Kleivi (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 12:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Kleivi
Alt. namn: Aspehaug, Ospehaugen, Opheim
Rydda: Truleg 1770-åra
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 202
Bnr: 6 og 10

Kleivi (Luster, gnr. 202/6 og 10) er to gardsbruk i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruka høyrer under matrikkelgarden Mjølver og er dei øvste i grenda.

Husmannsplass

Kleivi skal ha vore den andre av tre husmannsplassar under Mjølver, og plassen vart truleg rydda i 1770-åra som plass under bnr. 1 Mjølver. Plassen har både gått under namna Kleivi og Aspehaug/Ospehaugen. Frå 1830-åra høyrde plassen til under det utskilde bruket Pikhaugen (bnr. 5).

Snøskredulukke 1846

Natta til 11. februar 1846 vart Kleivi råka av eit stort snøskred som både tok stovehuset der tre vaksne personar låg og sov, og fjøsen der det sov tre born. Dei tre borna kom uskadde frå det og fekk henta hjelp på ein grannegard. Husmannen og ein eldre kar på mest 90 år vart gravne ut uskadde i restane av stovehuset medan husmannskona hadde fått nokre stokkar over seg og var "betydelig beskadiget".[1] På same tidspunkt vart husmannsplassen Leteigen òg øydelagd av snøskred.

Bnr. 6 Aspehaug

Kleivi vart utskild ved ei delingsforretning 26. mai 1883 og fekk då bnr. 6 og namnet Aspehaug.

Bnr. 10 Opheim

Opheim vart rydda som eit sjølveigarbruk kring 1887 og utgjorde halvparten av Kleivi, men vart ikkje formelt utskild frå bnr. 6 før ved delingsforretning 20. juli 1918. Opheim fekk då bnr. 10.

Notar

  1. Snøskred i Mjølverdalen 1846 (Jostedal historelag)

Kjelder og litteratur

Koordinater: 61°39′45″ N 7°16′41″ Ø