Kjeldearkiv:Spelemannprat

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 09:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Oppland fylke» til «Kategori:Innlandet fylke [[Kategori:Oppland»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Gamalt fraa Valdres V, av O K Ødegaard. Eige forlag, cirka 1928.

SPELEMANNPRAT

av O K Ødegaard

De' va mitt i slåtte, men noko regnruskutt ver, so de' kji va so rart, at han gamle Lars i Krøssengen hadde stunde te gå rakle ette alfarvege me' fulla alle lumme me utkrota o utrosa treskjeie før o tuske burt o få se engo krune te kaffe o tobakk. Ja, de', e' kji førdi, han Lars har nok stunde i høyvére me', han, tådi han no e' gamal livaursmann o har kji anna passe på enn o få i se matn o syte før o få se lite te kaffe o tobakk attve'.
No hadde e kji sett enn tala ve'n Lars på over tie år, men e hadde høyrt tale um, at han stundo hadde vore klenvørin, o summe hadde jamvel slegji burtpå, at han so av o te hadde vøre noko rar tå se i skølte.
Men no kom'n då inn te me me' ei utrosa treskjei, so e skulde ha te minne um at me hadde gange i skulun samen før eit par minskjjialdre sia, — o engon dagen hadde e vøre skulemeister'n hass, ner e hadde løte passa skula istan for hono Hølje Kårstad, so rettele skulemeister skulde vera. Endå han Lars no va gamal, so hukste han gøtt ette de' o mykji, so e aldre kom ihug ifrå dei dago — men so e' e no ei tvo tre år eldre enn han. —
O då han Lars e' son åt dei spelemanne Lars Krøsshaug, so e tala lite um i «Gamalt frå Valdres I», so ein tå dei gamle meisterspelemenno her i bygn, hadde han okso te erend o takke før de', so e hadde skreve um far hass. Då no han Lars sjøl ha pussla lite me' felun åt far seno o slett inkji vøre so reint burte te o låte engon låttn o take enkort veke på felun, so kji mange tå spelemenno no o dagadn kunne greie, so vart de' vonle lite spelemannsprat både um Krøsshaugen o are spelemenna.
O so sa han Lars:
«Ja, han far kalla dei nok Krøsshaugen. Men han va kji den rette spelemann-Krøsshaugen. De' va han gofa (bestefar), o han eite Lars Mekkjelson Krøsshaug.
Krøsshaug e' ein liten plass ovafør Thune i Vang. Namne kjem tå di, at der låg fire kjempehauga akkurat i krøss. Han far mintist haugadn, sa'n. Men e ha kji vøre sta o set ette, anti dei no liggi der, enn dei e' gravne ut. De' skulde vøre denne Mikkjellen, far hass oldefar, so rødde se heim på Krøsshaug, o han gofa va der alle sene daga. Han va den besste spelemann i heile bygden o kunna gøtt mæle se me' hono Jørn Hilme, so'n va mykji samen me' o spelte isamen me'. — Dei va hjå in'an dei karadn o kappast o lærde tå in'an.
Ei gong han Jørn Hilme va på Krøsshaug, skulde han gofa lære ein lått tå hono. Men de' gjekk kji so fort, so Hilmin vilde o so sa'n: «De' e' då rart, at du, so e' so go ein spelemann, e' so sein te o lære».
Då svara han gofa: De' kjem se tådi, at e inkji e' vindøygd o inkji har meir enn ei kjering. (Han Jørn Hilme va lite vindøygd o so hadde han ore før o ha engor attve kjeringe engor gonge.)

Han gofa va solein den rette Krøsshaugen o den fyste tå ætten, so brukte fela. Han va okso den beste, o ko go han far va, so råkte han inkji upp te hono gofa. Fingadn hass far va so rare, at ein kunna kji sjå makin. Men fingadne hass gofa va endå rarare. «Fingadn lyt smette so ei mus på felun», sa'n gofa. — Ja, solein hermde han far ette hono. Hilmin va reint meistern te o låte springara. Men de' va are låtta, Krøsshaugen rådde på'n. Båe karadn va øfto i Hallingdal o spelte. Summe gonge isamen o sume gonge kor før se.

Ei gong va Hilmin i Hemsedal o let i eit bryllup i grannegare åt ein gjild spelemann, so eitte Pål Hurdabak. Den are bryllupsdagen kom Krøsshaugen me' te Hemsedal o tok inn hjå hono Pål Hurdabak, o desse karadn tok då te o spela. Men de' va kji lengji før låte åt Krøsshauge lyddist burti bryllaupsgarn, o då va de helda'n inkji lengi før de' kom tå bryllaupsfølke over te karo o om lite vetta va dei komne so ner alle o han Jørn Hilme me'. Men då alle tryå komno samen, då vart de' spel, so Hallingadn vørto mest vetlause tå o høyra på. Tilslutte tok de' te o springe felestrengji snart hjå ein o snart hjå heno, o de' ska mykji te o låta so strengjidn springe hjå heno spelemanne, ner dei veta um einan o sjå einan.

Men e' de' ein tå meisterspelemenno so site gjøymd o tek te o spela, so e' de' kji lengji før de' tek te o sprette strengji hjå dei are. Solein va de' eingong Hilmin spelte i eit lag, at de' tok te o låte ei aresta'n i huse. De' va då kji lengji, før de' sprang både ein o tvo strengji hjå Hilma. Han spratt då upp o tok te sjå ette, kem so let. O der sat Krøsshaugen. «E skjønte, du va her, måta», sa Hilmin. Ja, de' e' rart dette, at den eine spelemann kan låta av strengjidn åt heno. — Men de' hende noko endå rarare på Gudvangen ei gong i gamal ti, ette so han far førtælde.

Der va ein meisterspelemann, so eitte Lisabet-Per. Te hono kom ein dag ein fantegut, nemmast ein tatergut o kalle før, o vilde lære låte på fela. — Ja, gutn hadde eit umframt lag o lærde både fort o vel o te slutte lærde'n okso den kunste o låte strengjidn av før ein a'n spelemann. So va de' ein dag at båe karadn spelte o då passa fantegutn på o låte slek at strengjidn sprang hjå meistere, hono Lisabet-Per. Men då vart han Lisabet-Per sint, o sa: Me få prøve atte eigong te, få me sjå um du ha lært alt.

Dei bar då te spela. Men so va de' kji lengji før strengjidn sprang hjå læresveine o trasst ette sprang sjølve fela i hundrevis stykkjo. Då vart fantegutn færig.

— «Ja, de' e' noko rart o få strengjidn te o røkje av, — men o få sjølve fela te o dette i fillo — de' ska mykje te. Gud veit um ein kji lyt kunne hansama svarteboke den so kan få te noko slekt? — So seie han Lars. O ventele kan han ha rett. — O so seie han viare, ner han ha tenkt se fere litevetta: «Men de' ska nok meisterspelemenna te o gjera noko slekt. E ha sjøl prøvt de' me' felun has far, — den sama fela, so gamle Krøsshaugen hadde. Men de' vart inkji noko viare tå di. Neimen vart de kji so».

«Noko sers rart hende hono gofa eigong i Krøsshaug. Han hadde vøre noko tusslin o klen han gofa ei liti ti o låg solein fengsla heile joleeftan. Utpå kvelde noko kom de' inn i stogo te hono fullt huse me' fremmanfølk, so hadde spelemann me'. Han tok trasst te o låte o dei hine te o danse so de' slatt. — De kom eit par tå kvennfølke burtåt sengen te hono gofa me kor sin pløggetull, so dei vilde leggji i sengo hjå hono. Han ytte dei tebakers att, men dei ga se inkji før dei fekk tulladn lagt ifrå se i senge o so vørto dei me' o danse. Han gofa låg o såg på dansen o høyrde på felelæte, men kjeringe gjekk på gølve o stulla me' seno o gjorde kji korkje såg enn høyre noko.
Tvo tå dei låtto han gofa høyrde på, sætte se so fast hjå hono, at han kunna ta dei på felun då han kom uppat or sengen. Desse låttadn let han øfto o ingjin a'n spelemann ha låte dei. Korkji her i bygdn enn aresta'n. De' va reint førgale, at ingjin lærde dei. Ette so han far sa, kunna dei vøre noko umframt o låte inni ein gramofon o noko anna enn mykji tå di, so bli akta på på den måtin.
Men va de' kji rart du, at ho gommo inkji såg en høyrde noko? Han gofa såg at dansaradn grein noko ilt, ner hona kom før nemme innåt dei. Ja, de' e' sagte kji øfto, at slekt hende. Men han gofa tala um de' ve' han far mangei gong, o han far tala øfto um de' te me.

Han gofa — han rette Krøsshaugen — va me' ute so kongens kar rundt 1812, då han far va fødd. Han gjorde mest ingi a'n tenist enn låte på fela, o mea han låg i Høland hadde han so go'a tie, at han gjorde se både fele o feleskrin, so va noko umframt feresegjort.

Men hellist so brukte han mest Trondefela si. Denne va laga tå hono Trond Isaksen i Strandebarm i Hardanger, so va den besste felemaker so ha levt her i lande. Far hass — han Isak — va okso felemakar o reint ein meister, o han vilde kji, at son sin skulde tukle me' o gjera felo. Solein laut han Trond stela se te o gjera de' o de' va kji lengji før han rådde på far sin. Tå desse Trondefelo kom de' ei nokra hit te Valdres. Solein hadde — umframt han gofa — gamle Røynin ei. Men um fela hass Jørn Hilme va ei rettig Trondefele e' kji so nausikkert. E fekk Trondefela ette hono far o ga den te'n Ingebjør døtte meno, so tok hona me' te Amerika. O no e' ho der eista'n. E vilde kji, at han Lars son min skulde ha hona før o rakle ho burt. — Ja, de' va noko te fele, du!

Han Halvor i Hansegare hadde noko tå ei fele, so han Isak hadde gjort, anti de' va løke enn bøtn veit e kji so sikkert. Denne fela fekk han Andris Bunde fatt i o tok henne me te Amerika. De' ser ut te at alle dei beste feludn kom dit te slutte.
Han far let eigong ein lått so'n kalla «Vande-låttn» o hadde lært den tå hono gofa. Tå hono hadde'n ogso lært «Lange-låttn» so e me' lærde noko tå. Men e trur inkji de' va dei, so'n hadde lært tå dei underjordiske o joleeftan.

Ei gong let gamle Krøsshaugen — gofa min — i eit barsøl i ein heim, dei kalle Rødningen, trast ovafør Nørre Bø i Vang. Der va gamle klukkaren o sa te Krøsshauge: «De' e rart, at her læte fela di, so de' syng i vegge o alt so e' i huse o ner du læt hjå me so læt de' mest inkji». «E ska seia de de'», sa Krøsshaugen, «at e lika kji de, klukkar, men han Andris i Rødninge lika e».

Ein an meisterspelemann i dei tio va han Knut Øldre på Vennis. Han va kji sjele so go so Hilmin o han gofa. Men han hadde tå ein taterspelemann lært noko are danseslåtta enn springar o halling o difør vilde storfølke uti storgaro heldan ha han te o låte enn Hilmin. Ei gong i eit bryllaup på Vennis kappast Hilmin o han Knut Øldre. Men han Knut rauk nok. Hilmin va so sers makalaus te o bruke bøgin. — Då fekk han Knut ein skarv te o tukle lite me' felun åt Hilma, so dei løte te hono Aslak på Hauge før o få laga hona atte. — Men då Hilmin no hadde fått hona i nevadn att sa'n: «No kan du koma, kar, so ska me prøvast».

De' skulde bli bryllaup i grannegare hass Knut Øldre o då vart de' fundert mykji på, kem dei skulde ta te fysste spelemann i lage, anti Krøsshaugen enn han Knut, so granngut va. Men endå de' ha høvt se besst o take grannegutn, vart de' te di so gamle mann på gare sa: «Ta me kji Krøsshaugen, so kjem han te o øyeleggji han Knut».

Men e' de' kji rart her i vær'n du, at de' aldre bli meir enn ein sjele meisterspelemann i sama ættn? Han gamle, rette Krøsshaugen, gofa min, han va meister. Han far so son hass va, va meistele go, men kom kji upp imot far si. E vart ein måtele spelemann, o son min skjønte se kji meir på fele enn ein peiskrakk.

Han Jørn Hilme va den store meistern. Men sønidn hass, jamvel han Jørn-Nils, va berre goe spelemenna. O dei so kom derette vart inkjinoko. Han Knut Øldre va framifrå te spelemann. Men då son hass okso tok te o vilja bruke fela, sa han Knut: «Før e skulde vera so klen te o låte på fela so du, vilde e heldan vera tjuv».
Ja, solein sit han gamle Lars i Krøssengen o radda um de', han enno minnist att um felespel o spelemenna i gamle daga — o takk ska'n ha før han minnist so mykje. De' ska te ein, so har spelemannsblo i åro seno te o gjøyme på slekt.

Kjeringe hass Lars Mekjellson Krøsshaug eitte Randi o va komin tå Ellingbø, o skulde solein vera komin tå bere følk enn han — ette so dei skjilde i imyljo bra o bere følk i dei ti'n.
De' vart difør brukt mange slags «kunste» tå følke henne før o få avstyra gjiftarmåle. Men hona Randi meinte so te, at han Lars va likaste gutn i Vang, endå han kji åtte anna, enn de' han sto o gjekk i. No kunna dette gjiftarmåle inkji vera so mykji førgøtt hono Lars, då ho Randi synte se o vera skjyld henne Marit sysste seno, hona so kom te Kjøs o vart mor åt alle dei sjau Kjøsakaro.
Ho Randi va eit stort trøll, seie'n Lars i Krøssengen. De' går seign um henne, at då mann henne låg ute i kri'n, so banna ho o sa: «Vøre e kunge, so skulde e snart få han Lars heimatt». Men han Lars hadde de' ventele inkji verre ute so kongens kar, enn heime hjå henne Randi.
Meisterspelemannen Lars Mekkjellson Krosshaug, so va fødd i 1785 (døypt 26. juni), skulde uppi Daln te Strønd o låte i eit bryllaup. Han far skulde vøre me', men han hadde de' so andsamt før han fekk krota ut eit feleskrin, han hadde unde arbeie, at han fekk kji rå te o bli me'. So let han gofa ein rar lått åt hono far, før'n gjekk o russla i vegen aleine.
Han gjekk innum på Kvame. Der vanka de' brennevin o han gofa tok te o låte. Låte gamle rare låtta — o ette kor lått sa'n: «So seie Krøsshauggutn».
Men de' var ifullt mange tå drammo, o då han gofa gjekk, so va'n nokolite på, o sprang o dansa uppover Eidssvingen. De' va de' siste dei såg te hono. På Strøndaise gjekk han nie o vart burte. De' tok engon dagen før dei fønno like att. Men då dei fønno de', sat han på bøtte i vatne me' feleskrine i høndn, so han skulde sete o låte. Solein endå den meistern, so sto fullt på mål me' ho Jørn Hilme».

Då kjyrkjebøkadn i Vang før åre imyljo 1830 o 1836 e` burte, e' de' kji rå o få greie på, ner dette akkuratt hende. Men de' lyt ha vøre i 1833 eigong, då de' fysste juni de' åre va halde skjifte ette hono på Krøsshaug.

Far hass Lars Mekjellson Krøsshaug eite Mekjell Eirikson Thune o va fødd 1743, o more eitte Randi Larsdotter Thune. Denne Mekjelln va de' so rødde Krøsshaug. Gamle Krøsshaugen hadde desse bødne:
1.Torstein, so fekk se ein heimsta i Tørpegrendn. Han va inkji spelemann.
2.Eivind. (Han spelte lite.) Budde ei ti i ein plass unde Riste i Slidre, dei då kalla Hedna. «Eivind i Hednum». Han va ein dugele skjinnfeldmakar.
3.Lars (Krøsshaugen), so va meisterspelemann, treskjærar o meisterskraddar.
4.Ola. Han hadde uppnavne «Villmann» o budde ei sta'n i Tørpegrendn. Han hadde mykji «villt» før se o fekk difor uppnavne sitt. Han va ørende liten o følk sa um 'n: «Han e' so liten so ein musunge o so kåt so ein graføle».
5.Andris, so va nokolite go spelemann o budde i ein plass unde Kvie.
6.Randi.

De' sto noko i eit bla' før ei ti sia um, at i Hemsedal va de' ein mann, so førtælde, at den lått'n dei kalla «Fanitulln» («Fa'n i tutn») skulde vera laga tå ein valdres o spelt tå hono i Hemsedal, o at denne spelemann eitte Kristian.
So va de' då sporlag ette um nokon kunna veta noko um ein slek meisterspelemann her or bygdn, so eitte Kristian. Ja, e va rettignok ikkje sport. Men då e inkji ha sett, at nokon a'n ha svara, so kan e vel inkji gå nokon mann i næringe, um e gje eit slags svar:
E trur de' e' vonlaust o spørja ette ein meisterspelemann her ifrå bygdn, so eitte Kristian. Ein slek ha de' snaut nok vøre her. Kristian e' kje noko valdresnavn, o va de' slett inkji i dei ti'n — so før eit halvtanna hundre år sia.
Men la uss gjeta på lite:
Kunna de' kji tenkjast, at hemsedøln, so førtelde dette, kan ta take misste, då han sa Kristian, o at de' skulde vøre Krøsshaug? «Krøsshaugen» kallast han Lars Mekjellson heile tie. Dette e' eit noko uvanle navn — o ner de' ha gange på følketungun slekt ette slekt kan de so lett ha laga se te di no i dago meir kjende navne «Kristian».
So gjeta me på viare:
«De1 kan då vera mogele, at de' e' han Lars Mikjellson Krøsshaug so ha laga «Fa'n i tutn», resso de' e' ein Valdres* lått, o de' e' kji so reint omogele ette so tonelage i hono e'.

Men me gjeta endå eingong på:
Kan de' kji vera den sama låttn, so han Lars i Krøssengen — soneson åt gamle Krøsshauge — kalla «Vandelåtten», so gofa hass laga o spelte? Ja, e kan kji veta noko visst. Men de' synist før me o ha noko før se dette.

O e' de' ein valdres, so ha laga «Fa'n i tutn», so e' de kji nokon nemmare o tru te eit slekt arbei enn han Lars Mikjellson Krøsshaug.

/ Av O K Ødegaard