Klokkarar i Lesja prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette stykket inneheld eit oversyn over kven som var klokkarar i Lesja prestegjeld frå fyrst på 1600-talet. Referansane til gardar og nummer i parentes gjeld Bygdebok for Lesja (forkorta BbL i notene).

Per Jensson, klokkar fyrste halvdel av 1600-talet

Elles ukjent, gift og brukar av ein del av Stavem (1-2c) ca 1634 - kring 1660.[1]

Søren Persson, klokkar ca 1670 - 1711

Son til førre klokkar, gift og brukar på Kjellshus, Stavem (3-3) frå 1670-åra til han døydde i 1711.[2]

Per Sørensson, klokkar 1711 - 1731

Son til førre klokkar, gift og brukar på Kjellshus, Stavem (3-4) etter foreldra frå 1711 til han døydde i 1731 (kona dreiv garden til 1747).[3]

Ole Bersveinsson Kring, klokkar 1732 - 1751

Truleg frå Kringen i Sel, gift, bygsla Huset, Stor-Kollstad (8-2) i 1740, død ca 1751.[4]

Fredrik Nikolai Andersson Wiborg, klokkar 1751 - før 1801

Frå Romedal, f. ca 1708, d. 1804, gift, budde i Nordigard Sør-Hole (2-5b) og Søre Leire, Kollstad (13-3b) der han dreiv eit «fayance-værk», kjøpte Nordistugu Sili (1-10) i 1770 og den andre halvparten av Sili i 1780.[5]

Anders Johan Wiborg, klokkar frå før 1801 - 1838

Son til førre klokkar, f. 1769, d. 1838, gift, overtok Sili (1-11) etter foreldra ca 1790.[6]

Nils Brandt Jordhøy, klokkar frå 1838 - 1882

Soneson til sokneprest Peder Alstrup Jordhøy, f. 1812, d. 1891, gift, seminarutdanna lærar, overtok Søre Nest-Tande (3-8) etter foreldra i 1832, Nistugu Nest-Tande i 1838 og Brotningen, Klukkstad (9-1) ca 1850.[7]

Martinius A. Meisingseth, klokkar frå 1882 - 1912

Frå Tingvoll, f. 1850, d. 1914. Gift, sjå Brotningen - Klukkargarden, Klukkstad (9-2).[8] Var aktiv i lokalpolitikken som høgrepolitikar.

Iver A. L. Sundsbø, klokkar frå 1912 - 1916

Frå Midsund, f. 1882, d. 1956. Gift, sjå Brotningen - Klukkargarden, Klukkstad (9-2).[9]

Litteratur

Referansar

  1. BbL bd. 2 s. 126. Berg 1991 s. 112.
  2. BbL bd. 2 s. 132. Berg 1991 s. 112.
  3. BbL bd. 2 s. 132. Berg 1991 s. 113.
  4. BbL bd. 2 s. 699. Engelstad, Sigurd og Lorentz U. Pedersen 1992: Biskop Peder Herslebs visitasbok Gudbrandsdal prosti 1733-1763. Dølaringen Boklag s. 76.
  5. BbL bd. 3 s. 303.
  6. BbL bd. 3 s. 303.
  7. BbL bd. 3 s. 83f. Lia 1999 s. 189
  8. BbL bd. 3 s. 28. Lia 1999 s. 189f.
  9. BbL bd. 3 s. 28. Lia 1999 s. 190.