Kjelklia industriområde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjelklia industriområde ligg i Aure kommuneNordmøre. Midt på 1970-talet vart området regulert til industriverksemd, etter at Aure kommune hadde kjøpt tomter av Lars Vaag. I dag finst det bl.a. bensinstasjon, trelastforretning, IT-firma, drosjesentral og transportfirma her. Det er avdekka fleire gravrøyser frå vikingtida i området.

Bensinstasjon

Arne Fjeldset var den første til å etablera seg på Kjelklia. Han bygde bensinstasjon (tilknytta oljeselskapet Fina) og maskinstasjon. På same tid vart det bygd ein vegstasjon i området. I 1998 kjøpte Ola Stormyr bensinstasjonen, som deretter gjekk over til oljeselskapet Shell.

Utvikling på 1980-talet

1980-talet vart det meir aktivitet i området: Aure bygg vart oppretta i 1980, Aure trelast tok etter kvart over lokala. I 1985 etablerte NEAS seg i området, dei hadde eit bygg saman med Posten Noreg og Nordvest Elektro. Rundt 1988 vart Aure rør etablert av Erling Aunli.

Gravrøyser

Lengst oppe på Kjelklia ligg eit område som blir kalla Tingstadbakken. Her vart det i 1996 oppdaga rundt førti graver frå vikingtida. Seinare har det vorte avdekka fleire, slik at talet hittil er oppe i 56. Området har status som automatisk freda kulturminne.

Kjelder