Kjeldearkiv:Olav Frøyrak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Frøyrak ”der heime”, garden til Olav Frøyrak. Fotografiet er teke frå Sikkom, odden der Skjørings grav var, og der Spelemannssteinen er – Frøyrak var på 1800-talet eit musikalsk senter i Setesdal.

Olav Frøyrak (fødd 1918 på Frøyrak i Bygland, død 2006) var gardbrukar på Frøyrak. Tormod Tveitå har skreve ned nokre soger etter det han kallar "ein sogeforteljar i vår tid":

Olav vart fødd på Frøyrak i 1918. Som einaste sonen på bruket ”der heime” var på mange måtar lagnaden fastsett: Han skulle bli på Frøyrak og drive garden. Ikkje slik at eg trur han hadde noko mot denne lagnaden. Men der kom ikkje mange ungjenter til ein veglaus gard på vestsida av fjorden, og som mange andre har opplevd: Ein finn seg sjeldan gifte i skyttarlag og på skogeigarlagsmøte. Så Olav vart aldri gift. Men han var den staselegaste gamalungkaren eg nokon gong har møtt: Høgvaksen, kraftig og med ei kroppshaldning som ein ungdom heilt til det siste – og han var 88 år då han døydde i 2006.

Eg var aldri innom Olav og systera Berit utan at det vart tala om gamalt. Eg nemnde det ikkje, men straks eg kom heim sette eg meg ned med papir og blyant og skreiv det eg hadde høyrd. Kvar gong hadde eg høyrd noko nytt gamalt. Ei soge høyrde eg to gonger (Bjønnane under Hesteberga), men då eg skulle samanlikne dei to versjonane så var dei ord for ord mest identiske. Dei små forskjellane som var, var nok mi skyld.

I gamal tid var Tveitå støyl under Horverak. Så var der to brør frå Horverak - den eldste fekk Horverak, den yngste fekk Tveitå. Dette fortalde Olav meg ein gong. Eg tykte det var gjevt å få høyre ei opphavssegn om heimgarden, ei segn eg aldri hadde vore borti før. Men det historiske innhaldet trudde eg ikkje noko på. Så fann eg likevel ut seinare at i 1590 var faktisk Tveitå støyl under Horverak, og at bonden på Tveitå i 1624 truleg var bror til bonden på Horverak, og begge truleg søner til han som sat åleine på Horverak i 1590.

Bjønnesoger

Der er så mykje gamalt frå Frøyrak som er publisera, ikkje minst i Gamalt or Setesdal. Slikt kom vi sjeldan inn på, anna enn at buret på garden måtte vere frå før Svartedauden, sidan det er omtala i segnene om Frutti Frøyrak (det er nok ein del yngre likevel). I staden fekk eg høyre nyare soger, så som bjønnesoger. Dette hende ei gong i 1890-åra:

Hestane gjekk oppe med Skjemmingtveit - det var hestane til bestemor mi. Dei gjekk i helle, men då bjørnen kom, sleit dei hellene og la i veg nordover. På Kopsås kom ein av hestane seg inn i ei bu og berga seg der. Budøra var lita og låg som vanleg var, og sjølv om hesten hadde kome seg inn, klarte dei ikkje å få han ut att. Dei måtte skjere døra høgare for å få hesten fri.

Den andre hesten heldt fram nordover, mot Melejuvet. På nokre berg - Hesteberga - sklei han på den tunne torva og rapa utfor og slo seg forderva. Seinare tok Sveinung Skjevrak (som budde på Skjevrak då) med seg ei munnladningsbørse for å sjå etter hest og bjørn. Då han kom oppå bakken og såg ned mot hestekadaveret, såg han fem bjørnar omkring det. Han tukka seg bort, han torde ikkje skyte.

I alle dei nordlege delane av Europa, Asia og Amerika er det kjend soger der temaet er at bjørnen var særleg ute etter gravide kvinner. Så også på Frøyrak (også dette frå 1890-åra):

Då gome var barntung, skulle dei på støylen i Ormsli. Andre gjekk føre, men ho var tung og skulle gå i sin eigen fart. Far til Sigurd Apleknodden - Olav Bekkjerus - skulle gå i lag med ho - han bar også på nokre river og anna. På vegen oppover vart det tungt, og ho ville kvile. Men Olav heldt att - han ville helst at dei ikkje skulle stoppe før i Libua. Nokre stader sette ho seg ned likevel. Oppå heia vart dei tekne att av mannen hennar - han kom etter med hest og kløv. Han fortalde at han fleire stader oppover hadde sett spor etter bjørn som hadde krafsa i torva. Det viste seg då at bjørnen hadde krafsa kvar stad der Mari hadde sett seg ned.

Kjempa på Dale

Torjei Jensson (også kalla Kjempa på Dale – det namnet likte han godt, sa dei) var sjølvsagd tema fleire gonger. Torjei var husmann i ApledokkDale til han døydde i 1924.

Torjei Jensson kom til Dale då han var i 7-8års-alderen, og vart verande der til han var vaksen. So kom eg på at eg ville gifte meg, fortalde han. Men han hadde ingenting. Men han var ein dugeleg arbeidsmann når han ville, og tok på seg ei tømmerdrift og tente 40 dalar. Då hadde eg nok til bryllaupsmaten og til det presten skulle ha, sa han.

Ei gong hadde Torjei leigd seg slåttemark langt borte i Åseralsheia. Om vinteren tok han over for å hente høyet med dragslede. Men så hadde han ikkje fått sett opp stakken godt nok, og høyet var skjemd. Men når han likevel hadde gått så langt, ville han dra noko av det heim, meinte han. Det gjorde han, men heimkomen i Apledokk ville ikkje sauane ha høyet. Då tok Torjei og bar det ut att i dragsleden. So slapp han sauene ut og lot som om dei ikkje fekk lov å ete av lasset. Då tok det ikkje lang tid før høyet var oppete.

Etter at Torjei hadde fyllt 90 år, rodde han ut til Byglandsfjord. Der handla han mellom anna ein 50-kilos mjølsekk, rodde heimatt, tok mjølsekken på ryggen og bar han opp til Apledokk.

Mari, dotter til Torjei Jensson, vart buande i Apledokk. Det kan ikkje ha vore mykje gods etter henne då ho døydde i 1941, men auksjon vart likevel halde. Om denne soga er heilt sann i alle detaljar, kan eg ikkje vite. Men slik vart ho i alle fall fortald:

Knut Nygård hadde kjøpt resten av høyet på Apledokk på auksjonen etter Mari - han hadde blitt høylaus på seinvinteren. So køyrde han isen, han og kona Eli, og henta det. Men på heimvegen kom dei for nær åna då dei skulle forbi Hagenes, og gjekk gjennom isen. Lisle-Olav Odden og Olav Senum (Olav Larsson) hogg tømmer på Hagenes, og dei kom til for å hjelpe. Knut kom opp fyrst, og så skulle dei hjelpe Eli. Men nei - meinte Knut: “Nei, nei, ho flyte på stakkane, nei - tak hesten fysst!

Svein Person og Olav Sveinsson

Svein Person var husmann på Berge nord for Frøyrak i 1870 og -80 åra. Det var smått for han, og sjølv små gjelder kunne bli alvorlege om ein ikkje kunne betale.

Svein Person hadde teke opp eit lån, men kunne ikkje betale tilbake, og var livande redd for at lensmannen skulle kome og take pant. Så ein vinter kom Lang-Olav Tveitå køyrande på isen, han hadde mange pyntebjøller på selen og dette høyrdest langt av veg. Svein høyrde bjøllene, og trudde det var lensmannen som kom køyrande. Då var han svint til å gå til sengs og krype godt under fellen - han hadde høyrd at lensmannen ikkje kunne pante hos sjuke, sengeliggande folk.

Olav Sveinsson var son til Svein Person. På sine eldre dagar budde han på Bø ”der nede”. Han livnærde seg som tømmarhoggar og slåttekar omkring på gardane.

Ein vinter hadde han ikkje fått hogging, og han måtte spare. Så let han vere å kjøpe seg tobakk. Men ei stund seinare fekk han seg hogging likevel og kunne ruste seg ut på nytt, også med tobakk. "Den tobakken smakte så søtt som honning" sa han etterpå.
Når Olav Sveinson reidde graut, hadde han først rett mengde vatn i gryta. Oppe på tvoreskaftet hadde han eit merke; når han sette toppen av skaftet ned i vatnet og det nådde til merket, då hadde han passe mykje. So var han på ein gard der tenestejenta ville halde spas med han, og då Olav var ute for å hente mjølet, so hadde ho i mykje meir vatn. Olav merka det ikkje, men hadde på mjøl og reidde til grauten var høveleg tjukk. So skulle han ete opp - det vart verre. Han undra seg over magemålet sitt og måtte ta ein pause - men grauten vart til slutt eten opp.

Den neste stubben om Olav Sveinsson har eg høyrd av fleire. Far min likte ikkje at det vart fortald, han sette pris på Olav og tykte forteljinga gav feil inntrykk av han:

Det var ei gong Olav budde på Bø. Han skulle koke seg kaffi - han hadde ein gamal kjele av det slaget som hadde rund botn. Ragnhild styrde også med noko der på omnen, so sette Olav kjelen sin ute på kanten. So gjekk det ikkje betre enn at kjelen velta på golvet og kaffien rann ut. Olav vart vond og trødde kjelen flat. Deretter sparka han kjelen bortover kjøkengolvet, såg olmt på han og spurde: “Vi du ha mei, din stygging?”

Andre forteljingar

Jo Gunnuvson (Grise-Jo) måtte Olav sjølvsagt innom. Jo handla med alt som var, blir det sagt, men tilnamnet fekk han av handel med grisungar:

Jo handla med ljær og med Eidsborgbryner. Ljærne hadde han frå ein smed oppe i dalen og bar dei i eit knippe under armen. Brynane hadde han i ei skreppe som han bar i ei stong over ryggen. Jo kjøpte grisungar frå Kristiansand – dei kom vel med jernbanen. Så hadde han dei i sekkar og rodde oppover fjorden i ein flatpråm så langt han kunne ro, han fekk god omsetjing oppover dalen. Men når gris var handla, skulle det gjerne drikkast kjøpskål, og det kunne ta tid. Så ein gong då han kom tilbake til båten, så hadde båten drege inn vatn, og grisungane i sekken hadde drukna.

Bjørguv Myhola er kjend frå mange soger. Etter denne må han ha hatt ein god del psykologisk innsikt:

Bjørguv var eingong på austlandet, i Tovdal. Så skulle han heimatt, men før han tok på heiane, meinte han at han måtte styrke seg med noko kaffi. Så tok han inn på ein gard og ba om å få kjøpe kaffi. Det fekk han, men vart ikkje fornøgd. Så gjekk han over til grannegarden og ba kona der og om kaffi, "for den eg fekk av grannen din var altfor tunn." Det verka, denne gongen fekk han sterk kaffi.

Omgangsskulen sin pedagogikk var modulbasera, borna fekk arbeide med eit tema til dei kunne det, først deretter fekk dei gå vidare. Om mi grandtante Anne vart det sagt at ho nok var ”noko stutt”. Då vart det fort problem med modulpedagogikken:

Lisle-Olav på Dale gjekk på skule ilag med Anne Skjølluvsdotter. Katekisma var sjølvsagd viktigaste lærestoffet, men “Anne kom ikkje lenger enn til det andet bud,” sa Lisle-Olav.

Sigurd Apleknodden var såvisst ein mann med eit sterkt og godt tilhøve til skog og hei. Men hoggormen var han livande redd for heilt frå ungdomen av. Hadde t.d. ei øks vore borti orm, så ville ikkje Sigurd vite av øksa meir. Anders Bjørndalen var ein botanikar som heldt seg ein del på Dale i mellomkrigstida.

Ein gong då Bjørndalen reiste her i dalen kom han forbi Apleknodden. Sigurd var skolaus. Men Bjørndal hadde eit par gode støvlar han ikkje plent trong - dei kunne Sigurd få. Og dei hadde vore gode å ha denne dagen - han hadde kome på orm, men med hjelp av støvlane hadde han fått drepe ormen. Sigurd sa ikkje noko til dette, og tok høfleg mot støvlane. Men då Bjørndal hadde reist vidare, tok han støvlane med ned til fjorden og kasta dei uti.

Somme tider får ein inntrykk av at det er opplese og vedteke at før i tida var det foreldra som avgjorde kven borna skulle gifte seg med. Eg trur dette i alle fall i våre område lett blir overdriven, og å velje ektemake som kunne gje trygge levevilkår var nok like viktig for dei unge som for foreldra. Her finst mange gamle forteljingar om unge som absolutt ordna med valet sjølve, men denne frå 1890 er spesiell:

Då gome var sekstan år gamal, ha der kome ny kone på Bø. Dette lika ho dårleg. Ho ville bort, og so sende ho tri brev, eitt til gofa og eitt til Knut Dale og so eitt til ein eg ikkje minnest - og skreiv at no ville ho gifte seg. Gofa tok ut til Bø, og dei to vart godt samde. På heimvegen møtte han Knut, som var på veg til Bø i same ærendet, men han kom for seint.

(Knut Dale var Knut Skjølluvson på bruket ”der oppe”. Gome var Mari Skjølluvsdtr Bø – ho var frå bruket ”der nede”, men hadde arva ”der nord” som lita jente.)