Kjeldearkiv:Tidsskrift for Valdres historielag 1940

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Artikkelen er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1940, og er om spelemannen Arne Steinsrud frå Sør-Aurdal. Forfattaren er Olav Moe.

Gamle Valdres-spelmenn. V.

Folkemusikken i Sør-Valdres

Som tungeslaget kan vera ulikt i dei ymse bygdene, soleis er det ogso med musikken — den vokale og den instrumentale. Og Sør-Valdres skil seg då ogso ut frå musikken i dei nordre Valdres-bygdene. Ein kan nok seia at roti — grunnlaget — er det same over heile Valdres-dalen.
Det er so at [[Kjeldearkiv:Tidsskrift for Valdres historielag 1935|Jørn Hilme] frå gamle Solabu er meisteren, skaparen, og det er Hilme-spelet som rår over alt. Men kvar lut av dalen hev likevel sin eigen svip.

I Sør-Valdres er det ikkje liten skilnad frå Nord-Valdres i tonefarge og spelmåte. Det tvidrag som er so sermerkt, og med ei mengd fyreslag — ja, etterslag med — triller, kvævetonar og triolar — ristetak o. s. b., er det mindre av i Sør-Valdres.

Ein meister i spelkunsti der var

Arne Steinsrud.

Det var nok Hilme-spel hans spel med — og det var det ikkje — det var som det heiter i kokekunsti: «det same på ein annan måte». Dei store dragi var der, med ein klår og overtydande grunntone, men med mindre av tilkroting enn i Nord-Valdres. Det er som ein skimtar meir av flatbygd-spelet! Arne Steinsrud hadde ei rik skaparevne og skapte soleis ein eigen stil over slåttane. Holte-karane frå Nes hadde noko av same spelmåten som Steinsruden hadde. Og etter han bar Ellef Tollefsrud det same spelet vidare fram i Steinsruds form. Ulrik Jensestuen frå Aurdal hadde mykje av Steinsrud-dragi i spelet sitt.

Av sermerkte slåttar frå Sør-Valdres hev me ei mengd. Den mest kjende og den merkelegaste er vel «Hengslelåtten» — brudeslåtten, som avspeglar ei syrgjeleg kjærleikssoga då eit brudefylgje skulde ro over Valdreshengsle, og spelmannen kvelvde brudebåten so brud og brudgom, spelmann og andre kom burt. Denne slåtten er uppbygd i ymse satsar som syner tilhøvet i dei einskilde hendingar i dramaet. Det er den gamle soga: den fatige guten og den rike gjenta som var bundne saman i varm kjærleik, men ikkje kunde få einannan fordi han var fatig, og ho rik. Ho vart gift med ein etter sitt stand.

Den fatige elskaren var spelmann og skulde spela i brudlaupet hennar. Brudefylgjet måtte ro over eit fjordsund - Valdreshengsle -- og spelmannen var med i brudebåten. Og som skikk og bruk var, skulde han spela på ferdi. Han strauk upp med ein nauende fin brudemarsj, men under spelet kom han i ekse - stod upp i båten og gjekk rundt på æsingane. Spelet vart som ein dårande klagetone, og han kvelver båten so alle gjeng i vatnet og druknar. —

Det er 3 vendingar i slåtten: brudeslåtten når folk samlast i brudlaupsgarden, klagetonen når han spelar seg upp i ørska av sår saknad då han ser at «gjenta hans» skal gjevast til ein annan, og tilslutt sjølve drukningsbolken. Den siste spela fela av seg sjølv, då ho låg att på vatnet, sa dei gamle. Det er same mystikk som me finn i Kivlemøy-soga frå Telemark — same skifte i karakter og uppbyggjing. Som fela låg att på vatnet og lét av seg sjølv på Hengsle, soleis ljoma horni åt Kivlemøy-huldrene i fjelli etter at møyane var mana i stein. Og det same 3-tal gjeng att i dei båe. Det var noko dult og heilagt over det talet. Det høyrde med i mystikken.

Um Arne Steinsrud hadde noko med utmeislingi av denne slåtten, er ikkje godt å segja. Truleg er vel slåtten eldre, men at det er ein typisk Sør-Aurdal slått og høyrde med i Steinsruds slåttetilfang, er vel sikkert. Men i den formi me kjenner slåtten, ber han alle merke på Jørn Hilme sin spelemåte. Men at Arne Steinsrud som spelmann var meir dugande enn andre i Sør-Aurdal, vil ein få vissa for i alle dei sogor um løyndemakter ved han og spelet hans.

M. a. fortel Olaus Islandsmoen meg etter Erik Dalen eller Skåren, V. Bagn: «Det var dans på Raudalsfeten, som vanleg ein sumar. Erik som då var halvvaksen, kom der saman med andre frå Bagn. Det var alt kome «mykje halling», og dansen gjekk med liv som visi var. Det var ein halling som spela. Då stod Arne Steinsrud i ein flokk bakanfor spelmannen. Best hallingen spela, rauk ein streng; han plundra og laga att-til strengene, men rauk gjorde dei. Tilslutt gjekk han Arne fram til spelmannen og spurde um han kunde få låna fela hans. Det fekk han. Då spela han Arne so det var som heile feten dansa med tilslutt. —

Det kom ein kjend halling-spelmann til Steinsrud, og dei vart samde um å prøva kvarandre. Dei kappspela og trølla strengene av for einannan. Tilslutt hadde Steinsrud att berre den eine strengen på fela si; men då spela han slik på den at det ljoma berre Steinsrud-låttar over alt.» —

Dette var eit par av dei mange sogone um hagleiken og trollkunstene åt Arne Steinsrud som spelmann.

Arne Steinsrud var bonde på Steinsrud i Begndalen, men reiste i ung alder til Amerika — og døydde der.

/ av Olav Moe.

Livssoga til Arne Steinsrud og andre Sør-Aurdal-spelmenn vil koma i tidsskriftet seinare. Då vil det og bli gjeve opplysning om kva tid spelmennene levde.

Skriftstyret.