Kolbrennarlokalitet knytt til Lesja jernverk: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring |
m (puss) |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
* Plakater ved lokaliteten | * Plakater ved lokaliteten | ||
* Einbu, Aud 2000: | * Einbu, Aud 2000: «Restaurerer kolbrennarkoie ved Sandom». ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' s. 32-34. | ||
[[Kategori: Lesja kommune]] | [[Kategori: Lesja kommune]] |
Sideversjonen fra 14. jul. 2017 kl. 09:57
I 1999 vart det tilfeldigveis funne ein kolbrennarlokalitet som må ha vore knytt til Lesja jernverk nedafor Sandan, sørlegaste garden i Søre Verket i Lesja. Trekol var viktigaste energikjelda for drifta av jernverket, som var i drift til kring 1800. Aktiviteten her må altså ha vore frå 1700-talet.
Lokaliteten består av ei koie og minst 8 tufter etter kolmiler. Lesja historielag restaurerte koia sommaren 2000, og er sikre på at den berre har vore nytta som kvilestad for kolbrennarar. Koia var 1,4 m brei og 2 m lang, bygd av jordvollar støtta opp med kavlar og med halvklovningar som taktro, med ein open eldstad i eine hjørnet.
Kjelder
- Plakater ved lokaliteten
- Einbu, Aud 2000: «Restaurerer kolbrennarkoie ved Sandom». Årsskrift for Lesja historielag s. 32-34.
Koordinater: 62.1753° N 8.6008° Ø