Kjeldearkiv:Vegen og dalen

Vegen og dalen
Kjeldeinformasjon
Navn: Knut K. Homme
Sted: Setesdal i Aust-Agder
Beskrivelse: Setesdal og setesdølar. Utg. Setesdal sogelag. Bykle. 2015. Digital versjonNettbiblioteket, s. 13. (Gjengjeve med tillatelse frå Knut K. Homme).
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.
Setesdalsbautaen ved riksveg 9 på Heddi i Valle
Foto: Kirsten Hansen Tveito (2013).

Vegen og dalen

av Knut K. Homme


Otra er eit sylvband
som slengjer seg gjennom fargerike
bygder


Vegen
krullar seg etter,
omkransa av grønt, svart og kvitt
i skiftande dagar
under raud kveldshimmel


Bilane
i ein dragande straum
opp og ned
langs gulstripa
hastande
mot fjell og sjø –
hus og gardar
folk og fe
i stutte blenk gjennom ruta


I túsenår hav' mi hèra gjengji
og stræva trugji og metta fengji.
Sút og sótt fýgde jamt atti
med hjartesår og forkrypla liv.


Dei solbrune timar husi
kvar er dei no?
Harald Lund måla dei
Lars Osa, Carl Sundt-Hansen


ljoden etter spilemennan –
dei som sauma krullan –
vove typlebondi og kyrkjetæpi –


Der er jagende bratte linjer i det som stænger,
der er dolige, buede, som stundom hviler ut ...
og sovner av i en flat mørk furumo,
og vaakner først ute i den blændende sandevje ...


Der kommer en jente gaaende derborte;
hun gaar med en reisning,
som du ikke er vant til at se


Lange móa og mykji mót
det leita på hest' og kar'e
men stundom dansa og stundom kvó
og léte sorgjin fare


Du træffer karfolk ved vei-kvilerne med hest og kjærre.
Du glemmer sent det billede av en slik svær døl
op til den vesle vævre gamp


Suset i det grøne
er det same
siget i elvi –


Her ligg dei grav i grav
under kyrkjespir
soli renn ive fjødd
som før


Du har reist gjennem et stykke middelalder.
Derfor vet du ikke hvori tonen ligger.
For det ligger ikke først og fremst i naturen;
det ligger i folket,
i dølen du har truffet.
De har lagt synet i dit øie.


Kursivtekst: Hans E. Kinck: Steder og folk, 1924.