Kjeldearkiv:Torstein Røyne

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 15. jun. 2018 kl. 12:37 av Olve Utne (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1918 og er om spelemannen og sylvsmeden Torstein Røyne frå Øystre Slidre. Artikkelen er skriven på valdresdialekt.

Torsteinskaradn på Røyne

del IV. av O.K. Ødegaard

Men so e' de' so mykji meir o seia um han Torstein bror hass, han dei daa kalla Vessletorstein, o so va ungkar o spelemann alle sene daga. Um han gaar de" enno mangei risspe, baade trale o otrule, imyljo gamle følk. — o ja hjaa unge me', resso de' finst engen iblandt dei, so ha vet te o dra te minnist de' gamle.

De: e" kji gøtt o seia noko sikkert um, ko denne Tor­stein Røyne va støsste meistern te, anti so spelemann enn so sylvsme'. E' ha før eigaang førtælt lite um denne Røynin (sjå Gamalt frå Valdres s. 44) o daa sagt, at'n va mest likeso go te o spela so "n Jørn Hilme, so levde paa sama ti'n o e' den besste spelemann, so nokor gaang ha vøre i Valdres. —

Daa o ha or'e før o være mest likeso go, de' va o sæta mann so høgt so spelemann, so de' gjekk an o gjæra. Høgre kunna ingjin koma. Kosst Røynin kapplet me' are spelemennan o let so eit fastrusta spjeld i peispipun paa Røyne løssna o tok te danse upp o ne' pipun, o kosst han kapplet ve den besste dølespelemann o felestrængjidn sprang ein ette ein hjaa døle-spelemanne, ha e førtælt før. Men her lyt e taka me: nokre andre risspo, so den ællste tåa Røynisættn, no e', har førtalt, o so ætte ha uppevaro i minne i hundre aar.

De' va stort bryllaup paa Røyne, daa broson aat spele­mann, han Torstein Torsteinson i 1816 skulde gjifte se me' henne Sigrid Øysteinsdøtte Øvre-Kjos i Hørisbygdn, o gam­lingen hadde lovt brosone si o spela i bryllaupe hass. — Men Røynin hadde spelt o tura i eit bryllaup noko langt sye bygden, o tura nokolite me', so han kom kji heimatt te Røyne før noko ut paa morgosiun sjølve bryllaupsdagen. O daa va'n trøyt taa felespel, drykk o nattevoko. — Han sløngde daa feleskrine burtpaa bore o vælte se burti ei seng o sovna te so tungt, at de' va kji raa o faa vækt'n att, daa brupare skulde spelast ut. De' va ingji ti' o misse, daa brufulgji skulde rie heilt om Egjiaasn o aat Høriskjyrkunn, der so pre­sten Miiller i Vang venta paa o viggji brupare.
Dei sleit o reiv i'n Torstein; men de' gjorde alder ei dusst. — So laut han Svein bror hass, han Svein i Viken dei kalla, so heldan inkji va so reint burte paa felun, ta fela hass Torstein o te o laate brulaattn. Han Svein gjekk fere o let o brufølke ette o va komne burti stogodøre. Men daa reis Røynin upp or sengen, hoppa burtover gølve, ga hono Svein bror seno ein nuffs, treiv fela taa hono o klæmde paa me' somo laatte, so de' ingjin stanns vart i spelle, spelte ut paa garn o kassta se paa hestn o let like gøtt.

Dei are 40 hestadn kommo ette i rækkje o ra' so dei skulde o Røynin lét heile vægen, burtover Moadn, over Eggjiaasn o ratt innaat kjyrkjidørn ve Høre — O de' e' noko over ei gamale mil over aasn ifraa Røyne o te Høre. - Han let so daa Røynin, at gamle Ellesta'n sia fortælde, at dei høyrde fela ratt ne' te Ellesto', længji før dei saago brufulgji kom utover aasbraddn — o de' e' engon kilometer so.
O paa heimattvæge lét'n de' sama i eit kjør heile vægen; paa Røyyne dreiv'n paa me' felun utover natte, so bryllaupsfølke tytte de' let alle sta'n ikringo, o daa han teslutte inkji ørka meir la han fela i skrine o hyvde de' burti ein brø'støe (Brøstøe e' ei slags vie øskje', so sto paa ettre borsende o va te ha flatbrø' i. Ho va so vie so ein flatbrøleiv.) paa bore o la se burtpaa sengji te søva. Men daa tykte følke at fela song o lét de' sama, der ho laag i brøstøa. De' va daa kji nausikkert anna enn de' va mange tåa gjestebøsfølke so tok te aa undrast o tytte de' tok te o bli femble, daa Røynin hadde de' ore, at'n sto se gøtt hjaa sjølve svartemanne. No laut de' heldan inkje so reint lite te o gjæra gjestebosfølke hælvrædde de bele, ner dei hadde tura so langt utpaa natte. De' va ventele inkji so reint grese imyljo drammo, so de' va kji nokor motløyse paa fære.
E minnist gøtt han Torstein, so brudgom va den gaange, o han va burtimot dei 80 eigaang han førtælde dette, o han risste paa huvvu daa han sa: „O, ja du, o ja du -- han Torstein fabro min, han lét i bryllaupe mi han du!"

Ei gong va Røynin o ein a'n framifraa spelemann, gamle Strandin, dei kalla, samen i eit bryllaup burti Røgnisgrændn eistan o spelte. Dei laut daa teslutte te o kappspela. - - Eit stort sylvstaup vart daa slegji fullt me' brænnevin o sætt mitt paa de' lange gjestebø'sbore o karadn sætte se ein ve' kor ende taa bore. De' va um o gjæra o spela staupe te se. - Fysst spelte Strandin, o um ei ri' tok sylvstaupe te o lea se burtover imot hono; men kosst han spelte, so fekk'n kji staupe so langt at'n naadde de'. So va de' turan aat Røyna. "Róa dikka ifraa lite kara, so kanskji e kan faa me ein støyt." — O so tok'n te o spela. De' va daa kji længji før staupe tok te o lea paa se o dra se burtover te dei borsenda, han sat ve. Te længer'n spelte, te fortare gjekk de', o teslutte so fort, at brænnevinsskvætten sto utover braddadn. O daa staupe kom nemme nok slutta Røynin spela o sa: ,,No tænkji e, e kan ta me ein slurk."

Austi Gudbrandsdale va Røynin ofto paa sylvsmearbei o daa laut'n okso strjoke paa fela engargaange. De' va eigaang eit stort bryllaup i bygda o den besste dølespelemann skulde laate. - Men ein taa dei, so va i bryllaupe, kjende Røynin o kjende te, ko kar han va te spela o han kom te seia, at fingo dei fatt i han, skulde dei faa høyre anna te læte. — So vart de' daa te di, at mann. so sa dette, skulde sjaa aat o faa Røynin aat bryllaupgare. - De' va længji før Røynin vilde fulgji. Endele vart'n daa me', men inni sjølve bryllaupsstogo vilde'n inkji. Dei fekk'n endele inn i ei an stogo paa gare o der tok'n daa te o tukkle o stille fela si vel o længji. Han hadde ein sers rare laatt, so ingjin a'n ha kunna laate sjele so so han, o denne tok'n no paa fela. O de' va kji længji han hadde spelt, før de' høyrdist ut, so de' let i heile dølestogun, o følke burti bryllaupshuse høyrde de o strøymde te, bryllaupsgjestidn, brufolke o te slutta sjølve spelemann. Han kom inni døre o sto ei ri' o høyrde paa; so gjekk'n burtaat Røyna, tok ein dalar upp or vestefikkun o la den burtpaa fela hass. So strauk'n paa døre. o de' va ingjin so saag'n meir i di bryllaupe. - Men Røynin spelte eileine, so dølidn tok te undrast paa kæm de' va so helt i felun. — Den laattn, so Røynin begjynte spele sit me' den gaange ha, so de' e sagt, ingjin a'n spelemann kunna laate sjele so enn laate'n heilt. Krøsshaugen kunna noko taa laatte, men alt kunna 'n inkji, o endaa ko dugele spelemann han va, so fekkn kji sjele so te, dei veke han kunna.

Daa Røynin va vørtin gamal o krukksin taa se, so va de' ein dag han Jahas Røyne, han so sia kom te Lome, o han Ivar Melby seto o smaaerta ve' Røynin o leto baae so te, at dei kji trudde, han no va noko viare tess paa felun. O so længji heldo dei paa me' desse, at Røynin vart sint o tok upp fela si o te o spela aat karo. - - Men daa vart de' okso eit spel. — Teslutte syntist karad'n at kor einaste stok i heile stogohuse va fele o at de' let allesta'n o dei vørto baade blaae o bleike o krussla se ut, daa dei syntist de' let de' sama ette Røynin hadde lagt fela ifraa se. — Men dagen ette sa Røynin te hono Jahas: "E ska seia de eit, min kjære Jahas, at so so de for aat me' me igjaar, sko de aldre gjæra meir. E hadde kji gøtt tåa de' i heile nat."

Ko snodig Røynin va te prate før se o svara før se kunne me faa greie paa tåa desse:
Han Mons Røllong, so va nokolite gamal ungkar, gjifte se me' ei gjente ifraa Hallingdal, o Røynin lét i bryllaupe. Daa han gjekk heimat o over Rengjesta'aasn me' fele-skrine unde høndn, kom han igjøno Bjelbølsgarn, o hona Guri Bjelbøle, so va noko nyfekjinn, kom daa ut o skulde ha veta nytt ifraa bryllaupe. "No ha du vøre i bryllaupe, Torstein, — der va vel sagte gjilt i alle dele, — o brue va vel okso ei bra ei?"
"Slekt ska du kji spørja ette, Guri Bjelbøle: hadde de' vøri noko aparte ve' henne, so ha vel ein enn a'n derburte i Hallingdal behøvt henne," --sa Røynin, -- o so gjekk'n.

Røynin levde sene sisste aar hjaa bror seno i Viken, han Svein i Viken (Vike e' ein litn går ve' Hedalsfjorn). Daa han Torstein broson hass fulgde hono dit va son hass me', han Vessle Torstein va daa (fødd 1817) o Røynin sa daa at vessle gutn skulde ha fela hass, ner han fall ifraa. - Men de' vart kji noko taa di, taa di at far aat gute inkji vilde at han skulde venja se te me' felespel, o ko saart guten gret vart fela seld paa aksjone i Viken ette Røyna. — Sia ha heldan inkji nokon taa allo Torsteinkaro paa Røyne vøre spelemenn, o seia taa. Fela va ei "Trondefele"; de' va dei besste feludn nokon ha laate paa i Valdres. Noko so ner makin henne e' enno i Ukshovd. Fela aat Røyna kjøpte han Gølek Eikerbakke o han let'n Gølek Teigstolc faa o. Han Gølik Teigestole sa, at fela vart aldre sjele so go, ette dei strengjidn, so Røynin hadde brukt, va utsletne. -- Han sælde fela te felemakare paa Belji, han Nils Belji i Unesbygdn — o denne let ein spelemann paa Vossestrøndn faa hono. -- Men dette anka han Nils paa o laga difør te ei mykji grussare fele o fekk ein mann te o gaa ratt te Vossestrønde o bytt um. - - So fulgde fela hono Nils Belji te Amerika, o kæm, so har hono no, ha inkji vørte sport, endaa de' ha mykji vøre høyrt ette.

Men Røynin va ein umframt kar te noko anna en o laate paa fela me'. - - Han va sylvsme' o "gravør" o den besste taa dei slage, so ha vøre her i bygdn. De' finnst enno att engoestane taa sylvarbeie hass her i bygde, baade sylvstaup o sylvbelto o sylvknappa o engor gamal sylvslegje snusflæske o alt syne se væra telaga taa ein meister. Han va paa ein maate far o meister aat dei are sylvsmeo, so før eit hundre aar enn vel so sia la se paa de' handværke i Valdres. — O daa han hadde de' ore at'n sto se gøtt me' ein, so kunna faa laga te ko'n vilde, vanta de' kji paa at de' va mange so trudde han kji kunna faa te alle sene meisterstykkjo sjele ve eie hjølp. - De' va kji berre aat bygdefølke han arbeide. Han kunna engorgaange ta se engon sløngjiturn i kringo are bygda me', o oftast vart de' aat Dølo (Gudbrandsdale), o liggji der engor rie so me' sylvarbei o gravering.

Taa dei so lærde sylvarbeie hjaa Røyna kan nemnast han Jørn Rengesta' (fødd 1773, døyde 1852) so vart ein dugele sylvsme' o dreiv de' arbeie nokolite mykji. -- Men de' køssta inkji so lite o lære noko te gagns hjaa Røyna, o de' va daa engon so prøvde te o faa lære enkort lite, utta de' skulde køsste noko viare. Daa vart nok lærdommen derette. - Solein va de' me' hono Haldor i Vikhaga. so difør okso vart berre ein kladdesme. Han Haldor kom te Røyne o vilde endele faa sjaa paa ei ser slags lødding. so Roynin kunna, o han fekk daa lø v te o væra me' aat smiun før o sjaa paa. -- Men i smiun tok han Haldor fysst upp lummeflæska si o risste paa den skvættn, so va paa henne, frammafor naso paa ho Torstein. Han Torstein førsto' meininge - o so vanta de' trasst noko i smiun, so han Haldor skulde snerte se innatt ette, o daa han Haldor kom att, va løddingo færig.
Sia sa Røynin: "Denna tossken i Vikhaga vilde lære kunstidn mi før ein skvætt brænnevin. Men de' vart de' kji noko tåa. E ha køssta kunstidn mi meir enn so, e."

Sylvarbeid gjort av Torstein Røyne

Røynin arbeide i metal o grov ut, o de' e snaut nokon i Valdres so ha vøre hass make te o bruke gravstikken.

E ha før mange aar sia raakt te o faa fatt i eit par skjænkjestaup tåa klukkemetal, so e so meistele fint utrosa me' gravstikke, o e ha længji fundert paa, kæm so va meistern. E hadde likevel so ei meining um de', men nokor vissheit fekk e kji før i haust ein dag, e kom te Røyne. - De' bar te o froga ette, um de' fannst att noko taa metalarbeie der ette Røyna, o so hukste Gamle-Torsteinen, no e', paa at de' sto eit skjænkjistaup uppi øvre skatthøldrumme. O der va makin aat dei tvo meno me' namne hass Torstein Røyne paa o aarstalle 1804. Staupe hadde kji vøre framsynt før sleke, so rakkle ikringo før o faa fatt i gamalt o fint arbei. — O herettedags e' de' nausikkert, at ingjin faar de' staupe taa gare paa Røyne.

Noko anna taa metalarbeie aat Røyna, so enno hæng att engor sta'en i bygdn. e' dei fine utgravne brokespjeldknappadn, han ha laga te. Dei e' store paalag so ein femøyring, flate o lite innhølne i mitt'n o rosa me' gravstikke ette kanto, o va de' sjele fint, skulde dei væra førsylva' enn førgjyllte. De' bele køssta desse knappadn minst 5 skjilling stykkji — o ette sin maate meir, ner dei va førsylva enn førgyllte, — De' va ein dugele pris før ein knapp; men so va de' dugele knappa me'.

Men, kor hadde Røynin lært alt dette? Jau, seie gamlemann paa Røyne, no e', — han hadde lært de' nora fjelle, hjaa ein, dei kalla Hegglandn. O han førtælde daa noko risspo um, ko kar denne Hegg­landn va, — noko risspo, so Røynin sjøl hadde førtælt, o so ha halde se i ættn paa Røyne. De' høyrdist rimele ut, ner ein kjæm ihug, ko mykji Norfjellungadn o Valdressadn ha hatt me' in'an o gjera ifraa gamle daga, ko lett ei lei de' daa va over fjelle imot paa are leie utor bygdn, — o ko tile sylvarbeie o anna metalarbei va kome høgt upp paa Vestlande.
Men risspo e' risspo likevel, o før o bli viss um at de' sjele hadde se solein, laut de' no bæra te o leite ette Hegglande. — O ette e hadde leit i Sogn o i Bergen o der faatt eit pek um de', so fann e mann paa Vossestrøndn. — Bokskrivarn Haukenes ha nok skreve lite um mann; men den so ha fønne fram de' meste um'n e' klukkarn paa Vossestrøndn, no e', han Knut Bjørgaas, so i dei boken han nettupp no ha faatt færig. — "0r gomol ti - tao Vossestrondne", har eit o anna um Hegglandn - han Torstein Heggland. - Dei so vilje ha veta um mann lyt difor sjaa aat o faa fatt i denne boke. Her tek e me' noko, so inkji staar i boken, o so han Knut Bjørgaas ha førtælt me.
De' bli ei lang lei taa vege dette; men e synist de' høve so gøtt, taadi me likeso kjenne att vaare eie Valdressa i desse Vossestrøndingo o so syne de' uss, at tie o karadn ha vøre nokoleine dei sama, um fjelle laag imyljo dei.

Ko ti denne Torstein Heggland va fødd e' de' kji raa te aa faa nokor greie paa; men de' e' trule at'n va lite eldre enn Røynin o at'n va dø i 1833 synist væra sikkert. Garn Heggland ligg paa Vossestrøndn o der va'n fødd o der levde'n sene daga. — Ifraa han va berre smaaguttavin hadde han Torstein slek hug te o smie o helt se i smiun støtt o råe, so farn inkji fekk'n te o gjæra anna "gagns" arbei. Farn murra o skjende, før'n brænde upp so mykji køl o tjonte burt so mykji jødn. - Men te striare vart'n Torstein te o halde se i smiun, o teslutte vart de reine ovenskapen imyljo dei, o so rymde han Torstein taa gåre. - De' vart likevel inkji længer enn te sysste seno, so va gjift te Grindeland, — ein gar paa hi sia aat vatne. - - Der fekk'n smie slekt han vilde. I jolo kom farn dit i gjestebø, o daa dei hadde ete, kom sysste hass Torstein inn me' eit makalaust fint telaga skruveste' o la paa bore o sa: "Sjaa her ko han Torstein ha laga te her hitte." Daa tok graatn farn, so sa: "Du faar fulje me' heimatt no, Torstein, me ha smio derburte me'." — Han Torstein vart me' heimatt, — o sme vart'n.

Han vart sme o sylvsme', gravør o støypar o klukkemakar taa dei besste so fannst de' bele. Sylvsme'arbeie hass va reint umframt, so ein enno kan sjaa taa noko staup o noko hælsknappa, so enno e' att i bygdn. Men de' va kji fritt før anna, enn han brukte noko hælvmaatele sylv. - De' kom eigaang ein mann te hono me' noko sylv, han vilde faa'n te o smie. "Men e vil kji ha de' blanda," sa mann, o før sikkerheits skuld skulde han Torstein ha sylve i dæggla o bræe de', so mann sto o saag de'. Jau, — han Torstein hadde sylve i dæggla, o daa de' tok te braane, tok'n ei koparstaang o rørde uppi me'. O mann skjønte kji, at de' kunna gjæra noko o la kji mærkji te, at staange minka. Kom de' farande fanta, so laut dei stogge hjaa hono Torstein so han fekk prøvt dei, um dei va noko tess te eit enn anna, o jamt kunna de' hende at han fekk lært engor kunste hjaa engon taa dei.

Solein hadde han i 1814, daa han va vørte ein gamal mann, eitpar svenske krigsfangar hjaa se so va klukkemakarar o taa dei lærde'n kji so lite. -- So va de' nokon paa Vosse-strøndn, so tok te o gjæra pæing — o han Torstein va trule meistern. — Men han fekk søkt pæingforme si ne' o dei fekk kji noko paan. Dei andre kom paa slaverie. Men førtæljinge um de' høyre kji her te.
Torstein Heggland hadde svarteboke. "Safferanus frie konstebok", so hono kallast. Boke hadde svarte blø o va skreve me' rue bokstava, fortælde ein, so eitte Josef Grindeland o so mintist at'n hadde faatt set hona o lese litegrande i'n, daa'n va sjele unge. Dette førtælde han so seint so i 1889, daa 'n so ælldande gamal krak i kringo i bygdadn o tiggde. Endaa de' va mest berre prestadn, so hadde gange "Negangsskula" i Wittenberg so hadde den rette boke, hadde nok likevel han Torstein faatt ei, o boke fekk døtte hass, so va gjift me' ein, so eitte Sjur Hole paa Vossestrøndn o han grov ho ne' i "Fugllde" i Holamarken.

De' difør inkji undrast paa at han Torstein Heggland kunna baade fjettre o gjæra mangt anna rart. — Han Torstein Heggland døyde i fylln paa ei gastgjevarstoge paa Vinje, o daa va'n ællgamal.

Me' veit inkji um Hegglandn va spelemann; men son hass - han Kolbein — va de', o de: e: trule, at gutn hadde lært felespele taa Røyna. Hellist va de' de' bele mange umframt spelemenna paa Vossestrøndn, so vanta de' Røyna noko før o bli reint meister, hadde han der dei karadn, so kunna lære hono enkort take paa felun, so n kji kunna før.

Den seigne so ha helde se paa Røyne um Hegglandn lye solein: Hegglandn hadde vøre paa lære i England o der lært baade sylvsmearbeie o dei are kunstidn si, o der vart'n so go, at dei inkji vilde slæppe'n heimatt. Men endele fekk'n rymt sin veg o kom over sjø'n o heimatt paa Vossestrønde- Daa skriv'n tebakers o takka før se o førtælde, at'n va gøtt o vel heimattkomin. Daa de' lei over ei ri', fekk'n te se sendandis eit indele fint skrin, - sylvbeslegji o me' lykkjille sitand i - ifraa England. Han tok imot skrine. Men so mykji skjønte'n, at de' laut væra eit enn anne ve' dette, o han læsste kji upp skrine me' lykjille, men tok bøttn or di'. — Daa saag'n, at de' i skrine va sætt tvo smaa pistola, so va stellte slek, at ner løke gjekk upp, gjekk pistoladn lause, o den so daa sto uppivy vilde faa kuudn beint paa se. — Hegglandn berre skreiv tebakers o takka før skrine o sia høyrde'n kji meir ifraa England.

De' va kji so sjelda i dei gamle ti'n, at gaaverike handværkssveina toko se ei nokre aar te o ræka i fremmande land o arbeie se fram før o sleppe inri ei enn are sta'n hjaa ein dugele meister o væra der enkort aare, før dei sætte se role ne' heime so meistara sjølve. — Solein kunna de' høyrast trule ut, at Hegglandn hadde fare utalands, han me'.
Men inkji korkji i heimbygdn hass enn hjaa dei messt kunnige menna i sjølve Bergen e' de' fønne noko um, at Hegglandn ha vøre nokor stan i utløndo enn lært taa are enn se sjøl o ein o a'n rækande fannt, so hadde bere vet paa kunstigt arbei, enno stelle se sjøl paa ein vetog maate.

De' lyt difør ha se solein: Anti ha Hegglandn læsst se um solein ve' Røynin, at han ha lært kunstidn si ratt burti England o at dei difør hadde køssta hono mykji o va so mykji grussare, o køssta mykji o lære att ifraa se.
Endaa ha Røynin vilja gjort sene kunste so gjilde, so raa' va, før o faa følk te faa age baade før se sjøl o før arbeie seno.
De' eine enn are kan de væra. --o de: kan gjedne væra baade de' eine o de' are.
De' vanta kji korkji huvu enn handelag te noko taa kort paa baae karo, - o dei kunna væra truand te noko taa kort baae tvo.
Men sylvsmearbei o gjyttlerarbei o lite drykk o turing o svarteboke ha daa vøre nokoleine paa same maatin hjaa tvo gaaverike kara paa Vossestrøndn o i Valdres.

Denne Røynin døyde i Viken den 15 januar 1830, 65 aar gamal, o minnestein hass skulde daa staa paa kjyrkjigare ve' Heggji. Men e trur snaut, at nokon taa heimbygdingo ha sett ne' denne stein enno.

So mykji e ha høyrt, ska den kjæringe paa Flataaker i Unesbygdn, so va ættemor aat bilthaagger Ole Fladager være komin taa Røyne. Kunstnargaavudn hass Ole Fladager ha solein rótadn hjaa Røynisættn.

/ O.K.Ødegaard