Kjetil A. Flatin (1881–1916)

Sideversjon per 30. nov. 2020 kl. 14:02 av JhsBot (samtale | bidrag) (bot: Retter artikkelnavn i oppslagsord)

Kjetil Aslaksson Flatin (11.7.1881-16.6.1916) var folkeminnesamlar, lærar og gardbrukar frå Seljord.[1][2] Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule.Etter å ha vikariert i nokre år i ymse lærarpostar, vart han fast tilsett som lærar i heimbygda i 1915.[1] Han var medlem av sogenemnda i Seljord frå 1913 til han døydde i 1916.[3]

Kjetil A. Flatin Foto: Ragnvald Nyblin

Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Fyrst vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker.[4] Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova og Ættir fraa Selgjord.[4][1] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil».[1]

Kjetil A. Flatin vart gift med Dordi Hallvardsdotter Aadalen i 1909. Dei hadde fire born.[1][5] Han var bror til folkeminnesamlaren og lokalhistorikaren Tov Flatin.[4]

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Norsk biografisk leksikon, bd. 4-1929, s. 158. Elektronisk tilgjenge: https://www.nb.no/items/4932acec4430ee40637bb6e9c58e3293?page=0&searchText=Norsk%20biografisk%20leksikon
  2. https://histreg.no/index.php/person/pf01036533002771
  3. Tov Flatin (1942); Seljord, bd. 1, s. 12. Utgjevar: Seljord kommune. Elektronisk tilgjenge: https://www.nb.no/items/1713331a80c55fd25e554b1903915b2e?page=0&searchText=Seljord%20Flatin
  4. 4,0 4,1 4,2 https://snl.no/Kjetil_Aslaksson_Flatin
  5. Tov Flatin (1945): Seljord, bd. 2, s. 236. Utgjevar: Seljord kommune Elektronisk tilgjenge: https://www.nb.no/items/b4bbb08031dacdce51beded23d37a781?page=239&searchText=Seljord%20Flatin

Litteratur og kjelder