


Han Ola Strond og ho Ragnhild levde godt i hop og fekk desse born: 1.Knut (f. 1/1—1844, d. 6 vikor gamal.) 2.Kari, g. m. Ivar Ivarson Syndrol. Born: Marit, Ragnhild, Anne, Guri,Ivar og Ola. 3.Ingebjørg, g. m. Nils Tomasson Bø. Born: Tomas, Ingebjørg, Ola, Nils, Knut, Ragnhild, Marit og Lars. 4.Dorthe, g. m. Kristoffer Lalim. Born: Torstein, Ola, Ragnhild, Ivar og Sigrid. 5.Anna. 6.Knut. 7.Ola, g. m. Barbro Gudbrandsdotter Øylo. Born: Ragnhild, Ingebjørg og Ola.


FRAA STRAND TIL SØYNE

Då Ola Knutson Strond hadde gifta seg, vilde han — av ukjend grunn — koma seg vekk frå Strand. So selde han garden til ein Ola Knutson Steingjerde (frå Røn?) i V. Slidre. Nokre år etter kjøpte ho Ingebjørg Torgersdotter Strand att garden åt Dorthe, dotter si. Det var sonen åt «Steingjerda», den flinke rosemålaren Ola Olson Strand eller «Strandamålaren» som selde garden og for til Amerika, truleg ikr. 1864. Ola Knutson Strond kjøpte ikr. 1850 att Søyne i Vangssokni. Det er truleg at han i fyrsten anka på dette bytet. I eit lag skulde han ein gong ha ordlagt seg so: «Den so hadde ein god gar uppi Dale o selde 'n, so va 'n dumme.» Men seinare treivst visst han Ola og Ragnhild godt på Søyne. Dei kom no i all fall til å vera der til sin dødsdag. Ola var ikkje berre bonde og spelemann. Han var ein mann full med gode hugskot. Dessutan åtte han ein merkeleg mekanisk sergivnad. Hadde han kome meir ut i verdi og fått fagleg upplæring og vidsyn, kunde han truleg drive det vidt. Han er oskeladden som kunde ha vunne «prinsessa og halve riket», men som fann forlite av «riket» i Vang. Det er so sant det som står til slutt under «Søine» i Ey's bok «Vang og Slidre»: I «1865 brugtis Søine tå «husfader, gårdbruger, selveier, smed, snedker, uhrmager og fiskeformerer Ole Knutson, g. m. Ragnhild Olsdotter.» Kor denne altmogelegmann var komin i frå veit me inkji.»

URMAKEREN

Um vintrane dreiv Ola mykje med å vøla klokkor åt folk. Han dreiv det so vidt at han stundom laga frå nytt både hjul og urfjører. I urmakarbeidet og alt anna mekanisk arbeid var Ola ein heilt sjølvlærd mann. — Det var heller ikkje fritt anna enn han Ola gjorde klokkor tå nyo og. I all fall gjorde han eit slagur åt seg sjølv som det gjekk stort ord av. Ho var laga slik at når ho skulde til å slå, kom det fram tvo bukkar framma talskiva, ein frå kvar side, og stangast so det ljoma. Denne klokka vart i folkemunnen kalla «Bukkeklokka på Søyne».

OMNSMAKAREN

Minste Søyneomnen

I kr. 1850-åri heldt skogen på verta øydelagd i Vang av eit stort geitehald og vitlaus hogst. Den tidi brukte dei og mest peisar i Vang, og dei slukte mykje ved. Her var ei uppgåve for han Ola. Han sette sig føre å lage omnar som det gjekk mindre ved åt. Når han låg og gruvla over dette, stengde han seg inne på eit rom, og ofte vart det lenger enn langt millom måli, so ho Ragnhild, kona, vart illroi av han. Til slutt hadde han fått tenkt ut etasjeomnane sine, truleg dei fyrste av det slaget i landet. Fyrst tegna han omnane. So laga han former åt dei av tunne bord. Dei fyrste omnane skriv sig frå 1850. Det nyaste slaget ber årstal frå 1890-åri. I fyrstningi var det Bærums bruk som støypte dei, seinare vart det Mustad på Gjøvik. I godtgjering fekk Ola Strond ein spd. for kvar omn som vart støypt. Det finst endå tri slag av desse «Søyneøvno» i bruk i Vang. Den minste og truleg den eldste er på eldrom og ei høgd og eitt kokehol. Denne omnen er i bruk m. a. stader på Lajord, Nertrost og Dalaaker.

Tidskrift for Valdres historielag 1934 Ola Strond - Nyaste Søyneomnen

Den største omnen var på eldrom, tre høgder og tvo kokehol. Dette slaget er i bruk på Bø (søre), Søyne og Torpe. Det nyaste og finaste slaget er av millomstorleik. På skruvet på dette slaget står det på båe langsider: «O. K. S. Søyne, Vang 189Ø». På båe tverrsidor står det på reint Vangs*mål: «Syø (Syø = koka.) gryta? Ja!» Omn av dette slaget står hjå landh. Ola Syndrol og i Brekkebakko. Sume av desse omnane var og laga soleis at dei kunde nyttast til bakaromn og sup . I si tid var Søyneomnane eit stort framsteg. Draget gjekk i sving upp gjenom omnen. Varmen vart soleis betre utnytta. Søyneomnane hadde likevel det lytet at dei var dyre og tunge å sote. Då Ola Strond vart for gamal til å finne på forbetringar, vart det og slutt med å selja Søyneomnar.

LEIRHUS

Leirhuset på Søyne

Det er og smått med byggjevyrke i Vang. Søynebonden freista då å finne på ein ny måte å byggje hus på. Då han skulde ha seg nytt eldhus, laga han det likso godt av leir. Huset vart so fint og godt at han Ola nytta det til livaurshus. Då han fall burt, vart det eit grepa eldhus. No

Søynetreskemaskine

er det diverre ille fare, fordi Stronden gjorde det misstaket at han «støypte» huset på ei tregrime (som no held på rotnar).

HAN BRYT SKIFER, STEIN

Men so skulde husi tekkjast. Nevertaki vil lett leka når dei blir litt gamle. Kunde ein finne hellor til å tekkje med, vilde det vera ein

Smidja og tørrstoga hans Ola Strand på Søyne

føremun. Og ved Aamote, vestan Grindadn, fann han skifer. Denne braut han ut og køyrde heim på vinterføre. Setohuset pg eldhuset på Søyne vart no tekte. Dette skulde ha vore dei fyrste skifersteinstak i Vang.

Nokre andre i Vang tok etter Søynebonden i dette og fekk seg skifertak på same måten.

UPPFINNAREN

På ein og annan storgard utpå flatbygdene tok dei so smått til å nytte maskiner i jordbruket straks etter 1814. I 1820-åri er det soleis ei og onnor treskemaskine i bruk. Men dei var dyre og høvde mindre for småbruk. So legg Ola Strond — i åri før 1860 — i veg med å laga fullt ferdige treskemaskinor med køyregang. Han fekk støypt nokre hjul, elles laga han alt sjølv. Og treskemaskinone åt Søyna har av bøndene i Vang fått den lov at «ette ti'n ha de 'kje vøre so goe treskjimaskjino her uppe.» — Maskinone var for hestekraft; men ein eller tvo mann kunde dra dei og. Ei slik maskine er endå i bruk på Søyne. Og det skal vera slike maskiner på Stele, Kvame og Kvie. Mange bønder vart svært uppglødde for desse treskemaskinor, og sume fekk Søynebonden til å treskje åt seg. Stortingsmann Nils Thune — som var ein mann som fylgde med tidi — hadde Ola Strond til å treskje hjå seg i mange år til kvar haust. Han Nils Thune og Ola Strond på Søyne var «fine» vener. Då han Ola kom på at han vilde få seg hage, sytte Nils Thune for pilplantor til han. Ola Strond laga og ei såmaskine som sådde og rulla åkeren på same tid. I all fall laga han ei slik maskine åt seg sjølv. Ho var i bruk i årevis og var hjelpeleg god. No er det diverre att berre nokre rester av henne. Etter at den fyrste «veilosiped» hadde fare gjenom Valdres, fekk «Søynin» hug til å laga ein slik «landevegstråvar». Snart var den fyrste sykel i Vang ferdig. Framhjulet var ikr. 1,5 m. høgt. Bak var det ei liti hjul. Båe hadde jarnskoning. — Ein annan sykel som han laga, hadde tre hjul: tvo store fremst og ei liti bak. Båe syklar var lite nytta av vaksne. Men smågutane brukte dei i mange år. No er det ikkje eingong rester att av dei. Då Ola var vorten gamal, laga han ei spolemaskine, som kvinnone på Søyne nytta når dei vov. Det er ille at denne og er vorte burte.

SMEDEN, GYTLAREN, BØRSEMAKAREN OG SNIKKAREN

Ola var og ein dugande smed, gytlar og børsemakar. I smidja si på Søyne hadde han laga ein smidjebelg som han drog med ei sveiv. Lettvint skulde det vera. Denne snodige smidjebelgen er å sjå i smidja på Søyne endå. I alt gytlararbeid var han til stor hjelp for bygdefolket sitt. Børsone vølte han på. Millom anna bora han dei uppatt. Men nye børsor laga han visst ikkje. Ein gong hadde bjørnen fare so stygt fram uppi Vangssåsen. Han hadde millom anna drepe ei ku for Torstein Syndrol. Då stelte «Søynin» seg til å laga ei gildre («sjølv»skot») av gamle børsepipor. «Søynin», saman med nokre andre tok so kui og la ho ut til åte og sette upp gildra. Då var det ikkje lenge før bjørnen låg steindaud. Dette hende for 6Ø år sidan. Ola var og ein dugeleg snikkar. Han var so hendig at han laga kva han vilde av vanlege snikkararbeid. Til kvar av døttene sine laga han soleis sjølv ei fin klædeskiste med jamning og lås. Åt seg sjølv laga han eit ferdaskrin med eit lås so vrangt å læsa, at du lyt ha grundig rettleiding, skal du greia læsa det upp og att. Dette skrinet står på Søyne endå. Ola hadde innsyn i mangt og mykje. Han hadde soleis eit vake auga for det som kunde vera til framhjelp for bonden. Og det var ikkje langt frå tanke til handling hjå den karen.

FISKEUTKLEKKJING

Uppå heimåsen i Søynesskogteigen ligg Pyttingstjedné. Det harma han Ola mykje at dette vatnet var fiskelaust. So laga han eit fiskeutklekkjingsapparat uppved Pyttingstjedné, kanskje det fyrste i Valdres. Han fekk mykje gått (fiskeyngel) som han slepte upp i vatnet. Men det var forlite mat åt fisken der, so han vart stygg og mager. Seinare klekte «Søynin» ut mykje fisk åt Strandabøndene. Denne vart slept uppi Steinbuvatnet og Øyangen og truleg åt Skjervetjednet.

HAN SET I GONG REINSDRIFT

Ola Strond gløymde nok ikkje fjellet etter han hadde vorte bonde. Av og til tok han jaktferder. Meir enn ein gong hadde han harma seg over at dei store fjellviddene ikkje skulde bli betre utnytta. Alt med Ola var bonde på Strand hadde han fått med seg nokre andre uvdøler og lagt i veg med tamreinsdrift i 1840—60 åri. Dei fyrste reinsgjætarar var m. a. Per Hermundstad (som han vart kalla, då han seinare busette seg på Hermundstad) frå Hemsedal og Ola Gjætaren, bror til Gudbrand i Poststøgun. Reinen hamna dei mykje på Fillefjell, og gjætarane budde då i Grøneli'n. Desse reinane skulde vore so svært tame. Etter at Stronden i 1850-åri hadde vorte bonde på Søyne, leidde han av og til reinar like frå Fillefjell til Søyne og slakta dei der. Men desse fyrste «reinskarane» hadde ikkje lukka med seg. Gråbeinen gjorde av og til stygge innhogg i reinsflokken, og villreinen strauk av med sumt. Um nokre år laut soleis dei fyrste reinseigarane i Vang slutte. Men «Søynin» miste ikkje motet med dette. I 1880-åri var han med og sette i gong eit nytt tamreinslag. Burti Smådalo i Vang hadde dei soleis både reinsbu og reinskve. Men denne reinen var villare, og klendre vart han gjætt med, so det vart diverre liti vinning for dei som hadde sett drifti i gong.

UM SPELEMANNEN

Ola Strond, har Olav Moe skrive ei gild utgreiding. Me skal leggja til dette: Gamle Boye Kattevold på Skeie som skynar seg framifra på musikk, sa: «De ha kji vøre nokon so drevin spelemann her i bygd'n so Søynin.»

Hjå Nils Svegji og Knut Nordland lærde han Ola seg særleg gamalt bondelæte. Spelemannen Trond Eltun på Øye skulde elles ha vore overmannen hans i slikt spel. Men elles fyllte desse tvo spelemennene kvarandre ut på ein merkeleg måte. Knut Nordland som hadde havt båe i lære hjå seg, skal ha sagt: «Strønd'n e kji so go i fingo; men han har ein skamfull boge». Ein annan gong skulde han ha sagt: «Å,'n skulde ha Trond-Eltun-finga o Ola-Strønd-bøge»

Ola Strond var elles hjå mange gjæve spelemenn både i Slidre og Aurdal og «stal» kunst. Henrik Kvam fortel soleis at den makelause bogeføringi hadde Ola Strond lært noko attved hjå Nils Hilme (Jør'ns-Nils), sonen til den landskjende Jørn Hilme.

Sume fortel at han Ola og Iærde å spela av dei usynlege: Ein haust var Stronden i reinsfjellet att. Han hadde teke inn i ei steinbu. Det var kvelden, og han låg på sengehjellen, medan elden spraka på åren. Då får han høyre so fint eit felelæte. Best lydde det nær han la hovudet ned på steinhjellen. Stronden spratt upp og ut. Men ingen ting korkje høyrde eller såg han. Da la han øyra ned pa galden. (Galden =jordbakken, jordyta, marki) No høyrde han vel same spelet. At det var dei usynlege som spelte for han, var han Ola sjølv viss på. Men forteljaren trudde det var song frå ein bekk som fossa ned på ei steinhelle, Stronden hadde høyrt. Men slåtten han høyrde, spelte Ola ofte seinare —.

Ein annan gong lag og Ola i ei reinsbu åleine. Da kjem det bratt inn tvo framande karar til han. Dei sa: «De e eit bryllaup nemme ve her. Me vil gjedne ha de te spela åt uss. Fele ha me.» Dei gav seg ikkje før Stronden vart med dei. Og snart stod dei i brudlaupshuset. Der var det fullt med folk som kvirvla i kring so rovone slatt. På ein krakk sat tvo spelemenn, og Stronden fekk plass i millom dei. Stundom spelte båe dei underjordiske spelemennene. Men av og til rak den eine fela si burt i nevane til Stronden, og so laut han spela. Da det leid på, vart det spelt ein slått so hugtakande ven at Stronden vart rent maktstolen der han sat. Utpå natti fylgde dei tvo karane Stronden utatt. Og straks var han i steinbui. Den slåtten hugste han so vel um morgonen, og då han kom heim, let han slåtten uppatt. «De va ein ta dei rèttè Stranda-låtto, dette,» legg forteljaren til, «men han hadde sjølvsagt drøymt alt i hop.»
Ofte slo Ola Strond seg saman med Trond Eltun på Øye og for rundt og heldt konsertar. Då let dei og «byspel» etter notar. Når dei let åt storfolket i Aurdal, hadde dei vanleg ein dalar kvar for kvelden. Det er sagt at Ola Strond hadde store haugar med notar. Ola hadde lært notar i «byen». Han skulde ha lagt ut fleire mark timen for læra.
I dei yngre åri var Ola til kvar vår ei spelferd til Sogn. Når det her skulde vera eit grust brudlaup, laut dei ha Strond'n til å spela. Serleg sette dei han høgt i Årdal. Mange sogningar, soleis Sjur Eldegard og andre sognaspelemenn, for over fjellet til Vang og fekk upplæring i felespell av Strond'n. Det seier seg sjø1v at han og vart mykje nytta til spelemann i Nord-Valdres, og ikke fåe Valdres-spelemenner var hjå han og lærde. Mang ei soga går det um dugleiken hans i felespel. Sume er visseleg meir eller mindre tilstasa. Det er soleis sagt at Stronden kunde den kunsti å late med fela på ryggen. — Han skulde og kunne late godt med grepevottar på seg. — Ein gong på Øyremarknaden på Lærdal sette han strenger på ei turrfiskstrind, og let likso godt på den som andre på ei fele. — I eit brudlaup på Brekke i Dale sette «morogauken» felestrenger på ein fjø1estubb og gjekk føre brudferdi då ho skulde til kyrkje, og let so det svara i haugane. — At han let so han fekk eit brennevinsglass til å gå fra ein ende av bordet til hin, det var ei kunst som han kunde tilliks med so mang ein spelemann. —

Ein gong var Stronden i Luster i eit gjævt brudlaup. Da han kom åt brudlaupsgarden var han dugeleg frosen og lite upplagd til spela. Lustringane vart da — som ventande kunde vera — harme på at dei hadde fått ein slig dårleg spelemann. Og sneiord vanka. Men Stronden tok det med ro. Da humøret var som lægst, sette Stronden i med ein slått som tok lustringane med storm. Og so fylgde slått på slått med same høge kunstspel. Stronden vart reint forguda av lustringane frå den dag. — I Årdal sette dei Stronden ikkje mindre høgt. I eit brudlaup i Årdal sat han ein gong i ein raunekall og let. Midt i ein slått slepte han ned bogen. Men Ola visste råd. Han treiv ein raunekvist og let slåtten til endes. — Ein annan gong han var i Årdal, skulde han og ein sognaspelemann låta tvibeitslåttar (Tvibeitslått = ein slått som er leten av tvo på ein gong). Båe sat på ein lang bordkrakk, og sogningen sat ytst på enden. Dette såg Stronden, og so for skøyaren i han. Smått um senn drog han seg lenger inn på krakken, og so — reiste han seg bråt upp. Og sognespelemannen i golvet med eit brak. Men då sette Stronden i til låte slik at alle som høyrde han, gløymde alt anna og berre nilydde. — I Årdal skulde dette og ha hendt: Ola Strond pa Søyne var beden til låte i eit brudlaup. Han kom; men han såg ikkje ut til å vera upplagd. Fela si tok han upp or skrinet og stillte ho, og klunka litt på ho med; men so la han ho bratt ned i feleskrinet att. Nedi skrinet hjå fela hadde han ein speldåse som han stal seg til å dra upp. So sette han skrinet upp på hylla. Og dermed tok det til låte i skrinet. Årdølene som aldri hadde høyrt slike speldåsar før, fekk mindre fine tankar um Stronden og spelet hans. I Øvre Vang er det mange som er ætta frå Årdal. Ein gong det var brudlaup i Årdal, hadde årdølene bede skyldfolket sitt i Valdres ta med seg ein gild spelemann. Dei fekk med seg Stronden. Fyrste dagen han skulde spela, vart det berre ringlelæte. Då sa årdø1ene til valdrissane: «Å, hadde de kji berre spelemann ta me dikka, so kunde de ha lete han vore atte i Valdris! No lyt me freista ein tao vaore! Dei so gjorde. Men spelet var til a gråte over. Det vart morgon andre dagen. Den morgon vart det spel! Stronden slepte seg laus som sjeldan før. Heile brudlaupslaget vart reint vilt av spelet. Folk gjorde alt Stronden bad dei anten det vart vilt eller vitugt. Han hugvende heile folkehopen, so han kunde visst spelt dei på Årdalsvatnet. Det var ikkje undrast på um ein og annan ymta um at Stronden «kunde noko».

Ola Strond var mest alltid i godlag. Ofte satt han og tala og spøkte med han let; men spelet leid ikkje noko ved det. Av og til midt i spelet, smikka han for moro eldsnogt til dei som sveiv framum. Men so rapp var han at slåtten gjekk sin gong likevel. — Var det ikkje moro i laget der Stronden spelte, so sytte han snart for at låtten stod i taket. Stundom kunde han drivet spoken i fullt langt; men han var eit slikt godmenne at folk vart mest ikkje sinte på han lel. Det vert soleis fortalt at han stundom sette pa seg «briskjebrillor», «blinde= brillor» av brisk, for at han skulde sja morosam ut.
Ola Strond for og med å dikta småstev som han sette slåttar til. Ein slik slått kalla han «Ostebutten». Det går eit par sogor um korleis denne slåtten vart til. Ei lyder so: Han Nils i Brøta tente hjå presten i V. Slidre. Denne Nils-en var ein spissbur (Spissbur = skøyar, luring som fer med fantestykke.) av verste slag. Når han var på stølen for presten, var han minst dobbelt so lenge burte som han skulde vera. Ein dag laga presten seg til å fylgje han. No vilde han sjå um Nils trong so lang tid som han brukte. Nils «lukta lunta» og gjekk med presten alle dei krokvegar han kunde hitte på. Og preisten sveitta og gjekk og krabba og sveitta. Langt um lenge stod dei på Olberg. Da var presten so utmedd at Nils laut stoda han. Men no bar Nils på ein ostebutt. Denne laut han setja frå seg; men med det same kanta ostebutten ut over Olberg. — Denne hendingi fekk Stronden høyre, og so dikta han slåtten Ostebutten.
Ein systerslatt kalla han «Brimflaska». Denne gjekk um ein gut som hadde slept ei brimflaske utover (Stranda —?) bergi. I slåtten høyrde du korleis flaska bykste fra klant til klant, korleis gjurdene spratt, og mysa skvatt, og guten hiksta og gret. —

Ein gong i Sogn hadde han på leven fått nokre til draga båten åt ein full mann inn i setohuset hans og kvelvt han uppa betane (Betane — tvo tverrstokkar som i dei gamle raustestogor gjekk frå ein langvegg og burti hin. Den over langbordet heitte i Valdres stundom rand (Aurdal) eller kruna). Det vart te ein slått med stevstubb til, som tek til so: «Kofør ha du stelt de so at båt'n e komin på betin?» Ein annan slått som han skal ha laga ord og musikk til, lyder so: «Kari, Kari ko ha du vøre, du e so bosut på rygge di? Du ha vøre på Skørislåva o støle drøse i pøsin din!» ''Kursiv tekst
Stronden skal og ha laga fleire springslåttar som ein no ikkje veit serskilde namn på. Ola Strond vilde gjerne at borni sine skulde dyrka musikken. Han laga soleis sjø1v vakre langhorpor åt alle døttene sine. Mest musikkalsk var kanskje den eldste, ho Kari. Ho let fele, fløyte, langhorpe og dragspel like godt. Ei jol ho hadde klædt seg ut til kar og teke med seg fele, trudde alle det var Søynin sjølv, når ho spelte. Men so kom jolebukkane inn på ein gard der det var jolegjestebod, og der Søynin sjølv var gjest. Då er det sagt at Søynin gjekk stad tok fela tå dotter si og sa: «E får vel syne de at e e far din, då!» Men då skulde Søynin ha låte slik at det endå går gjetord av det. Den musikalske givnad i ætti til Ola Strond er ikkje burte endå. Mange av borneborni har fin songrøyst, og sume læt eit eller anna instrument.

Garden Søyne med hagen (set fra sør-vest)

BONDEN

Det er sume som har sagt at Søynin dreiv med so mangt at husi og jordi på garden hans vart vanskjøtta. Men dette synet er gale. Dei som dømer slik, ser med notidsaugo. Med Ola Strond var bonde på Søyne, var det mest ingen som dreiv større med nybrot. Ein dugande bonde i 1850—90 åri laut onne dugeleg, so han kunde føde mykje krøter. Engi og serleg åkeren laut haldast i god hevd. Og nett slik dreiv Stronden. Frå 1870—80 åri fortel ei tenestgjente som var på Søyne: «Ola nytta godt tidi um sumaren. I onni var han og sumarkaren og tenestgjenta alltid uppe millom kl. 4 og 5. Dei onna so Søynegarden fødde snart vel 11 kyr, 4 fjorkviend, ikr. 20 sauer og l—2 hestar. Det vart difor store vendingar både av budrått og krøter. Han held og uppe so mykje åker at han ofte selde mykje såkorn til bønder frå Øystre Slidre. Ola Strond var difor etter tidi ein velstandsmann, og han og kona hadde mykje å gje borni sine då dei for frå heimen.» Og husi stelte han etter tidi vel med. Han reiv ned eit gamalt stabbur og laga det dobbelt so stort. (At stabburet helst burde ha stade urørt, er ei sak for seg!) So laga han seg ei tidhøveleg smidje (som no held på ramlar ned!). Han sette og upp tørrstøge og eldhus. I Lajordsbekken bygde han kvernhus. Her mol han alt kornet sitt um vårane. På stølen sin, Storlie, mura han upp eit hjelpeleg godt sel av gråstein. Korleis han tekte husi med skifer, er fortalt på ein annan stad. Utanfor husi på Søyne planta han ein prydhage med m. a. raun, hegg og pil i. Trei er no so store at dei mest gøymer stove= bygnaden på vestsida. I kring 80 år gamal, umlag 1890, samtykte han i at sonen fekk kjøpe både slåmaskine og hesterive. Dette skulde vera fyrste slåttonnmaskinor i Vang. Meir skal ein ikkje krevja av ein bonde i 1850—90 åri!

OFFENTLEGE UMBOD

hadde «Søynin» ikkje mykje tid til drive med. Men han var då utskiftningsmann og skyldsetningsmann i ei lang årrekke. Då skyldi vart revidert, var «Søynin» mest sjølvskriven til vera med. Umveges gjorde Ola mykje for godt styr og stell både for den einskilde og bygdi. Bønder o. a. som trong ei god råd, søkte gjerne upp Søynebonden. Dei styrande i bygdi, ordførarar o. a., samrådde seg og jamt med han um vande spursmål. Ola Strond på Søyne var og etter tidi hjelpeleg god til å skrive.

DEN STAUTE MANNEN

Ola Strond var ein ordenskar. Dei fleste spelemenn i hans tid likte å ta inn mykje av «sterke saker». Men ingen veit å fortelja at Stronden var full. Han passa måten, og det var stort av ein spelemann i midten av det 19. hundreåret. I dagleg lag var han stød, fåmælt og såg tenksam og kanskje litt lur ut. Men likevel var han open, grei og rettlina. Til Søyne var det alltid gildt å koma. Det kvilde slik ro og orden over heimen både ute og inne. Gjestfridom rådde, eit venleg, ofte morosamt ord vanka og god kameratånd. Det er difor sagt at Ola Strond på Søyne hadde berre vener i Vang.

DEN GODE HUSFAREN

Å ha mykje å drive med og attåt vera gode husfedre, maktar fåe. Søynefolki ser ut til å ha greitt det. Han Ola og kona var venlege og kjærlege mot kvarandre. I kveldsetene dreiv båe med heimeyrke. Ho Ragnhild spann, saumde og vov og lærde upp døttene sine til nevenyttige kvinnor. Han Ola snikkerte, eller vølte slikt som trengde vølning i huset eller på garden. Av og til treiv han fela, og dei fine lyaslåttane la helg og høgtid over skumingstimen. Stundom fortalde han og kona frå gamle dagar.

Um sundagane var det oftast at han samla huslyden til husandakt med lesning av huspostilen, og so var det salmesong. Då han Ola var uppi mot dei 80 år, hadde han frå seg rette fela si. Han tykte ikkje det høvde å ha ho lenger. Kvar det er vorte av henne, veit ingen. — Han heldt og på misse synet i denne tid. Han laut til Oslo til ein augnelækjar. Etter han kom att, såg han hjelpeleg berre på det eine auga. Båe foreldri hadde visst ei stor makt over barnelyden. Anna K. Lajord som var tenestgjente der eit par år, høyrde aldri at foreldri skjente, eller at borni sette upp eller var nemnande leide. Ein gong ho undra seg over dette til Ragnhild, kona, svara ho: «De é kji nokon tå bødno mino so ha fått tå svegun (Svege = påk, eit ris.). Ner me ser på dei, so é de nøkk!» Etter Ingebjørg Bø, eine dotteri hennar, er det hermt: «Ner han far såg på uss, so tytte me at me hadde nøkk me de!»

SLUTTORD

Ola Strond var litt meir enn medels høg. Akslene var breie, og nevane var store og tjukke. Han var drug i bulungen og såg ut som ein godkar. Andlitet var breitt og fint skore. Jamt gjekk han i vadmålsklæde med knebukse og stuttrøye med blanke massing- eller sylvknappar. — Han naut seg godt, og var i det heile ein staskar. Sterkhelsa var han som få. Han gjekk endåtil uppe siste dagen han livde. Natti til den 4. desember 19Ø2 sovna han stilt inn, vel 89 år gamal. Ho Ragnhild, kona hans, døydde 7. aug. 19Ø5 og vart 83 år gamal. Med Ola Strond på Søyne hadde Valdres mist ein av dei merkelegaste mennene sine. I si musikk=kunst var han barn av si tid. So altfor ofte vart musikken hans nytta til å eggja til vilt liv i dans, drykk og slagsmål. Men ser ein burt frå dette, nådde han høgt over det vanlege både i kunst, arbeid og liv. Minnet um han vil mana ætter som kjem, til dåd.


/ Knut Hermundstad