Kornstad kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. feb. 2016 kl. 13:05 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornstad kyrkje
Kornstad kirkje 1. september 2008.jpg
Foto: Aldebaran (2008).
Stad: KornstadAverøya
Byggeår: 1871
Kyrkjegard: Kornstad kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkje
Bispedøme: Møre
Prosti: Ytre Nordmøre
Prestegjeld: Kvernes
Fellesråd: Averøy
Sokn: Kornstad
Arkitekt: Jacob Wilhelm Nordan
Materiale: tømmer
Sitteplassar: 340

Kornstad kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1871 på Averøya. Ho er soknekyrkje i Kornstad sokn, som tidlegare var annekssokn i Kvernes prestegjeld.

Ho vart bygd etter teikningar av Jacob Wilhelm Nordan av byggmeister Gustav O. Olsen frå Trondheim. Kostnadsramma var 3750 speciedalar. Kyrkja vart tømra i Steinkjer. Delane vart så nummerert og frakta til Kornstad, der dei vart sett saman. Den fyrste gudstenesta vart halde den 3. september 1871.

Kornstad stavkyrkje frå 1300-talet vart rive i 1871 då nykyrkja vart reist.

Kjelder

Koordinater: 62.96484° N 7.45665° Ø