Klezmer

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Amerikanske Klezmatics spelar i synagogen i Trondheim under Jødisk kulturfestival Trondheim i 2016.
Foto: Olve Utne

Klezmer er ein instrumentell musikktradisjon knytt til asjkenazisk jødisk kultur. Namnet kjem frå eit ord på jiddisch og hebraisk som tyder 'instrument-sang'. Instrumenta som nyttast er gjerne fiolin, cello, kontrabass, fløyte, klarinett, trombone og rytmeinstrument. Musikken etterliknar ofte den manglande vokalisten.

Musikkforma utvikla seg frå sekulær musikk på 1400-talet, og var knytt til ringdans, særleg på bryllaup og fest. Tidleg klezmermusikk vart utvikla i samspel med romafolket.

I 1845 introduserte Josef Gusikov klezmer til konsertsalane i Europa. Han spela på ein cimbalomliknande xylofon. Musikken fekk ei blanda mottaking, men mellom anna Felix Mendelsohn var positiv. I 1920 vart klezmer blanda med jazz i USA, og fleire kjende komponister lot seg inspirere. Eit av dei mest kjende resultata av dette er klarinettopninga på «Rhapsody in Blue» av George Gershwin.

I seinare tid har det vore ei fornying av sjangeren, særlig i USA og i Ukraina. Fleire ukrainske band har gjort det godt etter kommunismen sitt fall i 1991.

Det finst fleire utøvarar i Noreg, og bland dei mest kjende kan vi nemne Gjertrud Økland sitt sigøynerensemble, Bente Kahan, Urban Tunélls Klezmerband og Goylem Space Klezmer. Fleire utanlandske klezmerband har òg vitja Noreg.

Litteratur og kjelder