Kolbrennarlokalitet knytt til Lesja jernverk

I 1999 vart det tilfeldigvis funne ein kolbrennarlokalitet som må ha vore knytt til Lesja jernverk nedafor Sandan, sørlegaste garden i Søre Verket i Lesja. Trekol var viktigaste energikjelda for drifta av jernverket, som var i drift til kring 1800. Aktiviteten her må altså ha vore frå 1700-talet.

Restaurert kolbrennarkoie.

Lokaliteten består av ei koie og minst 8 tufter etter kolmiler. Lesja historielag restaurerte koia sommaren 2000, og er sikre på at den berre har vore nytta som kvilestad for kolbrennarar. Koia var 1,4 m brei og 2 m lang, bygd av jordvollar støtta opp med kavlar og med halvklovningar som taktro, med ein open eldstad i eine hjørnet.

Kjelder

Koordinater: 62.1753° N 8.6008° Ø