Kjerkjesteinen (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

63°14′42.59″ N 8°11′11.19″ Ø

Kjerkjesteinen ved Solskjel.
Foto: Olve Utne

Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ (nominativ/akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ (dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommuneNordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass.

Kjerkjesteinen ligg for øvrig kring 20 meter nordom eit lite berg der ei stor «kove» i berget ville gjeve betre ly mot nord og aust.

Namnet Kirkjesteinen/Kjerkjesteinen finst òg i Sunndal kommune og Surnadal kommune. Begge desse ligg heilt klart utom nokon rimeleg kyrkjeveg. Kjerkjesteinen i Surnadal kommune ligg i 450 meters høgd, rett ved tregrensa i eit myrlendt landskap nærme toppen av Syltnebba (667 moh.). Kjerkjesteinen i Sunndal kommune ligg langt oppi brattaste lia ovom Øksendalen — i 520 meters høgd i skogen, 80 meter nedom tregrensa. Det alle desse tre har til felles (og dessutan Kirkesteinen i Norddal kommune på Indre Sunnmøre), er at dei ikkje ligg ved sjøen, i motsetning til kyrkjesteinane i Romsdal og, med eitt unntak, på Sunnmøre. Frå Sør-Trøndelag er ikkje noko kyrkjestein registrert på kartet. I Nord-Trøndelag finst det berre éin Kjerksteinen registrert på Norgeskart.no, og han ligg ved sjøen i Nærøy kommune. (I tillegg finst det i alle fall 6–7 kjerksteinar på Innherred under andre, liknande namn.)[1] Frå Nordland og nordover finst det mange kjerksteinar som ligg opp i terrenget heller enn ved sjøleia.

Fotnotar

  1. Opplysning frå Kjell Derås.