Kolerakyrkjegarden på Dukaneset (Tysnes)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. aug. 2018 kl. 19:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune.
Foto: Knut Rage (2017).

Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi.

Koleragravplass i utmarka

Då Tysnes vart ramma av koleraepidemien var det på vårparten, på den tida mange menn var på sjøen på "sørafiske". Det var sett ned ein "sunnhedskommisjon" noko i forkant av epidemien og i all hast innkalla til eit møte, men ettersom mange av medlemmane i kommisjonen var på fiske og meldte forfall, vart tiltak mot epidemien utsett inntil dei kom heim. Elles låg det føre skriv om tiltak frå sentrale styresmakter, og også frå distrikslegen. Det skulle visa seg at omfanget av epidemien på langt nær vart så ille som ein hadde frykta, men det var ille nok. I alt 27 menneske døydde i Tysnes prestegjeld, av desse fire born. Nokre som døydde til sjøs vart gravlagde andre stader. Ti av dei døde høyrde til Tysnes sokn, og det er desse som vart gravlagde på Dukaneset, som vart oppretta som ein gravplass under Tysnes kyrkje. Grunnen var eigd av staten, såkalla "benefiseret gods", og to bønder som eigde ein tredjepart kvar. Ingen kunne den gongen vita at epidemien gjekk over så fort som den gjorde, og med dei medisinske kunnskapane ein hadde meinte ein at det ville avgrensa smittefåra å gravleggja dei døde langt frå folk og helst i utmarka.

Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. [1] Til Dukanes måtte ein ta seg fram med båt, sjølv om det også gjekk ein mykje brukt ferdselsveg gjennom skogen eit stykke unna, sjølv om også denne var berekna på folk som kom i båt.

Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der.

Dødsfall av kolera i Tysnes prestegjeld

Porten til kyrkjegarden på Dukaneset vender ut mot sjøen og landingsplassen for gravfølgjene som kom i båt.
Foto: Knut Rage

Desse døydde av kolera i Tysnes prestegjeld (det står ikkje spesifisert i kyrkjeboka kvar dei vart gravlagd. Namna er ordna bygdevis og etter gard og bruksnr. for siste opphaldsstad):

Engel Torkelson Tornes f. 1859 (døydde ombord i eit engelsk skip)
Johannes Ivarson N. Kleppa f. 1798
Kari Andersdtr. Utlebødn f. 1791
Mikkel Mikkelson Korsnes f. 1812
Samson Samsonson L. Brottetveit f. 1788
Kari Olsdtr. Sunda f. 1807 og tre born: Ola f. 1838, Bertil f. 1844 og Brita f. 1848
Kristoffer Johannesson Søreid f. 1795
Mikkel Mikkelson Uggdal f. 1796
Johannes To f. 1800
Ola Flygansvær f. 1815
Anna Jørgendtr. Brottetveit f. 1786
Isak Olson Øvra-Hope f. 1791 (døydde på Espevær)
Hans Olson Øvra-Gjerstad f. ukjend
Johanna Kristina Johannesdtr. Lande f. 1814
Bol Johannesdtr. Natavikjo f. 1797
Brita Johannesdtr. Flygansvær f. 1785
Samson Janson Lande f. 1812
Nils Johannesson Lande f. 1809 og sonen Johannes f. 1838
Nils Nilsson Lande f. 1843
Nils Villumson Gjerstad f. 1801
Johannes Grimsland f. 1822
Anna Olina Ytra-Ve f. 1797 (døydde i Austevoll)
Kari Olsdtr. Nera-Lunde f. 1799

Referansar

  1. Martinius Tysnes: Dukanes kolerakyrkjegard. Sunnhordland Årbok 1987, s. 51.

Kjelder og litteratur

  • Martinius Tysnes: Dukanes kolerakyrkjegard. Sunnhordland Årbok 1987.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog. Band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1963.
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 1-4. Utg. Tysnes Sogelag 1986-1991.
  • Ministerialbok for Tysnes prestegjeld 1848-1859 (1223P). Arkiv: Tysnes Sokneprestembete.